Marcelline Budza: – Eg ville at kvinner skulle vera engasjerte i alle delar av kaffiproduksjonen

I 2020 blei Marcelline Budza frå Kongo tildelt UiOs menneskerettspris. På grunn av pandemien kunne ho ikkje koma til Oslo. Det kunne ho først gjera i april i år. 

Portrett av ei kvinne inne i ein sal

KALLET MITT: – Mora mi oppfordra meg til alltid å hjelpa kvinner og kjempa for rettane deira. Derfor har det blitt kallet mitt, fortel Marcelline Budza, som blei tildelt UiOs menneskrettspris for 2020. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Ein av dei første varme dagane i vår møter Uniforum Marceline Budza (33) i Universitetets aula. Det var her ho skulle ha tatt imot UiOs menneskerettspris for 2020. Agronomen frå Kongo starta kaffikooperativet Rebuild Women’s Hope i 2013 for å hjelpa kvinner med å oppnå økonomisk sjølvstende gjennom opplæring i å bli kaffiprodusentar. Då det var klart at Marcelline Budza skulle få prisen, grunngav UiO-rektor Svein Stølen det med at ho i tillegg til å setja kvinner i stand til å ta kontroll over sine eigne liv, har jobba med å skaffa reint vatn og helsetenester.

Marcelline Budza:

- den 33 år gamle agronomen etablerte organisasjonen og selskapet Rebuild Women’s Hope i 2013 i den austlege delen av Den demokratiske republikken Kongo. Organisasjonen tilbyr billege rentefrie lån til kvinner før kaffihausten tar til,  og når kaffien er ferdig innhausta kan dei betala tilbake lånet i kontantar eller gjennom kaffibønner. Slik får kvinner eigarskap til kaffiproduksjonen.

- inntektene er blant anna tatt i bruk til å finansiera betre helsetenester og eit eige kvinnesenter som blei opna i september 2020.

- blei tildelt Robert Burns-prisen (Skottland) i 2017, Den franske republikkens menneskerettspris i i 2019 og UiOs menneskerettspris i 2020

(Kjelder: Rebuild Women’s Hope, UiO, Uniforum, Marceline Budza, Forbes India)

– Ville takka UiO for prisen og prispengane

Det var under ein tur til Monaco Marcelline Budza fann ut at ho også kunne ta ein svipptur til Oslo for å henta UiOs menneskerettspris som ho blei tildelt i 2020. Det var ein pris på 10 000 euro og eit litografi av den norske kunstnaren Frans Widerberg.

– Eg ville gjerne nytta meg av dette høvet til å takka UiO for prisen og prispengane, seier ho til Uniforum.

– Eg blei svært sint

Inne blant Munch-måleria i Aulaen fortel Marceline Budza historia om korleis kaffidyrking no har ført til eit betre og meir sjølvstendig liv for kvinnene i fjell-landsbyane på øya Idjwi midt i innsjøen Kivu i Aust-Kongo.

– Då eg først kom dit til dette området la eg merke til korleis kvinnene var sett heilt utanfor i arbeidet med kaffiproduksjon. Mennene meinte at dette var eit arbeid dei skulle ta seg av, i alle fall inntektene frå innhaustinga og marknadsføringa av kaffien. Samtidig var det kvinnene som stod bak alt arbeidet på kaffiplantasjane. Men kvinnene fekk ikkje nyta godt av dette arbeidet, og det var mange ekstra utfordringar for dei, mellom anna ei klar diskriminering, fortel Marcelline Budza.

Det ho såg fekk, ho til å reagera sterkt.

– Eg blei svært sint fordi det er eit overgrep mot kvinner. Det fekk meg til å minnast barndomen min, der faren min forlet mora mi, og let ho sitja igjen med ansvaret for meg og den yngre systera mi. Mora mi oppfordra meg derfor til alltid å hjelpa kvinner og kjempa for rettane deira. Derfor har det blitt kallet mitt. Det har også ført til at det til tider har oppstått diskusjonar mellom kvinner og menn når eg har jobba for å få kvinner til å bli sjølvstendige kaffiprodusentar. Slik begynte kampen min, fortel ho.

Derfor starta ho opp organisasjonen Rebuild Women’s Hope som altså skal hjelpa kvinner med å bli økonomisk sjølvstendige gjennom å bli kafffiprodusentar.

– Eg ville at kvinner skulle delta og vera engasjerte i alle delar av kaffiproduksjonen. Dei skulle også vera økonomisk uavhengige og kunne sørgja for at dette kom både døtrene og dei andre barna deira til gode, understrekar ho.

– Viktig at kvinnene fekk tilgang til helse

Og pengane dei tente kunne også gå til bygging av sjukehus og andre fellesprosjekt for heile landsbyen.

– For meg var det viktig at kvinnene fekk tilgang til helse. Derfor prøvde me å få kvinner inn i alle dei viktigaste stillingane i landsbyen, seier ho til Uniforum.

Marcelline Budza har også full kontroll på kor mange kvinner ho hjelper i den kommunen ho bur i.

– Akkurat no får 3056 kvinner hjelp gjennom «Rebuild Women¨s Hope. Dei har tilgang til helsetenester og til å forbetra sin eigen økonomi, fortel ho.

Sjølv er ho engasjert i arbeidet med liv og sjel.

– Eg er stolt over det arbeidet eg gjer, men eg må jobba hardt og intenst heile tida for å oppnå måla eg har for arbeidet, seier ho til Uniforum. Sidan arbeidet starta trur ho at 10 000 kvinner har fått hjelp frå organisasjonen.

 TILGANG TIL HELSE: – For meg var det viktig at kvinnene fekk tilgang til helse. Derfor prøvde me å få kvinner inn i alle dei viktigaste stillingane i landsbyen, seier Marcelline Budza. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Stolt

– I 2020 blei det kjent at du og organisasjonen du stifta Rebuilds Women¨s Hope var tildelt UiOs menneskerettspris. Korleis reagerte du då du fekk vita det?

Eg blei svært glad for å ha blitt valt. Samtidig blei eg stolt, for det gav meg også motet til å gå vidare framover med prosjektet mitt med å arbeida for kvinnerettar.

– Du har kome til Oslo fysisk for å henta prisen. Korleis har du blitt tatt imot?

– Det kom ein person og henta meg på flyplassen og tok meg med til hotellet der dei hadde lagt ei fin helsing til meg på rommet.

Prispengane har ho allereie fått overført frå Universitetet i Oslo.

– Desse pengane er brukte i arbeidet med å forbetra helsetenestene for kvinner og barn i denne regionen i Kongo. No ynskjer me å utvida tilbodet med kirurgi og gynekologiske tenester, fortel ho.

Vil vera mogleg å drikka kaffien i Oslo

– Vil det vera mogleg å få kjøpt kaffi frå dei kvinnene du hjelper i Kongo også her i landet?

– Ja, det vil vera mogleg. Og det vil hjelpa mange av desse kvinnene. Ein viktig del av prisen de betaler for kaffien vil gå til helse, og noko vil gå til det felles kvinnesenteret i kommunen, seier Marcelline Budza.


• Les meir om Marcelline Budza: 

Hun mottar UiOs menneskerettighetspris 

 

 

Emneord: UiOs priser, Menneskerettar\; Likestilling, Afrika Av Martin Toft
Publisert 23. aug. 2022 04:30 - Sist endra 26. aug. 2022 11:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere