Ber om forslag om kandidatar til UiOs menneskerettspris

I fjor var det Demenskoret med dirigent Kim Wigaard og programleiar Ingrid Gjessing Linhave som fekk UiOs menneskerettspris. – Kven det blir i år, kan du vera med på å avgjera, seier prorektor Åse Gornitzka som leier priskomiteen.

BER OM NAMN: Etterlyser namn på priskandidatar:  – For oss er det viktig at det er prisvinnarar frå heile verda, også frå Vesten. For det er ikkje berre i fattige land langt borte menneskerettane blir brotne, peikar prorektor Åse Gornitzka på.

Foto: Ola Gamst Sæther

I år er det 40 år sidan opprettinga av Leo og Lisl Eitingers fond som er utgangspunktet for det som i dag blir kalla for UiOs menneskerettspris. Den aller første prisen gjekk til menneskerettsaktivisten og humanisten Elie Wiesel i 1986. Det same året fekk han også tildelt Nobels fredspris. Prisen blir delt ut under Oslo Peace Days i desember.

UiOs menneskerettspris:

- blei starta av Lisl og Leo Eitinger gjennom etableringa av fondet som ber deira namn i 1984

- prisen er eit symbol på anerkjenninga av personleg engasjement og aktiv involvering  innanfor for ein eller fleire av menneskerettane. (Kjelde: UiO)

Dette er priskomiteen:

  • Prorektor Åse Gornitzka, komitéleiar
  • Instituttleiar Jakob Elster Norsk senter for menneskerettar
  • Visedekan Eivind Engebretsen, Det medsinske fakultetet
  • Professor Eirinn Larsen, Det humanistiske fakultetet
  • Hanne Sophie Greve, norsk jurist, tidlegare lagmann og dommar ved Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg (Kjelde:UiO)

Les meir på nettsidene til UiOs menneskerettspris.

Alle kan koma med forslag

Den 15. mars er fristen for å koma med forslag til kandidatar til årets pris.

– Me ynskjer det skal vera ein relevant pris, så me håpar folk både på og utanfor Universitetet i Oslo har gode idear til kven som bør få prisen for 2024, seier prorektor Åse Gornitzka som er leiar for priskomiteen.

Ho er glad for at ho har med seg i juryen direktøren for Norsk senter for menneskerettar Jakob Elster, visedekan Eivind Engebretsen på Det medisinske fakultetet, professor Eirin Larsen frå Det humanistiske fakultetet og Hanne Sophie Greve, tidlegare lagmann og dommar ved Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.  

– Det er juryen som går gjennom alle forslaga som kjem inn, og me kan også koma med eigne forslag til kandidatar, fortel ho.

– For oss er det viktig at det er prisvinnarar frå heile verda

I fjor var det altså Demenskoret med dirigenten Kim Wigaard og programleiar Ingrid Gjessing  Linhave som fekk UiOs menneskerettspris. Året før var det professor Andrea Petö ved Det sentraleuropeiske universitetet i Wien, som  måtte flytta frå Budapest på grunn av politisk press frå den ungarske regjeringa og statsminister Viktor Orban

– For oss er det viktig at det er prisvinnarar frå heile verda, også frå Vesten. For det er ikkje berre i fattige land langt borte menneskerettane blir brotne, peikar ho på.

Prisstiftaren Leo Eitinger var ein veldig  profilert humanist og psykiatriprofesssor.

– Prisen viser det internasjonale engasjementet som prega både Lisl og Leo Eitinger, understrekar ho.

Dei som får prisen får tildelt 10 000 euro og eit kuntsverk

Kven som får prisen, blir endeleg vedtatt av Universitetsstyret i juni.

–  Men det blir ikkje offentleg kjent før vinnaren også er blitt informert, minner Åse Gornitzka om.

 

Les meir om vinnarar av UiOs menneskrettspris: 

Demenskoret tildelt UiOs menneskerettighetspris

Menneskerettsprisvinnar: – Ver på vakt og ver modige!

Jens Petter Gitlesen fekk utdelt UiOs menneskerettspris for 2021

Marcelina Budza: – Eg ville at kvinner skulle vera med i alle delar av kaffiproduksjonen

Seyran Ates fekk overrekt UiOs menneskerettspris

Ishtar Gözaydin endeleg i  Oslo for å bli heidra som vinnar av UiOs menneskerettspris for 2017

 

 

Emneord: Menneskerettar, UiOs prisar Av Martin Toft
Publisert 8. feb. 2024 15:00

Logg inn for å kommentere