Svensk-iransk forskar kan bli avretta i Iran 21. mai - men datoen kan også bli utsett

Den dødsdømte svensk-iranske forskaren Ahmadreza Djalali har sete i Evin-fengselet i Iran sidan han blei arrestert i 2016. No melder iranske styresmakter at han kan bli avretta førstkomande laurdag, men vurderer ei utsetjing. – Dette er gisseltaking og utpressing, seier Karolinska-rektor Ole Petter Ottersen.

Portrett av ein mann

DØDSDØMT: Den svensk-iranske forskaren Ahmadreza blei  dømt til døden i 2017. No planlegg Iran å avretta han den 21. mai. 

Foto: Privat

Tidlegare i ettermiddag kom det signal om at iranske styresmakter kan koma til å utsetja avrettinga, melder Dagens Nyheter.   

– Dei (Djalalis forsvararar) har bede om at avrettinga skal gjennomførast på eit anna tidspunkt, seier talspersonen Saeed Khatibzadeh på eit pressemøte, melder Dagens Nyheter.

– Det er under overveging. Domstolen kjem til å sjå nærare på saka,  seier talspersonen.

Det var i april 2016 den svensk-iranske legen og forskaren Ahmadreza Djalali blei arrestert medan han var i Iran for å leia eit kurs i katastrofemedisin. Året etter, i 2017, blei han dømt til døden skulda for spionasje. Denne veka, den 21. mai, skal han avrettast, ifylgje Dagens Nyheter, som har iranske styresmakter som kjelde.

– Vil kvela det internasjonale samarbeidet med Iran over generasjonar

Ahmadreza Djalali fekk ei forskarstilling ved Karolinska Institutet i 2008, og han tok doktorgraden i katastrofemedisin same staden i 2012.

Rektor Ole Petter Ottersen ved Karolinska Institutet er rysta over at Iran no har bestemt seg for å avretta Djalalai den 21. mai.

OVER GENERASJONAR: – Om dødsstraffa vert iverksett vil dette kvela det internasjonale samarbeidet med Iran over generasjonar – ikkje berre innan forsking, men også innan andre område, understrekar Ole Petter Ottersen, rektor ved Karolinska Institutet. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

 

 

– Forskarsamfunnet har jo kontinuerleg stått opp for Djalali og alle kanalar må no brukast for å forhindra at eit brutalt overgrep mot ein forskar, ein familiefar og hans familie blir endå meir brutalt! Om dødsstraffa no vert iverksett vil dette stå for ettertida som eit av dei mest alvorlege og kyniske angrepa nokonsinne – ikkje berre på ein forskar og hans familie – men på akademisk fridom, menneskerettar og menneskeverd, seier Ottersen. Og han held fram: 

– Om dødsstraffa vert iverksett vil dette kvela det internasjonale samarbeidet med Iran over generasjonar – ikkje berre innan forsking, men også innan andre område, understrekar Ole Petter Ottersen overfor Uniforum medan han er på jobbreise i Kenyas hovudstad Nairobi.

– Skreiv brev til Khamenei

Han viser også til at han har engasjert seg i saka til Ahmadreza Djalali også før han sjølv blei rektor ved Karolinska Insttutet.

– Som du veit har eg skrive mykje om dette, seinast i ein blogg som eg la ut laurdag rett etter demonstrasjonen for Ahmadreza Djalali på Sergels torg. Kanskje du også vet at eg skreiv et brev direkte til Khamenei medan eg framleis var rektor på UiO, rett etter at han blei arrestert i 2016, trekkjer han fram.

– Denne avrettinga må stoppast

Også dagens UiO-rektor Svein Stølen har engasjert seg i saka til Ahmadreza Djalali:

– Denne avrettinga  må stoppast, og Dr. Djalali må umiddelbart setjast fri. Han og hans familie har levd i eit mareritt dei siste seks åra.Dei er utsette for ei behandling som bryt med internasjonale standardar, her under Menneskerettserklæringa, og med prinsippa for akademisk fridom, skriv Svein Stølen i ein epost til Uniforum.

Då Ahmadreza Djalali blei arrestert i 2016 var han tilsett ved Austre Piedmont-universitetet i Novara i Nord-Italia, samtidig som han hadde fleire oppdrag i Sverige som ekspert på katastrofemedisin. Då han ikkje kom heim som planlagt, blei familien uroleg. Ei veke etterpå fekk dei vita at han sat i det berykta Evin-fengelet utanfor Teheran fordi han, ifylgje iranske styresmakter, var «eit trugsmål mot rikets tryggleik».

 I 2017 blei han dømt til døden. Seinare i iransk TV vedgjekk han at han har vore agent for den israelske etterretningstenesta Mossad. Men Ahmadreza Djalali har heile tida gjort det klart at videoen er manipulert.

Stefan Løfven møtte Irans president

Den dåverande svenske statsministeren Stefan Løfven møtte Irans president Hassan Rouhani i februar 2017. Ifylgje Dagens Nyheter sa Løfven at han hadde diskutert menneskerettar med Rouhani, men han ville ikkje seia kva som hadde blitt sagt på møtet. Eit halvt år etter møtet blei Ahmadreza Djalali dømt til døden av ein iransk domstol utan at Djalalis advokat fekk vera til stades.

Ahmadreza Djalali har sjølv sagt at grunnen til skuldingane mot han kan ha å gjera med at han nekta å utføra spionasjeoppdrag mot EU-land på vegner av Iran i 2014. «Eg er forskar, ikkje spion» skal han ha sagt til iranske styresmakter. I 2018 fekk han svensk statsborgarskap.

I Sverige bur kona Vida Mehrannia.og borna. Dei møtte kvarandre då dei begge var studentar i millionbyen Tabriz i provinsen Sør-Aserbajdsjan i Iran. I 2008 kom familien til Sverige, og då fekk Ahmadreza Djalali ein jobb som forskar ved Karolinska Institutet. I 2012 disputerte han med ei doktorgradsavhandling om korleis katastrofeberedskapen er ved svenske sjukehus samanlikna med iranske sjukehus.

Tildelt pris av Scholars at Risk

I november i fjor fekk Ahmadrez Djalali tildelt prisen “Courage to Think Award ” frå organisasjonen Scholars at Risk. Direktøren for Scholars at Risk, Robert Quinn uttalte då i ei melding på nettsida  til organisasjonen at han var uroleg over behandlinga av Ahmadreza Djalali.

– Den pågåande fengslinga, den ekstreme straffa og mishandlinga av Dr. Djalali i varetektsfengselet, burde uroa alle som er opptekne av at det skal vera mogleg for akademikarar å jobba trygt, sa Robert Quinn.

– Ingen akademikar skal risikera dødsstraff, gjennomgå soning i einecelle, og ikkje få naudsynt medisinsk behandling på grunn av det akademiske eller vitskaplege arbeidet sitt, slo han fast.

Etter kunngjøringa av prisen bad Scholars at Risk medlemsinstitusjonane sine om å be USAs regjering, dei europeiske regjeringane og EU om å krevja at Ahmadreza Djalali blei sett fri straks. Samtidig oppfordra organisasjonen dei iranske styresmaktene til å gi Ahmadreza Djalali tilgang til juridisk bistand og gi han medisinsk hjelp og løyve til å ha kontakt med familien.

Akademikarar og universitetsrektorar frå fleire land har starta ein kampanje for å hindra at Iran avrettar Ahmadreza Djalali og for å få iranske styresmakter til å setja han fri og lata han dra tilbake til familien i Sverige. Kampanjen har så langt oppnådd at Iran har utsett iverksetjinga av dødsdommen med eitt år. No har Iran sett opp ein ny dato for avretting av Ahmadreza Djalali - førstkomande laurdag 21. mai.

– Gisseltaking og utpressing

Rektor Ole Petter Ottersen ved Karolinska Institutet er ikkje redd for å bruka svært sterke ord om det som skjer i denne saka.

– Som eg skriv i min siste blogg må me kalla dette overgrepet for det det er: gisseltaking og utpressing. Me veit jo ikkje kva som går føre seg under radaren i diplomatiske kanalar. Men når representantar for det iranske regimet ser svenske og europeiske diplomatar i augene, må dei ikkje sjå noko teikn på tvil eller veikskap, dei må sjå ein fast og bestemt vilje som speglar alvoret i denne situasjonen, krev Ole Petter Ottersen.

Karolinska-rektoren oppfordrar også norske forskarar til å engasjera seg i saka til Ahmadreza Djalali.

– Det forskarar i Noreg kan gjera, er det same som no blir gjort ved mange andre lærestader rundt om i verda. Skriv til representantar for det iranske regimet og krev at Djalali vert sleppt fri og får returnera til familien sin i Sverige, seier Ole Petter Ottersen til Uniforum.

– Det hastar

I Noreg er UiO-rektor Svein Stølen også svært opptatt av å hindra den planlagde avrettinga av Ahmadreza Djalali i Irans hovudstad Teheran den 21. mai.

INNSTENDIG:–  Eg ber innstendig om at norske og svenske styresmakter engasjerer seg i denne saka. Det hastar, understrekar UiO-rektor Svein Stølen.(Arkivfoto: Ola Gamst Sæther) 

Han peikar på at Dr. Djalali er blitt nekta tilgang til advokat og til medisinsk hjelp, og som resultat slit han med fleire alvorlege helseproblem.

– På vegner av Universitetet i Oslo vil eg på det sterkaste oppfordra iranske styresmakter om å stoppa avrettinga, gi Dr. Djalali nødvendig helsehjelp og setja han fri, slik at han kan gjenforeinast med kone og to barn i Sverige. Eg ber innstendig om at norske og svenske styresmakter engasjerer seg i denne saka. Det hastar, understrekar UiO-rektor Svein Stølen.

Unforum har også prøvd å få ein kommentar frå utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap). Så langt har me ikkje lykkast med å få den norske utanriksministeren i tale. 

 

 • Les meir om Ahmadreza Djalali i Uniforum: 

Dødsdømt svensk-iransk akademikar får pris frå Scholars at Risk

Slår alarm om dødsdømt akademiker i Iran

LEIAR: Noreg må protestera mot Iran for å hindra avretting av Ahmadreza Djalali

UiO-rektor ber Iran stansa planen om å avretta Ahmadreza Djalali

Dødsdømt forsker får innvilget svensk statsborgerskap

Dødsdommen er et angrep på fri forskning

(Oppdatert klokka 17;38 med melding om mogleg ny utsetjing av avretting

 

 

 

 

Emneord: Menneskerettar, Akademisk fridom, Iran, Sverige, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 16. mai 2022 17:17 - Sist endra 16. mai 2022 17:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere