Fredsprisvinner ber for fengslet akademiker i Iran

- Akademikarar i Noreg må starta ein underskriftsaksjon for reformtilhengjaren og universitetslæraren, Hasjem Aghajari, som i dag sonar ein dom på sju års fengsel for å ha kritisert tendensen til hierarkisering av shiaislam i Iran. Denne oppfordringa kjem vinnaren av Nobels fredspris, Shirin Ebadi med i eit eksklusivt intervju med Uniforum.

DEMOKRATI: - Både for menn og kvinner er det viktigaste å kjempa for at det blir demokrati i Iran, meiner fredsprisvinnar Shirin Ebadi.

Foto: Ola Sæther

Ein dag i oktober blei Shirin Ebadi brått og uventa Irans mest kjente kvinne utanfor heimlandet. Nobelkomiteens avgjerd om å gi henne fredsprisen for 2003, gjorde den 55 år gamle advokaten til verdskjendis frå ein dag til den neste. No går store delar av arbeidsdagen hennar med til å gi intervju til utanlandske og iranske journalistar. Dermed blir det mindre tid for henne til å ta seg av klientane sine.

Uniforum treff henne på advokatkontoret hennar i Nord-Teheran etter å ha venta eit par timar på at NRK og Public Broadcasting System frå USA skulle gjera seg ferdig. Medan me ventar på å koma inn til henne, blir me kjent med ei gruppe med iranske ungdomar som skal organisera ein eigen fredskonferanse for ungdom 10. desember. Dei er komne for å få tatt eit offisielt bilete av henne sidan ho skal vera det store ikonet for konferansen. Og fredsprisutdelinga skal dei overføra direkte til møtelokalet i Teheran.

Endeleg er det vår tur. Shirin Ebadi sit bak skrivepulten på kontoret sitt og ber oss stilla spørsmåla våre. Først vil ho helst svara oss på persisk gjennom ein tolk, men etter kvart tøyer ho opp og svarer oss på engelsk. Ho er svært opptatt av lagnaden til ideologen bak dei store studentdemonstrasjonane i juni i år og i fjor, reformtilhengjaren og universitetslæraren Hasjem Aghajari.

For eitt år sidan blei han dømt til døden for å ha kritisert tendensen til hierarkisering av shiaislam og etterlikningspraksisen (taqlid), som oppfordrar dei truande til å fylgja dømet frå ein religiøs autoritet. Etter store protestar både frå Iran og utlandet blei straffa omgjort til sju års fengsel.

Ber om underskriftsaksjon

- Eg meiner det er svært viktig at akademikarar utanfor Iran engasjerer seg i saka hans og set i gang ein underskriftsaksjon for å tvinga iranske styresmakter til å setja han fri. Det vil vera mykje meir effektivt om akademikarar og akademiske institusjonar tok opp saka hans enn om det var utanlandske politikarar som gjorde det, seier Shirin Ebadi til Uniforum.

- For nokre dagar sidan besøkte eg han i fengselet. Han er ein sterk,velutdanna og strålande intellektuell som straks nytta seg av høvet til å gratulera meg med Nobels fredspris. Familien hans har også vore her på kontoret og ynskt meg til lukke med prisen, fortel ho. Når det gjeld menneskerettssituasjonen i Iran, så ser ho ikkje berre mørkt på den.

- I løpet av dei siste 20 åra har det skjedd mykje positivt på det feltet i Iran. Det vil likevel ikkje seia at det ikkje finst problem i dette landet. Framleis eksisterer det ein stor grad av kjønnsdiskriminering og religiøs diskriminering. Difor krev eg og mange med meg at alle lovene som er imot menneskerettane må endrast. Det iranske folket vil nemleg ha lover som viser respekt for desse rettane.

FNs kvinnekonvensjon

- Det iranske parlamentet Majlis stemte for at Iran skulle skriva under FN-konvensjonen om kvinnerett, men det religiøse Vaktarrådet la ned veto mot dette vedtaket i august i år. Trur du at det vil vera mogleg å få Vaktarrådet til å gå inn for dette forslaget eller å pressa det til å gå inn for det?

- Eg håpar og trur at Iran vil slutta seg til den konvensjonen. Dessutan er eg overtydd om at det hjelper med press, konstaterer Ebadi, som heller ikkje ser noko motsetning mellom kvinnerettar og menneskerettar.

Blodpris

- Når du kjempar for menneskerettane, kjempar du også for rettane til barn og kvinner. Over 60 prosent av universitetsstudentane er kvinner, og verken dei eller andre kvinner vil finna seg i å fylgja lover som bryt med menneskerettane. Både familielovene og kriminallovene i Iran er kvinnediskriminerande. Framleis er det vanleg med blodpris i det iranske samfunnet, fortel Ebadi.

Eit godt døme på dette er ei sak Ebadi førte for retten tidlegare i år. Den handlar om ei 11 år gamal jente som blei valdteken og drepen av to menn. I Iran får familien til offeret utbetalt pengar - blodpris - av drapsmennene. Men dersom familien til offeret forlangar dødsstraff, må dei betala blodpris til familien til drapsmennene. Og sidan blodprisen for kvinner er halvparten av det som gjeld for menn, mottok familien til jenta 70 000 kroner i blodpris, men samtidig måtte dei ut med 140 000 kroner til familien til kvar av dei to mennene for å få utført avrettingane. På den måten måtte familien til jenta ut med meir pengar enn dei fekk i erstatning for den drepne og valdtekne dottera.

- Sidan det er så mange som ynskjer å endra desse lovene, er eg sikker på at me skal få det til, seier ho optimistisk.

- Og kva er det viktigaste menn må kjempa for i Iran?

- Både for menn og kvinner er det viktigaste å kjempa for at det blir demokrati i Iran, slår ho fast.

Den religiøst lærde iranaren og reformtilhengjaren Mojtahed Shabestari frå Universitetet i Teheran er ein av dei som har tatt menneskerettane i forsvar og meiner at det heller ikkje er nokon motsetnad mellom dei og islamsk lov eller sharia. Konklusjonen hans er at alle muslimar må akseptera FNs menneskerettserklæring slik den er. Shirin Ebadi deler synspunkta hans.

- På same måten som han er eg overtydd om at det ikkje finst nokon motsetnad mellom islam og menneskerettane, understrekar ho.

Støttar studentane

Shirin Ebadi støttar også dei iranske studentane sine demonstrasjonar.

- Eg synest det er flott at dei kjempar for å få innført meir demokrati i Iran. Og som sagt før, så er eg sikker på at det hjelper med press. Mange av studentane er frustrerte og vil gjerne ut av Iran for å studera. Til dei vil eg seia: Dra ut og ta utdanning ved dei beste universiteta, men kom tilbake til Iran og skaff dykk jobb her etterpå.

- Den 10. desember får du utdelt Nobels fredspris i Oslo. Vil du få tid til å besøka Norsk senter for menneskerettar ved Universitetet i Oslo under opphaldet ditt i Noreg?

- Det håpar eg verkeleg det blir tid til, seier ho før Uniforum får gitt henne ein CD-boks med Edvard Griegs musikk i gåve.

- Det var kjekt å få ein CD med Grieg. Han er ein av favorittkomponistane mine, seier ho spontant.
- Eg håpar å sjå dykk igjen i Oslo, er det siste ho seier til oss, før ho går inn i eit anna rom for å snakka med dei unge, iranske fredsaktivistane.

(Kjelder: Shirin Ebadi, K.Selvik og Y.Shabhibzadeh: "Sharia og menneskerettigheter", Babylon. Tidsskrift for Midtøsten og Nord-Afrika og N. Kristiansen: "Fredsprisvinner kjemper for kvinners rettigheter", Kilden, 10.10.03.)

Emneord: Iran, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 3. des. 2003 16:54 - Sist endra 28. jan. 2013 14:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere