Over 600 deltok på digital debatt om koronalova

Litt over 600 personar fylgde debatten om fullmaktslova eller koronalova på Det juridiske fakultetets digitale plattform i går.

Eit bilete av eit digitalt seminar, eller webinar, med deltakarane som små frimerke rundt omkring

WEBINAR: Slik ser eit webinar ut før alle deltakarane har skrudd på kameraet. Malcolm Langford er øvst i midten, Jon Wessel-Aas, lengst oppe til venstre og Hans Petter Graver lengst oppe til høgre. Kristin Bergtora Sandvik hadde ikkje slått på kameraet då biletet blei tatt. Artikkelforfattaren er nummer 2 frå venstre øvst. 

Foto: Skjermfoto

I byrjinga av førre veke blei det kjent at regjeringa saman med opposisjonen ville koma med eit forslag til fullmaktslov som ville ha gjort det mogleg for regjeringa å ta avgjerder utan vanleg stortingsbehandling, så lenge ein tredel av Stortinget ikkje ville gå imot det.

Regjeringa ville dermed ha høve til å setja til side Arbeidsmiljølova, EØS-lovene og NAV-reglar, dersom regjeringa ville finna det naudsynt. I det opphavlege forslaget skulle fullmaktslova gjelda for seks månader. 

Juristar kritiserte forslag til fullmaktslov

Jussprofessor Hans Petter Graver var blant dei juristane som åtvara mot lovforslaget. Det same gjorde jussprofessor Terje Einarsen ved Universitetet i Bergen og advokatane Jon Wessel-Aas og  Geir Lippestad. Kritikken frå juristane førte til at Det juridiske fakultetet bestemte seg for å  organisera ein debatt om den nye fullmaktslova eller koronalova måndag denne veka.

Fekk avgrensa fullmaktslova

I mellomtida blei kritikken så høgtlydande at regjeringspartia og opposisjonspartia på Stortinget bestemte seg for å ta ein ekstra runde, før dei skulle leggja fram eit endeleg forslag til fullmaktslov.

Ein av dei juridiske rådgjevarane deira var nettopp jussprofessor Hans Petter Graver. Resultatet blei ei fullmaktslov med langt fleire avgrensingar enn det opphavlege framlegget til regjeringa. Den blei vedtatt av eit samrøystes Storting sist laurdag, der eit mindretal på ein tredel av Stortinget kan stansa føreskrifter med å koma med eit skriftleg forslag om det til stortingspresidenten på vegner av ei partigruppe eller seg sjølv, før det blir sendt vidare til regjeringa. Samtidig gjeld fullmaktslova berre for ein månad og ikkje for seks månader, slik det første forslaget til regjeringa gjekk ut på. Prosedyren for mindretalsretten og resten av fullmaktslova blei formelt  vedtatt av eit samrøystes storting tidlegare i dag. Lova gir regjeringa høve til å setja til side 62 ulike lover, dersom den meiner det er behov for det. Det viser komiteinnstillinga, som altså blei samrøystes vedtatt i Stortinget tysdag 24. mars. 

– Midtvegsevaluering av koronalova

Derfor var det ein litt amputert debatt Det juridiske fakultetet kunne invitera til på sitt webinar i går formiddag.

– Det blir meir ei midtvegsevaluering av koronalova, sa jussprofessor Kristin Bergtora Sandvik. Dei andre som deltok var jussprofessor Hans Petter Graver, advokat Jon Wessel-Aas og direktør for Nasjonal institusjon for menneskerettar, Adele Matheson Mestad. Og jussprofessor Malcolm Langford var teknisk moderator og drog det heile i gong og fora panelet med spørsmål frå alle som var digitalt til stades under debatten. 

– Som ein fullsett universitetsaula

– Samla registrerte me litt over 600 deltakarar. Det vil seia at det var like mange som ein fullsett Universitetsaula, opplyser kommunikasjonssjef Steinar Hafto Myre på Det juridiske fakultetet.  Han er godt nøgd med gjennomføringa. 

– Det gjekk veldig fint, bortsett frå litt skurring på lyden enkelte gonger, konstaterer han.

Alle debattdeltakarane var også godt nøgde med at den endelege fullmaktslova gir langt mindre makt til regjeringa enn det som det første forslaget hadde. Slik meiner kommunikasjonsleiar Steinar Hafto Myre at juristane på Universitetet i Oslo verkeleg har levert.

 – Det er viktig at dei vitskaplege tilsette på UiO deltar og kjem med innspel i samfunnsdebatten. På den måten har desse jussprofessorane oppfylt intensjonane i UiOs nye strategi, Strategi 2030, tykkjer han.

– Gjekk bra

Uniforum har også vore i kontakt med deltakarane i den digitale debatten. Professor Kristin Bergtora Sandvik på Institutt for kriminologi og rettsosiologi var debattleiar og syntest det stort sett fungerte bra.

NY PLAN: – Me hadde tilpassa temaet veldig i forhold til det som opphavleg var planen - alt blei gjort om igjen laurdag med god hjelp frå PRIO og Det juridiske fakultetet, seier professor Kristin Bergtora Sandvik (Foto: Det juridiske fakultetet/UiO)

– Eg sit i praksis oppe i kameraet, som er plassert nederst og ikkje øvst på min skjerm. Det var ikkje heilt heldig. Det skurra bittelitt hos ein av deltakarane. Men elles gjekk dette bra, gir ho uttrykk for i ein epost til Uniforum.

Sandvik avslører også litt av planlegginga.

– Me hadde ein veldig detaljert kjøreplan som var avtalt med deltakarane på førehand. Dette inkluderte oppfordringar til å unngå juridisk sjargong og utilgjengeleg fagterminologi, seier ho. 

Måtte endra planane

Kristin Bergtora Sandvik fortel at ho først gjorde unna konteksten i temaet for debatten slik at dei kunne gå rett på spørsmåla:

– Malcolm og eg diskuterte løpande på chat med omsyn til kor mykje tid som stod igjen, kor mange spørsmål me kunne få frå salen og korleis innleiarane burde rokkerast, seier ho til Uniforum. Men etter at Stortinget på laurdag hadde gjort store endringar i framlegget til fullmaktslova og vedtatt den, måtte dei kasta om på planane.

– Me hadde tilpassa temaet veldig i forhold til det som opphavleg var planen - alt blei gjort om igjen laurdag med god hjelp frå PRIO og Det juridiske fakultetet, seier ho.

– Godt alternativ

Advokat Jon Wessel-Aas var også deltakar i denne digitale debatten.

– Eg synest at det fungerte utmerka. Dette er absolutt eit godt alternativ å bruka også i framtida, skriv han i  ein epost til Uniforum.

– Veldig nøgde

Jussprofessor Malcolm Langford synest også dette var ei god oppleving.

– Me var veldig nøgde med webinaret! Sjølv om det var over 600 deltakarar, var det relativt enkelt til å holde ein kort og presis debatt om eit komplekst tema med tre paneldeltakarar og ein fagleg moderator, seier han til Uniforum. 

Malcolm Langford fekk likevel eit problem.

– Men eg måtte oppgradera min versjon av Zoom over helga då eg såg interessa. Det heldt ikkje med maksimum 300!, fann han ut.

– Fekk du den kontakten og den kommunikasjonen du trengte frå deltakarane? 

– Ja. Eg fekk skriftlege spørsmål gjennom chat-funksjonen og sendte dei vidare til paneldeltakarar eller fekk lesa dei opp. Gjekk overraskande bra. Har også halde andre seminar på Zoom i dei siste to vekene og hatt munnlege spørsmål frå publikum, svarar han Uniforum i ein epost.

– Kan ha nasjonale og internasjonale seminar digitalt

Malcolm Langford vil gjerne rå Det juridiske fakultetet til å ha webinar-debattar også i tida framover.

– Absolutt! Det blei ei veldig positiv erfaring og me kunne også posta opptak relativt raskt etterpå på YouTube. Me vurderer no om vi skal endra ein stor konferanse som må avlysast til ein heildigital konferanse, fortel Malcolm Langford.

 Han har også nasjonale og internasjonale ambisjonar på vegner av webinaret.

– Det som er interessant, er at ein kan nå fleire folk med digitalt verktøy. Ein kan halda seminar for heile Noreg, og heile verda. Folk mistar ikkje tid med reising, lokalt eller internasjonalt. Det er riktig at ein mistar den fysiske delen, og litt av den menneskelege. Så ein må vurdera frå seminar til seminar kor viktig det er å vera fysisk til stades​. Men forskingsformidling blir ikkje heilt det same etter korona. Folk har skjønt muligheitene og blitt vande til dei. Og me kan minka karbonutslepp i prosessen, seier han begeistra.

Sjå opptaket av webinaret:

Korona og rettsstaten. Trenger vi fullmaktsloven? 

Emneord: Koronavirus, Jus Av Martin Toft
Publisert 24. mars 2020 23:10 - Sist endra 25. mars 2020 11:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere