Jens Petter Gitlesen fekk utdelt UiOs menneskerettspris for 2021

To menn står på ei scene

FÅR UTDELT PRIS: Jens Petter Gitlesen får utdelt UiOs menneskerettspris frå rektor Svein Stølen. (Foto: Martin Toft)

– Det har vore ein kamp for å få anerkjent utviklingshemma som menneske med menneskerettar, Det sa Jens Petter Gitlesen i talen sin før han fekk utdelt UiOs menneskerettspris frå UiO-rektor Svein Stølen  i Universitetets aula måndag ettermiddag.  Gitlesen er tildelt prisen for det mangeårige arbeidet med å skapa rettferd i lovverk og forvaltning for utviklingshemma.  I 12 år var han også leiar for Norsk Forbund for Utviklingshemma før han gjekk av i mars i år. 

 • Les også: Mottar UiOs menneskerettighetspris: - Prisen betyr at innsatsen er blitt verdsatt

I omtalen frå UiO står det at menneskerettar er noko alle menneske har, og ikkje noko styresmakter  kan dela ut til nokon, men ikkje alle. Kampen mot slike haldningar har Jens Petter Gitlesen stått i gjennom mange år og han har tatt arbeidet fleire steg framover, skriv UiO om prisvinnaren. 

Noreg har nyleg også skrive under FN-konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD). Til no har Noreg likevel ikkje tatt den formelt inn i det norske lovverket.  

– Lova betyr lite om det ikkje er ein institusjon rundt den. Det trengst å byggja opp ein institusjon som kan ta vare på lova, sa Jens Petter Gitlesen i ein panelsamtale med blant andre SVs tidlegare stortingsrepresentant Karin Andersen. 

Etter to musikalske innslag med gitaristen Knut Reiersrud, blei Jens Petter Gitlesen kalla opp på scena for å ta imot UiOs menneskerettspris frå rektor Svein Stølen.  Då han hadde bukka og tatt imot prisen, braut det ut ein rungande applaus frå dei rundt 200 som var møtt fram i Universitetets aula. 

APPLAUS: Publikum gav ein hjarteleg applaus til Jens Petter Gitlesen etter at han hadde tatt imot UiOs menneskerettspris. På biletet er han flankert av rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka. (Foto: Martin Toft)

 

Emneord: Menneskerettar, UiOs priser
Publisert 6. des. 2021 23:06 - Sist endra 6. des. 2021 23:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere