Med tru på pedalkraft

For tolv år sidan tok Bjarte Aarseth initiativ til å danna ei sykkelgruppe i Bedriftsidrettslaget ved UiO. I dag har sykkelgruppa 45 medlemar og er den største gruppa i laget.

LYS: - Eg vil gjerne oppfordra alle syklistar til å bruka lys og reflekterande klede når dei syklar i vintermørkret , oppfordrar Bjarte Aarseth i sykkelgruppa til Bedriftsidrettslaget.
Foto: Martin Toft

- Og det er den desidert mest trivelege og sosiale av alle gruppene, meiner sykkelentusiast og gruppeleiar, Bjarte Aarseth. Han viser dessutan til dei mange fordelane medlemane av sykkelgruppa har.

- Me får eit enormt kontaktnett på heile universitetet. Dersom eg har problem med eit til dømes eit teikneprogram på datamaskina, veit eg at dei har det same dataprogrammet på Fysisk institutt og at eg kan få naudhjelp der, seier han. Likevel er det mest dei sosiale aktivitetane han trekkjer fram, når han reklamerer for sykkelgruppa.

- Kvar haust arrangerer me ein tur på sykkel over ei langhelg. Den siste turen var over Hardangervidda til Vestlandet og Rallarvegen tilbake, men neste gong blir det kanskje rundt på dei slake grusvegane i Rørostraktene. Det viktige er at det skal vera mogleg for dei fleste å stilla opp på desse turane, uansett form og alder, understrekar han. Han fortel også til at sykkelgruppa har andre tilbod til medlemane sine.

- Alle har høve til å reparera syklane sine sjølve eller få hjelp av andre i gruppa på sykkelverkstaden, Trøfoen på Blindern. Og dersom nokon vil delta i turritt eller konkurransar, vil sykkelgruppa betala heile startkontingenten, fortel han. Dessutan har sykkelgruppa også ein finger med i spelet når det gjeld "Sykle til jobben-"aksjonen på universitetet og sykkeldagen i juni.

- Den dagen arrangerer sykkelgruppa saman med Kultur- og velferdsutvalet. I sykkelgruppa har me også folk med som har god røynsle med å sykla Noreg på langs eller på tvers. Viss det er andre som har liknande planar, kan me hjelpa dei med å finna ut kva dei treng av oppakking, seier han. Sykkelgruppa har til vanleg ikkje faste treningstider.

- Me tar ofte kontakt med kvarandre på e-post og improviserer treningsturar når me kan. Men 16. januar startar me med spinning på ergometersyklar i Domus Athletica med ein instruktør som til dagleg arbeider på eit treningsstudio. Me håpar sjølvsagt mange vil koma dit.

- Og korleis går det med rekrutteringa?

- Folk kjem av seg sjølv. Og i desse nedgangstidene syner det seg at det blir selt fleire syklar denne hausten enn i fjor.

Emneord: Universitetspolitikk, Bedriftsidretten Av Martin Toft
Publisert 1. des. 2008 14:07 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere