I dag har den ungarske historikaren og kjønnsforskaren Andrea Petö (fødd i 1964) fått utdelt Universitetet i Oslos menneskerettspris. Ho er professor ved Central European University, eit universitet som måtte flytta frå Budapest til Wien på grunn av innføring av lover som gjorde det ulovleg for universitetet å utdela amerikanske universitetsgradar i Ungarn.
Andrea Petö er tildelt UiOs menneskerettspris for innatsen sin som ein uredd forsvarar av akademisk fridom og institusjonell autonomi.
Uniforum møtte henne i Professorboligen i sentrum tidlegare i dag og tok henne også med til Gamle festsal der prisutdelinga går føre seg.
– Det er eit fantastisk fint festlokale, utbryt ho, også før me går dit. For i helga fekk ho ei omvising i dei gamle universitetsbygningane i sentrum. Ho tar imot oss i ei av dei staselege stovene i Professorboligen.
– Gratulerer med tildelinga av UiOs menneskeretttspris for 2022!
– Mange takk.
– Kva vil denne prisen ha å seia for deg?
– Dette er ei viktig anerkjenning av at åtak på akademisk fridom også er ei sak som handlar om menneskerettar. Det er ikkje noko privat problem som berre går føre seg i den akademiske verda. Me får hatmeldingar og dødstrugsmål. Derfor er det ikkje akademikarane sitt private problem, men eit strukturelt problem, seier Andrea Petö.
UiOs menneskerettspris:
- blei starta av Lisl og Leo Eitinger gjennom etableringa av fondet som ber deira namn i 1984
.- prisen er eit symbol på anerkjenninga av personleg engasjement og aktiv involvering innanfor for ein eller fleire av menneskerettane.
(Kjelde: UiO)
– Høgare utdanning er blitt ei slagmark
Ho brukar språkbruk henta frå det militære om det som skjer med akademia.
– Høgare utdanning er blitt ei slagmark. Ein stad der illiberale krefter prøver å øydeleggja både produksjon og overføring av kunnskap. Denne prisen er derfor også ei viktig anerkjenning av at det finst eit nettverk av venner som overvakar situasjonen og hjelper oss når me treng det, seier Andrea Petö til Uniforum.
– Har dei også vore til hjelp for deg?
– Eg har tapt tre gonger. Først på grunn av at kjønnsstudiar er blitt fjerna frå den offisielle lista over universitetsfag i Ungarn, deretter på grunn av at Central European University måtte flytta frå Budapest til Wien, og sist på grunn av korrupsjonen i det ungarske autorisasjonssystemet, og derfor måtte eg trekkja meg frå akkrediteringskomitéen, oppsummer ho.
Men Andrea Petö set stor pris på støtta ho fekk.
– Under alle desse ulike stega fekk eg både hjelp og støtte, både gjennom private telefonsamtalar, epostar og fleire protestbrev med underskrifter som blei sende av mange fagfellar og venner. I tillegg fekk eg praktisk hjelp frå kollegaer som føreslo advokatar og kva strategi eg burde bruka, fortel ho.
– Det er verdt kampen
Derfor meiner ho UiOs menneskerettspris også anerkjenner den jobben ho gjer på andre måtar.
– Du kan snakka om det som skjer, du kan gjera motstand sjølv om du taper, slik eg gjorde tre gonger, men likevel er det verdt kampen. For det finst augneblinkar der du ikkje kan unngå å kjempa, sjølv om du veit at fiendane dine er langt mektigare enn deg, slår ho fast.
Ho meiner at det også er ei viktig lekse å læra for ulike europeiske aktørar.
– Me kan starta med Europaparlamentet, Europa-kommisjonen, ulike politikarar på parlamentsnivå og organisasjonar. Alle var makteslause då det handla om desse vondskapsfulle åtaka. Det første steget du må ta, er å finna ut kvifor du har tapt tidlegare, understrekar ho.
– Og kva er rådet ditt?
– Desse åtaka på akademisk fridom skjer ikkje berre i land som ligg langt borte frå oss. For å nytta meg av ein parafrase frå det som skjedde i 1938; det skjer på dørstokken til nesten kvar enkelt av oss. Derfor bør ein kvar akademikar vera førebudd på dette. Så må dei sjå føre seg kva åtak på infrastrukturen for høgare utdanning dei kan venta seg. Eg er viss på at du fylgjer med på det som skjer i Sverige , Italia og i Danmark. Også i Noreg har det vore åtak på retten til frie akademiske undersøkingar i samband med ideologiske problemstillingar ved å hevda at det er dei andre som er styrte av ideologi, kjenner ho til.
– Dei må ta ein djup innpust
Andrea Petö trekkjer også inn fleire område i kampen for akademisk fridom.
– Det er ein vanskeleg, kjenslevar, politisk og eksistensiell situasjon. Når det gjeld kjensler, så handlar det om at det er vanskeleg å leva vidare med det at du har blitt angrepen, også eksistensielt fordi du er ein akademikar som er avhengig av jobben din, men også intellektuelt fordi du veit at du gjer ein god jobb, understrekar ho.
Så kjem ho inn på det første rådet ho vil gi til akademikarar rundt omkring i verda.
– Det første rådet mitt er at dei må ta ein djup innpust. Så må dei sjå seg rundt og vurdera kven som er mine allierte og kven som er mine fiendar. Det har aldri vore klarare enn i dag kven som er dei gode og kven som er dei dårlege, er ho overtydd om.
– Har du noko håp om at til dømes Ungarn kan bli eit godt land for akademikarar igjen?
– Håp er ein vanskeleg venn. Eg håpar ikkje, eg arbeider. Du skal håpa at håpet er utan grunnlag. Men det finst augneblinkar når du ikkje kan gi det opp. No er me politiske immigrantar i Austerrike. Landet var veldig generøse med oss som i løpet av tre månader kunne overta eit universitet med 350 tilsette og over 1200 studentar, som flytta til Wien frå Budapest. Det må ha vore ein anstrengande situasjon for det austerrikske systemet for høgare utdanning, men dei var heile tida veldig støttande til det me kunne gjera. «Ver så snill, set i gang med å undervisa, å skriva og å tala. Visjonen vår er at det me seier og gjer skal ha noko å seia for andre. Og om me vil ta vare på verdigheita vår og driva med sjølvevaluering, må me halda fram med å gjera dette, slår ho fast.
– Studieprogrammet var fjerna
Andrea Petö snakkar først og fremst om andre akademikarar under press. Uniforum må sakte, men sikkert leia henne inn på eit spor der ho begynner å fortelja om det ho sjølv opplevde som akademikar i Ungarn.
– I Ungarn finst det ein bestemt institusjonell struktur. Så ein morgon vakna eg og fann ut at det studieprogrammet eg hadde undervist i, var fjerna frå lista over akkrediterte studieprogram. Du kan ikkje ha studentar og ikkje dela ut vitnemål utan dette. I tillegg kom Lex CEU som gjorde det ulovleg for CEU å tilby amerikanske gradstudium i Ungarn, sjølv om det var det aller beste universitetet i Ungarn, fortel ho.
Blei hengt ut som landsforrædar i den største dagsavisa
Den personlege erfaringa mi med denne strukturelle forordninga er at eg får hatmeldingar og dødstrugsmål. Det sentraleuropeiske universitetet (CEU) ville skaffa ein livvakt til meg, og sjølv om eg har hatt tankar om livvakter, så nekta eg for det. Då ville livet mitt ha blitt heilt annleis. Då ville nokon ha sete her, forklarar ho, før ho legg til.
– Heile livet mitt ville blitt øydelagt på grunn av ein slik måte å sikra tryggleiken min på. Du venjer deg til at namnet ditt og biletet av deg er på førstesida av den største dagsavisa med tittelen «Landsforrædar», konstaterer Andrea Petö.
– Det er ei parodisk anerkjenning av arbeidet me utfører
Sjølv om ho prøver å lata som om det ikkje går inn på henne, så er det noko som likevel går langt inn under huda på henne. Derfor er ho også opptatt av å tala om dette så ofte ho kan.
– Eg prøver å snakka masse om dette også til andre kollegaer. Då kollegaene mine i Danmark blei angripne, eller då ein kollega i USA fekk skifta ut vindauget sitt med skotsikkert glas på grunn av at dei frykta at ho kunne bli drepen av nokon som ville skyta henne. Dette viser at høgare utdanning er blitt eit strategisk område. Det er viktig det som skjer i klasseromma. Det er viktig kva kunnskap som blir produsert. Det er ei parodisk anerkjenning av arbeidet me utfører, tolkar ho det som.
Andrea Petö ser ein stor kontrast i høve til tidlegare tider.
– Om du for 10 eller 15 åra sidan tok ein kopp kaffi med ein akademikarkollega, ville dei seia at ingen bryr seg om oss og om det me skriv, og derfor er me ikkje viktige. I dag er situasjonen heilt forskjellig. Me er viktige, og me gjer ein skilnad. Arbeidet vårt er i sentrum av den nasjonale debatten. Då eg framleis budde i Budapest, overhøyrde eg på det faste bakeriet mitt ein samtale mellom to bygningsarbeidarar om kva kjønn eigentleg er. Så no har dette blitt populærvitskap, smiler ho.
– No har alle ei meining om dette, og derfor bør me bruka denne moglegheita som fagpersonar til å seia meiningsfulle ting, men på ein måte som er forståeleg for alle. Det er svært viktig, synest ho.
– Dei er opptekne av krafta i ideane
UiOs menneskerettsprisvinnar for 2022 ser langt lengre enn til Ungarn når det gjeld å støtta akademikarar under åtak og press. Forfylgde akademikarar i Polen, Russland, Belarus, Tyrkia og Ukraina er no med i eit nettverk ho og andre forfylgde og trakasserte akademikarar har etablert. Det heiter University of New Europe.
– No byggjer me opp ein allianse av ulike nettverk av forskarar, og me etablerer nye og uavhengige institusjonar fordi dei gir opp å endra eksisterande institusjonar. Det har skjedd i Tyrkia. Der startar dei nye studiestader og nye studieprogram, og dei er absolutt ikkje interesserte i systemet der fag er vekta etter kor viktige dei er, og dei er heller ikkje interesserte i det nyliberale materielle språket om høgare utdanning. Dei er opptekne av krafta i ideane. Det er når folk kjem saman for å drøfta idear, forandring skjer, ikkje ved å telja kor mange studiepoeng eller teljekantar ein institusjon får. Det er altså når ulike idear blir utveksla med kvarandre ting begynnar å skje. Og no er det i ferd med å bli etablert liknande akademi i Russland og i Ukraina, fortel ho entusiastisk.
Andrea Petö har meir på hjartet om nettverket University of New Europe.
– Målet er å etablera nye akademiske institusjonar både i Russland, Ukraina og Belarus og å snakka om alle desse nye utfordringane. Ei ny krise krev nye institusjonar. Sjå berre på det som har skjedd med høgare utdanning etter bestemte sosiale rørsler. Etter 1968 blei Freie Universität etablert, og The New School i USA gav ei trygg hamn til flyktningar frå Europa. CEU er også eit resultat av kollapsen til kommunismen, så eg håpar at desse nye tidene også fører til etablering av nye institusjonar som konsentrerer seg om dagens problemstillingar, og ikkje blir kvelte av rammeverket til dei gamle institusjonane.
Andrea Petö har også ein oppfordring til alle tilsette på Universitetet i Oslo:
– Ver modige for dette vil koma til dykk også, om det ikkje allereie har kome. Dette er vrient, for det er vanskeleg å oppdaga illiberale åtak. For av og til kjem dei berre krypande inn gjennom det nyliberale språket om «excellence» og styring. Bak det heile ligg det ein ideologi eller agenda om å kontrollera forsking, korleis den blir utført og kven som har rett til å utføra ulike typar forsking. Ikkje tru at dette ikkje vil koma hit, men ver på vakt og ver modige for det einaste som kan redda akademisk fridom er at folk gjer det som er rett. Å halda seg i ro og tru at dette vil gå vekk av seg sjølv, vil ikkje hjelpa, åtvarar UiOs menneskerettsprisvinnar.
• Les meir om akademisk ytringsfridom i Ungarn i Uniforum:
Ungarsk kjønnsforsker får UiOs menneskerettighetspris for 2022
Universitetet i Ungarn som måtte dra i eksil til Wien
Overlever som uavhengige forskarar utanfor den ungarske statens grep
Ungarn: Kjønnsstudium blir nedlagde medan studentar kjempar for tankefridom
Toppakademikarar trur Viktor Orbán vil vinna på nytt
Over 50 000 demonstrerte til støtte for universitet i Ungarn
Universiteter sjokkerte over Ungarn
• Les meir om tidlegare vinnararar av UiOs menneskerettspris:
Jens Petter Gitlesen fekk utdelt UiOs menneskerettspris for 2021
Marcelina Budza: – Eg ville at kvinner skulle vera med i alle delar av kaffiproduksjonen
Seyran Ates fekk overrekt UiOs menneskerettspris
Ishtar Gözaydin endeleg i Oslo for å bli heidra som vinnar av UiOs menneskerettspris for 2017
Logg inn for å kommentere