Svein Stølen: – Inga oppmjuking i tilgangen til laboratoria på UiO før etter påske

Det vert ikkje noko avgrensa tilgang for stipendiatar til laboratoria før tidlegast etter påske, opplyser UiO-rektor Svein Stølen til Uniforum.

RETNINGSLINJER: – Me vil no koma med klare retningslinjer for korleis me skal forlengja kontraktane for dei som blir forseinka på grunn av koronatiltaka. Det gjeld både for stipendiatar og postdoktorar, seier UIO-rektor Svein Stølen. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Torsdag 12. mars  klokka 18.00 stengde Universitetet i Oslo alle bygningar for tilsette og studentar som eitt av fleire smitteverntiltak frå regjeringa mot koronaviruset. Rett før påske vil regjeringa gjera kjent kva smitteverntiltak som skal førast vidare.

• Les meir  i Uniforum:

Korona: Alle universitet, høgskular, skular og barnehagar i Noreg  må stengjast i to veker

Rektor Svein Stølen gjer det klart at Universitetet i Oslo vil fylgja føringane frå regjeringa. 

– Det vil ikkje skje noka oppmjuking før påske. For tida etter påske, vil det koma nye signal frå regjeringa 8. april. Det blir viktig for korleis me vil tenkja då.  Me prøver å vera litt føre var, så viss det er mogleg med avgrensa tilgang til nokre bygningar, så ser me etter korleis det då kan gjerast. Det skal både vera faglege vurderingar og samordning  på tvers av institusjonen, slår han fast overfor Uniforum.  Stølen forstår at det kan vera vanskeleg for mange no.

– Arbeider for å få til  felles retningslinjer

– Det avgrensa tilgjenget til universitetsbygningane kan vera kritisk for nokre forskingsprosjekt.  Me vil starta med å sjå på situasjonen for Ph.D.-stipendiatane. Kan me gi dei ein noko avgrensa tilgang til laboratorium og kritisk infrastruktur? For nokre vil det vera nødvendig for å ha ein eksamen eller disputas. Me arbeider for å få til felles retningslinjer med andre institusjonar, fortel han.

UiO-rektoren lovar også at dei vil koma med ei ordning for kontraktar som snart går ut.

– Me vil no koma med klare retningslinjer for korleis me skal forlengja kontraktane for dei som blir forseinka på grunn av koronatiltaka. Det gjeld både for stipendiatar og postdoktorar.  Stipendiatane skal ha ein disputas, så dei er i ein spesiell situasjon. Det vil seia at postdoktorar og forskarar kjem me tilbake til litt seinare, sier han. Og Stølen held fram: 

– Me vil snakka med andre institusjonar for å få felles retningslinjer. No har me ein dialog og har valt å bruka nokre ekstra dagar for å sikra at det er så solid som mogleg, seier han til Uniforum. 

– Ulike behov

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen trekkjer fram at situasjonen kan vera forskjellig mellom stipendiatane.

- Me ser på ulike stipendiatar som har ulike behov og som ligg ulikt an i sine løp. Og me vil bruka individuelle vurderingar, slår han fast.  Både Arne Benjaminsen og Svein Stølen ser at koronakrisa og stenginga av universitetsbygningane råkar stipendiatane på heilt forskjellige måtar.

– Kva type forseinking du får, er avhengig av kva studium du tar, peikar Svein Stølen på. 

– Nokre kan få gjort mykje i den situasjonen me er i, og kan kanskje ha ekstra gode arbeidsforhold å jobba i når dei får sitja heime og arbeida.  Andre treng tilgang til laboratorium og dei vil ha utfordringar. Nokon er tidleg og andre seint i doktorgraden, og er i ulike fasar. Det vil rett og slett seia at me lagar retningslinjer, og så vil fagleg linje gjera vurderingar.  Så er me opptatt av at me samordnar oss på tvers av fakulteta, seier han. 

UiO vil bruka endå litt meir tid på dette, men vil  koma med tydelege retningslinjer i slutten av veka.

Er det nokon som har fått dispensasjon til å koma inn for å sjå korleis det går med forskingsprosjekta sine?

– Eg har ikkje alle detaljar, men det er klart at nokre museforsøk som hadde kome veldig langt, har me valt å fullføra.  Det verkar som det er ganske tomt på campus, svarar Svein Stølen, før Arne Benjaminsen kan visa til konkrete tal.

800 brukar nøkkelkortet dagleg

–  Ja, og det blir tommare og tommare når me ser på talet på daglege nøkkelkortbrukarar. I dag var talet på 800 brukarar, medan det på ein vanleg dag før koronatiltaka blei sette i verk var 7500. Det er mange på medisin, på odontologi og mange driftsfolk og IT-folk har jobba veldig mykje i det siste.

800 DAGLEGE BRUKARAR: – Kvar dag brukar 800 tilsette nøkkelkortet sitt i bygningane til UiO, fortel universitetsdirektør Arne Benjaminsen. Det er litt over 10 prosent av dei som gjorde det før tiltaka mot koronaviruset blei innførte. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Også når det gjeld tilgang til arkiv og bibliotek prøver Universitetet i Oslo å finna fram til rutinar som skal gjera det enklare, men Svein Stølen garanterer at det skal skje utan å bryta med tiltaka som skal hindra spreiing av smitte frå koronaviruset.

– Me må finna ein sikker metode for korleis forskarar kan henta ut arkivmateriale og bøker frå biblioteket. Så kan dei finna ut om dei kan levera dette tilbake når dei spesielle tiltaka er ferdige eller om me skal ha ei mellomlagring der materialet kan stå i tre dagar før dei kan reknast som sikre. Me vurderer ei teneste som gjer det lettare å jobba heimanfrå, men som er sikker. Derfor prøver me å tenkja likt med dei andre institusjonane, understrekar han.

Ingen eksamenar i Silurveien

Universitetet i Oslo har enno ikkje tatt ei endeleg avgjerd i om dei skal kutta ut alle skuleeksamenar denne våren. 

– Det som er heilt absolutt er at det ikkje blir eksamenar i Silurveien, gjer Arne Benjaminsen hundre prosent klart. 

Både han og Svein Stølen veit at også masterstudentar opplever store utfordringar med stengde universitetsbygningar.

– Det må me ta opp seinare. Me har ei svært seriøs folkehelseproblemstilling, og Universitetet i Oslo må ta ansvar for at me held aktiviteten så låg at me ikkje bidrar til at det ikkje går så godt som det kunne gått. Slik sett held me oss dei råda og retningslinjene me får, og så ilar me langsamt, som eg føler det er rett å seia i denne situasjonen.  Me prøver å gjera dette i full semje og klokt og brukar den tida me treng for at dette skal bli gode ordningar, understrekar Svein Stølen. Han lovar meir informasjon om dette seinare denne veka.

 Arne Benjaminsen viser til at UiO no har rigga opp heile institusjonen for digital undervisning.

– No har me lagt til rette det tekniske for digital undervisning for studentane. Det handlar om å leggja inn innhald og få det til å fungera pedagogisk godt. Svein Stølen nemnde tilgjengeleggjering av materiale i samlingar og bibliotek. Oppgåva vår no er å gjera ting enklare utan at det skal gå utover dei tiltaka styresmaktene har innført  for å avgrensa smittefaren. Opplevinga vår er at heile universitetet er opptatt av å få det til, er inntrykket til Arne Benjaminsen. 

Svein Stølen trekkjer fram kor viktig det er å støtta både studentar og tilsette under koronakrisa.

– Ta tre telefonar for mykje enn tre for lite!

-No skal me prøva å hjelpa studentane så godt me kan og oppfordra dei til å halda seg aktive. Det same gjeld internt. Eg snakkar med alle dei som eg har personalansvaret for.  No gjeld det å sjå kvar enkelt kollega og medarbeidar og hjelpa til der det er utfordringar.  Mange legg no inn ein enorm innsats, og det skal dei få kreditt for, medan andre ikkje har den same moglegheita. Dei kan ha sjuke barn, sjuke foreldre og dei skal også takast vare på. Derfor kan dei ikkje leggja inn ein slik innsats som andre kan. Det å passa på kvarandre no i denne situasjonen er viktig. Det er ei hovudoppgåve for våre tilsette no å ta tre telefonar for mykje enn tre for lite, understrekar Svein Stølen.

Les om tiltaka mot koronaviruset på Universitetet i Oslo

 

Emneord: Koronavirus Av Martin Toft
Publisert 31. mars 2020 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere