Dødsdømt svensk-iransk akademikar får pris frå Scholars at Risk

Den svensk-iranske eksperten i katastrofemedisin Ahmadreza Djalali er tildelt prisen “Courage to Think Award ” frå organisasjonen Scholars at Risk. Sidan 2016 har han sete fengsla i Iran der han i 2017 blei dømt til døden for påstått spionasje.

Portrett av ein mann

FÅR PRIS: Svensk-iranske Ahmadreza Djalali får prisen "Courage to Think Award" frå Scholars at Risk. Eksperten på katastrofemedisin er dømt til døden i Iran for påstått spionasje. Han har sete fengsla sidan han blei arrestert i 2016. 

Foto: Privat

Det var i april 2016 legen og eksperten på katastrofemedisin Ahmadreza Djalali blei arrestert i Iran. Då hadde han deltatt på fleire akademiske samlingar i det opphavlege heimlandet sitt. Teorien er at han blei arrestert og fengsla fordi han  hadde takka nei til å jobba for iransk etterretning, sjølv om det ville kosta han fridomen. Dermed skulda iranske styresmakter han for å ha spionert for ei framand makt, og i 2017 blei han dømt til døden for spionasje. 

 • Les også: Dødsdommen er et angrep på fri forskning

Var vitskapleg tilsett ved Karolinska Institutet

Ahmadreza Djalali har arbeidd som forskar i katastrofemedisin både ved Karolinska Institutet i Stockholm, ved Università del Piemonte Orientale i Italia og Vrije Universiteit Brussel i Belgia.  I desember 2020 fekk han eit stipend for å ta eit forskingsopphald ved Harvard-universitetet i USA. Stipendet blei tildelt av Scholars at Risk, organisasjonen som arbeider for forfylgde akademikarar over heile verda. Det er også den organisasjonen som no tildeler Ahmadreza Djalali prisen “Courage to Think Award”. Den skal offisielt delast ut den 9. desember, og då vil kona til Djalali, Vida Mehrannia ta imot prisen på vegner av mannen, opplyser Scholars at Risk i ei melding på sine nettsider. Kona og barna bur i Sverige, men Ahmadreza Djalali har ikkje fått løyve til å ringja verken til familien i Sverige eller i Iran frå fengselet.

– Ingen akademikar skal risikera dødsstraff

Direktøren for Scholars at Risk, Robert Quinn uttalar i meldinga på nettsida at han er uroleg over behandlinga av Ahmadreza Djalali.

– Den pågåande fengslinga, den ekstreme straffa og mishandlinga av Dr. Djalali i varetektfengselet, burde uroa alle som er opptekne av at det skal vera mogleg for akademikarar å jobba trygt, seier Robert Quinn.

– Ingen akademikar skal risikera dødsstraff, gjennomgå soning i einecelle, og ikkje få naudsynt medisinsk behandling på grunn av det akademiske eller vitskaplege arbeidet sitt, slår han fast.

Akademikarar og universitetsrektorar frå fleire land har starta ein kampanje for å hindra at Iran avrettar Ahmadreza Djalali og for å få iranske styresmakter til å setja  han fri og lata han dra tilbake til familien i Sverige. Kampanjen har så langt oppnådd at Iran har utsett iverksetjinga av dødsdommen med eitt år.

 • Les også: UiO-rektor ber Iran stansa planen om å avretta Ahmadreza Djalali

Oppfordrar USA og EU til å ta grep

Prisen “Courage to Think Award” vert delt ut 9. desember samtidig som Scholars at Risk publiserer den årlege rapporten “Free to Think 2021” om forfylging av akademikarar i land over heile verda.

Scholars at Risk ber no medlemsinstitusjonane sine om å be USAs regjering, dei europeiske regjeringane og EU om å krevja at Ahmadreza Djalali blir sett fri straks. Samtidig vil dei oppfordra dei iranske styresmaktene til å gi Ahmadreza Djalali tilgang til juridisk bistand og gi han medisinsk hjelp og løyve til å ha kontakt med familien.

 • Les meir om Ahmadreza Djalali i Uniforum: 

Slår alarm om dødsdømt akademiker i Iran

LEIAR: Noreg må protestera mot Iran for å hindra avretting av Ahmadreza Djalali

UiO-rektor ber Iran stansa planen om å avretta Ahmadreza Djalali

Dødsdømt forsker får innvilget svensk statsborgerskap

Dødsdommen er et angrep på fri forskning

Emneord: Iran, Menneskerettar, Akademisk fridom, Akademisk frihet Av Martin Toft
Publisert 10. nov. 2021 15:07 - Sist endra 10. nov. 2021 15:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere