No får koronasjuke behandling på Blindern

I dag klokka 12.00 opna feberpoliklinikken for koronasjuke i SiO Helses lokale på Blindern. – Dei tre legane fekk på kort tid fylt heile dagen med pasientar, seier bydeloverlege Bjørn Sletvold i Nordre Aker. 

Eit skilt viser vegen inn til koronaklinikken i lokala til SiO Helse

INNGANG: Dette er hovudinngangen til feberpoliklinikken for koronasjuke på Blindern. Det er altså den inngangen i Kristian Ottosens hus som vender mot Villa Eika. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var sist helg Uniforum var først ute med nyhendet om at delar av lokala til SiO Helse i Kristian Ottosens hus på Blindern skal brukast som feberpoliklinikk for koronasjuke frå bydelane Nordre Aker, Sagene og Bjerke.  

Etter mykje hardt arbeid for å få alt på plass, både skilting og datatenester, kunne klinikken opna dørene for dei første pasientane klokka 12.00 i dag.

• Les meir i Uniforum: SiO Helses lokale på Blindern vert poliklinikk for koronasjuke

– Behov for ein slik klinikk

 – Etter ein time var alle timelistene til dei tre legane våre fylte opp, opplyser bydelsoverlege Bjørn Sletvold til Uniforum.  Han meiner dette er eit godt teikn. 

– Ja, “suksessen” viser at det verkeleg er behov for ein slik klinikk, seier han.  I dag jobbar dei tre legane frå klokka 12.00 og fram til klokka 20.00.  –Og i morgon er dei på plass igjen frå klokka 12.00 for nye pasientar, slår han fast. 

 – Vil dette seia at lokala til feberpoliklinikk for koronasjuke på Blindern fungerer?

– Ja, merkinga er også tydeleg. Folk ringjer oss og finn fram. No skal me gradvis byggja den opp, understrekar han.  Førebels har han ikkje fullt oversyn over kor mange pasientar som har brukt klinikken den første dagen.

– Det får eg først rapport om i løpet av kvelden, fortel han.

Koronasmitta i Noreg:

  • 2566 smitta. Av desse er 183 rapporterte det siste døgnet frå kl. 00.00 til kl. 24.00 i går.
  • 12 dødsfall er varsla til Folkehelseinstituttet, dei døde er eldre personar.
  • Gjennomsnittsalder for dei smitta er 47.1 år, 46 prosent er kvinner og 54 prosent er menn.
  • 1279 personer er blitt smitta i Noreg, 996 personer har blitt smitta utanlands og for 291er smittestad under avklaring.
  • I Noreg er det i formiddag rapportert 70 608 personar testa for koronavirus (SARS-CoV2).
  • 212 pasientar er innlagde på sjukehus med påvist covid-19  
  • Det er totalt 62 personar som har vore eller er innlagde på intensiv med stadfesta SARS-CoV-2. Gjennomsnittsalderen av dei som er på intensiv er 59 år. 76 prosent av dei er menn (Kjelde: Folkehelseinstituttet)

Opninga utsett med ein dag

Det var på laurdag Uniforum kunne fortelja om planane om å gjera ein del av lokala til SiO Helse på Blindern om til ein feberpoliklinikk for koronasjuke frå bydelane Nordre Aker, Sagene og Bjerke.

Bydelsoverlege Bjørn Sletvold tok først kontakt med universitetsdirektør Arne Benjaminsen ved UiO og deretter etablerte dei kontakt med direktør for SiO Helse Trond Nejad-Trondsen.  Kort tid etter var avtalen i boks.  Etter planen skulle feberpoliklinikken for koronasjuke ha opna i går formiddag, men då var ikkje alt klart. Derfor blei klinikken først opna i dag klokka 12.00. 

KLAR MELDING: Skiltinga i Kristian Ottosens hus gir folk klar melding om kvar klinikken er. (Foto: Ola Sæther)

Også no etter at ein del av lokala til SiO Helse blir ein feberpoliklinikk for mogleg koronasjuke pasientar, skal studentar som har behov for hjelp straks til tannbehandling eller medisinsk behandling, framleis få det same tilbodet som før.

– Det blir laga ei sluse slik at pasientar med sannsynleg koronasmitte kan stå i ei kø og bruka ein inngang, medan studentane som skal til behandling straks hos tannlege eller fastlege, skal bruka ei anna kø og ein annan inngang, sa Bjørn Sletvold til Uniforum på laurdag.  

– Skal behandla pasientar med akutte luftvegsinfeksjonar

Og det er pasientar i risikogrupper som skal koma til poliklinikken for å bli testa eller få behandling. 

– Det handlar om behandling av pasientar i desse bydelane med akutte luftvegsinfeksjonar. Om dei skulle ha koronasmitte, er det viktig at dei ikkje tar turen innom eit legekontor eller eit helsesenter fordi dei då lett kan smitta andre pasientar, fortalde Bjørn Sletvold.til Uniforum.

Samtidig minner han alle om at folk berre er lettare forkjøla eller snufsete skal folk halda seg heime eller berre konsultera fastlegen på telefon, om dei treng sjukemelding eller annan hjelp.

– Når fastlegen konkluderer med at pasienten treng legeundersøking eller har mogleg kraftig koronainfeksjon, skal dei sendast vidare til denne feberpoliklinikken, slo han fast.

Både universitetsdirektør Arne Benjaminsen og direktør for SiO Helse, Trond  Morten Nejad-Trondsen har  overfor Uniforum uttrykt at dei er glade for at UiO og SiO kan bidra på denne måten. 

– Me er glade for å kunna bidra. Det er først og fremst Studentsamskipnaden som har stått i fremste rekkje for å få til dette, sa Arne Benjaminsen til Uniforum.  Også Nejad-Trondsen var  godt nøgd.

– Dette ser me positivt på i SiO. Som mange andre, så ynskjer også me i SiO å bidra med det me kan i den nasjonale dugnaden som no går føre seg, sa han. 

VARSEL: Også studentar som skal til SiO Helse får beskjed om kva dei skal gjera om dei trur dei har fått koronasmitte.(Foto: Ola Sæther)

 

Emneord: Koronavirus, SiO, Medisin Av Martin Toft
Publisert 24. mars 2020 17:14 - Sist endra 24. mars 2020 17:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere