LEIAR: Noreg må protestera mot Iran for å hindra avretting av Ahmadreza Djalali

Me reknar med at den norske regjeringa også sender ein protest til dei iranske styresmaktene for å hindra avretting av Ahmadreza Djalali.  Og at den kan oppfordra alle EU-landa til å gjera det same, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

KAN BLI AVRETTA: Det var i 2016 legen Ahmadreza Djalali blei arrestert under eit studiebesøk i det opphavlege heimlandet sitt, skulda for spionasje for Israel. No kan han bli avretta. Den norske regjeringa må protestera mot Iran, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. 

Foto: Privat

For rundt tre veker sidan blei det kjent at Iran planla å setja i verk avrettinga av den dødsdømte svensk-iranske forskaren og legen Ahmadreza Djalali. Då protestere den svenske regjeringa og  utanriksminister Ann Linde tok opp både dødsdommen og den planlagde avrettinga med Irans utanriksminister  Mohammad Javad Zarif, ifylgje  Al Jazeera.

Det var i 2016 legen Ahmadreza Djalali blei arrestert under eit studiebesøk i det opphavlege heimlandet sitt, skulda for spionasje for Israel, melder Universitetsavisa og ntb.   Djalali har heile tida nekta for påstandane, som og han meiner sjølv dei har bakgrunn i at han har avvist den iranske etterretningstenesta sitt forsøk på å verva han. 

Rektor Svein Stølen har sendt eit brev til den iranske ambassadøren i Noreg, der han omtalar arrestasjonen og fengslinga av Ahmadreza Djalali som eit åtak, ikkje berre på ein individuell forskar og familien hans, men også på heile det akademiske samfunnet og dei verdiane me deler. Stølen ber derfor ambassadøren gjera det som står i hans makt for å sikra at alle planar om å avretta Djalali straks vert stansa og at dødsdommen mot han vert oppheva. 

No er det på tide at den norske regjeringa også reagerer og syner det ved å kalla den iranske ambassadøren inn på teppet

Også tidlegare UiO-rektor og noverande rektor ved Karolinska Institutet, Ole Petter Ottersen er mellom dei som  har reagert mot både dødsdommen og den planlagde avrettinga av Ahmadreza Djalali. Det var også ved det universitetet Djalali, som er ekspert i katastrofemedisin, tok doktorgraden sin. 

– Eit ekstremt overgrep mot det akademiske samfunnet, kallar Ole Petter Ottersen dødsdommen mot Djalali skriv Dagens Nyheter. Også den europeiske universitetsorganisasjonen (EAU)har protestert.

No er det på tide at den norske regjeringa også reagerer og syner det ved å kalla den iranske ambassadøren inn på teppet til utanriksminister Ine Eriksen Søreide. Denne veka protesterte ho og regjeringa mot avrettinga av den iranske journalisten Ruhollah Zam.  Det er veldig bra, sjølv om det ikkje kan gi han livet tilbake.

Ahmadreza Djalali er framleis i live, og ein kraftig protest frå norske styresmakter saman med EU og andre land som Iran gjerne vil stå på god fot med, kan kanskje få dei iranske styresmaktene til å omgjera dommen mot Ahmadreza Djalali og hindra at han blir avretta. Kravet må vera at han kan dra tilbake til Sverige og bli foreina med familien sin der.

Det iranske regimet er brutalt og bryt heile tida menneskerettane. Samtidig kan det vera lydhøyrt for kritikk, spesielt sidan det veit at fleirtalet av iranarane både innanfor og utanfor landet foraktar regimet. Derfor er dei redde for folket, og om demokratiske og økonomisk sterke land legg endå sterkare økonomisk press på regimet, kan det vera mogleg å hindra Iran i å gjennomføra den planlagde avrettinga. Både Noreg og EU må også stå fast på at dei heller ikkje godtar verken dødsdomar, lange fengselsstraffer eller drap på menneskerettsaktivistar eller andre som har protestert mot regimet.

Slik dobbeltmoral i akademia er forkasteleg

No har europeiske universitet, Sveriges regjering, Belgia, Amnesty og Scholars at Risk protestert. Men universiteta må visa at dei meiner alvor gjennom å bryta samarbeidet med iranske universitet. Så langt har 13 svenske universitet og høgskular halde fram  og til og med forsøkt å fornya avtalane med akademiske institusjonar i Iran, sjølv om dei har protestert mot dødsdommen og den planlagde avrettinga av Ahmadreza Djalan, melder SVT, ifylgje Khrono. Slik dobbeltmoral i akademia er forkasteleg. Me reknar med at den norske regjeringa også sender ein protest til dei iranske styresmaktene. Og at den kan oppfordra alle EU-landa til å gjera det same.

 

Emneord: Iran, Menneskerettar, Akademisk fridom, Internasjonalisering Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 18. des. 2020 16:44 - Sist endra 18. des. 2020 16:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere