Doktorstudent må overleva på under 3000 kroner i månaden

Først mista han tilgang til  kontoret på UiO, og så mista han deltidsjobben på grunn av koronatiltaka. Når han har betalt husleiga, har doktorkandidat Seid Mussa Ahmed 2648 kroner igjen å leva av. Statsråd Henrik Asheim vil no ta opp situasjonen til internasjonale studentar. 

Ein mann står ute med ein svær trebygning i bakgrunnen

HUSLEIGA SLUKER ALT: Doktorstipendiat Seid Mussa Ahmed opplever at husleiga på 7352 kroner sluker nesten heile stipendet på 10 000 kroner. Koronatiltaka har gjort at han har mista ekstrainntekta frå deltidsjobbar. 

Foto: Privat

For doktorstudent Seid Mussa Ahmed frå Etiopia slo koronakrisa hardt ut. For på grunn av tiltaka mot koronaviruset i Noreg, måtte han forlata stipendiatkontoret sitt på Det medisinske fakultetet på UiO, samtidig som han også mista deltidsjobbane som gav han ei ekstrainntekt i tillegg til stipendet på 10 000 kroner i månaden. 

– Utfordrande

-Så når eg og familien har betalt husleiga til SiO på 7352 kroner, vil eg ha 2648 kroner igjen å leva av, fortel han til Uniforum.  Og heime i familiehusværet til SiO får han heller ikkje den roa han treng for å kunne konsentrera seg om å skriva på doktoravhandlinga.  – Barnehagen er stengt, så dottera mi må vera heime hos meg og kona mi heile dagen. Det er svært utfordrande synest han. 

Seid Mussa Ahmed fryktar no at tidsplanen hans vil ryka.

– Det er mykje mindre effektivt å jobba heimanfrå. Før koronakrisa arbeidde eg hardt og planla å ha avhandlinga mi klar til sommaren.  No er eg uroleg og trur eg kan koma langt bak planen.  Og uvissa, frykta for infeksjonen, sosial isolering og uro over korleis familien min i Etiopia og dei mindre heldige i verda har det, stel også mykje av merksemda mi, og det gjer han bekymra. 

– Trur du at likevel vil klara å halda tidsplanen?

– Nei, Covid-19-krisa går hardt utover doktorgradsstudia mine, så derfor trur eg det blir vanskeleg å bli ferdig med doktorgradsstudia  på den tida eg hadde planlagt å gjera det.

Hadde deltidsjobbar

Sjølv om han har mindre inntekter no enn for ein månad sidan, har han dei same utgiftene. 

– Husleiga til SiO er framleis på 7352 kroner. Og sidan månadsstipendet mitt er på 10 000 kroner, er ikkje det nok pengar til å overleva. Derfor har eg subsidiert utgiftene mine med fleire deltidsjobbar. Men etter at Noreg stengte nesten heile samfunnet den 12. mars, har også desse små deltidsjobbane forsvunne, har han smerteleg erfart.  

Håpar staten kan betala husleiga

No håpar han at staten også kan gi dei ei handsrekning i ei vanskeleg tid.

– Det hadde vore fint om staten i alle fall kunne ha betalt husleiga vår til situasjonen er blitt normalisert igjen.

Heimlandet Etiopia gir han ingen økonomisk støtte.

– Nei. Det er ei misforståing blant folk i heimlandet mitt som går ut på at me som har fått eit doktorstipend i eit land i Vesten kan føra eit luksusliv. Det var ikkje sant før, og det er endå mindre sant etter at denne pandemien slo til, slår han fast. 

Seid Mussa Ahmed har også ei oppfordring til norske styresmakter. 

– Dei ber alle internasjonale studentar om å visa fram ein plan for finansiering av opphaldet i Noreg for at dei skal kunna fornya opphaldsløyvet vårt.  Dette kravet vil skapa stor uro og harde tider for oss, så lenge ikkje Utlendingsdirektoratet viser fleksibilitet og forståing for dette under Covid-19-katastrofen.

– Skulle vurdera å standardisera stipenda og betalinga

Han meiner også at norske  styresmakter bør innføra meir føreseielege ordningar for dei internasjonale studentane.

– Dei skulle vurdera å standardisera stipenda og betalinga for utanlandske Ph.d.-kandidatar, slik at me ikkje møter finansielle utfordringar både under ei krise og i normale situasjonar. Uro vil bli unngått, og det ville ha hjelpt oss til å konsentrera oss om studia våre, seier Seid Mussa Ahmed, som no er glad for at  lagnaden hans og situasjonen til andre internasjonale stipendiatar blir tatt opp i Uniforum.  

– Det er fint at eg får brukt stemma mi til å fortelja om dette, seier han.

Dei internasjonale doktor- og masterstudentane har no sett i gang ein underskriftsaksjon der dei ber regjeringa om at staten tar ansvaret for å betala husleiga deira, så lenge koronatiltaka varer. Så langt har 4640 personar støtta aksjonen.

– Det norske samfunnet har eit ansvar

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim er klar over at mange utanlandske studentar i Noreg har det tøft på grunn av koronakrisa. 

– Eg veit at mange internasjonale studentar i Noreg dessverre har det vanskeleg no. Særleg tungt er det for dei som har mista arbeidsinntekt. I den situasjonen heile verda står i no, så forventar eg at andre land forsøker å hjelpa sine studentar i utlandet, inkludert dei som studerer i Noreg, slik me gjer med våre studentar i utlandet gjennom Lånekassen. Så er det slik at det norske samfunnet likevel har eit ansvar for desse studentane. Derfor håpar eg at utdanningsinstitusjonane, studentsamskipnadene, medstudentar og andre private og ideelle aktørar viser fleksibilitet der det er mogleg, seier Henrik Asheim til Uniforum. 

– Må finna gode løysingar

Han kan heller ikkje seia at husleiga deira skal slettast.

– Eg kan ikkje lova at dei internasjonale studentane i Noreg får sletta husleiga si. Det må vera opp til den enkelte studentsamskipnad, som jo er styrt av eit studentfleirtall, å finna gode løysingar for sine medstudentar som nyttar seg av  tenestene deira, seier Asheim til Uniforum.  Men han vil gjerne møta representantar for dei internasjonale studentane.

– Eg kjem også framover til å fylgja situasjonen tett. Eg vil ta initiativ til eit møte med International students union for å lytta til deira  innspel og bekymringar  over påske.

(Uniforum vil presisera at Seid Mussa Ahmed er doktorstudent ved Institutt for helse og samfunn ved Avdeling for samfunnsmedisin og global helse. Han mottar summen på 10 000 kroner i eit stipend  som heiter "the quota scheme scholarship".  Og så må han elles finansiera opphaldet sitt med eigne inntekter eller med sparepengar. Om han hadde vore ein vanleg doktorstudent med vanleg stipendiatlønn hadde inntekta hans sjølvsagt vore myke høgare. Oppdatert 16. april 2020
 

Emneord: Koronavirus, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 8. apr. 2020 04:30 - Sist endra 16. apr. 2020 15:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere