UiO-rektor ber Iran stansa planen om å avretta Ahmadreza Djalali

Iran må stansa planen om å avretta den svenske statsborgaren Ahmadreza Djalali og oppheva dødsdommen mot han. Det er  oppfordringa UiO-rektor Svein Stølen kjem med til den iranske ambassadøren i Noreg. 

Portrett av ein mann

DØDSDØMT I IRAN: Ahmadreza Djalali blei pågripen under eit besøk i det opphavlege heimlandet sitt  i april 2016 og sit no i ei dødscelle i det berykta Evin-fengselet i Teheran. Teikn tyder på at dei iranske styresmaktene planlegg ei avretting av han om kort tid. 

Foto: Privat
Det var tidlegare denne veka det blei kjent at den dødsdømte svenske statsborgaren Ahmadreza Djalali var blitt flytta frå den faste cella si i Evin-fengselet i Teheran til ei celle som blir brukte for fangar like før dei skal avrettast. Det kom fram i ein telefonsamtale han sjølv hadde sendt til familien sin i Sverige, der han gav uttrykk for at det var truleg siste gong dei ville høyra noko livsteikn frå han.Den meldinga kom først frå det svenske nyhendebyråret TT. 

Skulda for spionasje for Israel

Det var i 2016 legen Ahrmadreza Djalali blei arrestert under ei studiebesøk i det opphavlege heimlandet sitt, skulda for spionasje for Israel, ifylgje Universitetsavisa og ntb.   Djalali har heile tida nekta for påstandane, som og han meiner sjølv  dei har bakgrunn i at han har avvist den iranske etterretningstenesta sitt forsøk på å verva han. 

Legen Ahmadreza Djalali er ekspert på katastrofemedisin og tok doktoravhandlinga si ved Karolinska Institutet i Stockholm. Dagens rektor for Karolinska Institutet, Ole Petter Ottersen er ein av dei som er uroa for situasjonen til Djalali, går det fram av ei melding på nettsidene til Karolinska Institutet. 

– Eit ekstremt overgrep mot det akademiske samfunnet, kallar han det, skriv Dagens Nyheter.

No fylgjer UiO-rektor Svein Stølen opp i ein kraftig protest som han har formidla til dei iranske styresmaktene via Irans ambassadør i Noreg, Yousefi Alireza. 

Eit åtak på heile det akademiske samfunnet

I protesten omtalar han arrestasjonen og fengslinga av Ahmadreza Djalali som eit åtak, ikkje berre på ein individuell forskar og familien hans, men også på heile det akademiske samfunnet og dei verdiane me deler. 
 
Stølen ber derfor ambassadøren gjera det som står i hans makt for å sikra at alle planar om å avretta Djalali straks vert stansa og at dødsdommen mot han vert oppheva. 
 
Til sist ber han ambassadøren om å sikra at Djalali får ei human behandling og at han så raskt som mogleg kan venda heim til kona og barna i Sverige og halda fram med det viktige arbeidet han held på med til fordel for heile menneskeslekta. 

Den svenske utanriksministeren tok opp dødsdommen

Tysdag denne veka formidla også den svenske utanriksministeren Ann Linde at ho hadde tatt opp dødsdommen og den planlagde avrettinga av Ahmadreza Djalali med den iranske utanriksministeren Mohammad Javad Zarif, melder fjernsynsstasjonen Al Jazeera. Der går det også fram at dei iranske styresmaktene kallar dei svenske styresmaktene sin omtale av situasjonen til Djalali for "ufullstendig og ukorrekt."  Også Amnesty International og Scholars at Risk har protestert mot dødsdommen mot Ahmadreza Djalali. 
 
Dette er originalteksten i bodskapen frå rektor Svein Stølen til Irans ambassadør Yousefi Alireza. Den kan også lesast på Facebook-sida til rektoren
 
"We have been informed that dr. Ahmadreza Djalali, imprisoned in Tehran’s Evin prison, has been placed in solitary confinement with the prospect of immediate execution.
The detainment and long-term imprisonment of Ahmadreza Djalali – Swedish citizen, alumnus of Karolinska Institutet and an respected expert in disaster medicine – is an attack not only on an individual researcher and his family, but on the entire academic community and the values we share.
I have pledged Ambassador Yousefi Alireza to do everything in his power to ensure that any plans to execute Ahmadreza Djalali are immediately halted and that his death sentence is quashed.
I have urged the Ambassador personally to engage to ensure that Dr. Djalali is treated humanely and returned home to his wife and children and to his scholarly work for the benefit of mankind"
 
Emneord: Iran, Menneskerettar, Akademisk frihet Av Martin Toft
Publisert 28. nov. 2020 14:44 - Sist endra 28. nov. 2020 14:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere