Går imot flytting til Teknisk avdeling

Dei tre tilsette i Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV) går imot forslaget om å flytta dei til Teknisk avdeling. - Me vil heller bli nærare knytte til Forum for universitetshistorie eller til eitt av musea, seier dagleg leiar Bjørn Vidar Johansen. - Eg forstår ikkje kvifor dei tilsette går imot, seier styreleiar Bjarne Rogan. Saka blir avgjort av Universitetsstyret på tysdag.

UKLOKT: - Me meiner det vil vera uklokt å omorganisera MUV no, seier nestleiar Sten Morten Henningsmoen i NTL. Han støttar motstanden frå Bjørn Vidar Johansen (t.h.) og dei andre tilsette i MUV.
Foto: Ola Sæther

Heilt sidan Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV) blei oppretta i 2001, har det hatt eit eige styre, leidd av tidlegare HF-dekan, Bjarne Rogan. Museet skal formidla, ta vare på, dokumentera og bidra til auka kunnskap om universitets- og vitskapshistorie ved UiO.
I dag er museet mest synleg i form av nettstaden sin og den universitetshistoriske fotobasen.

Til no har dei tre tilsette vore samlokaliserte med Forum for universitetshistorie. Det er fleirtalet i styret for MUV som i samarbeid med Organisasjons- og personalavdelinga har lagt fram forslaget frå Universitetsdirektøren om å lata museet og dei tilsette bli ein del av Teknisk avdeling frå 1. januar 2009. Dei viser til at museet har samarbeidd nært med kunstforvaltaren og at det finst masse kompetanse på ivaretaking av gamle bygningar i Teknisk avdeling. Då fleirtalet i styret stemte for å gå inn for flytting, trekte ekstern styremedlem Vibeke Mohr seg frå styret i protest. Til dagleg er ho direktør for Oslo Museum. - Det er korrekt at eg trekte meg fordi eg var ueinig i avgjerda. MUV er eit lite museum og den viktigaste kapitalen sit i hovuda til dei tilsette. Difor bør dei ta betre omsyn til det som desse hovuda tenkjer. Dei har gjort ein strålande innsats med små ressursar, seier Vibeke Mohr til Uniforum.

Dagleg leiar Bjørn Vidar Johansen meiner forslaget frå styret ikkje har tatt omsyn til dei ynskja og behova dei tre tilsette ved museet har.

- Me har stor respekt for dei tilsette i Teknisk avdeling og den kompetansen dei har, ikkje minst på det antikvariske feltet. Men som museum arbeider Museum for universitets- og vitskapshistorie med heile UiOs historie gjennom 200 år - frå den dansk-norske politiske bakgrunnen for grunnlegginga av universitetet i 1811 til nordlysforskinga og vikingskipsutgravingar rundt hundreårsskiftet og til hendingar i vår eiga tid. Universitetsarkitektur er berre eitt av fleire område me arbeider med. Innfallsvinkelen vår er då kva universitetsbygningane kan fortelja om universitets- og vitskapshistoria på mange ulike fagfelt.

- Treng eit fagmiljø

- Men kunne det ikkje få betre rammevilkår innanfor ein stor organisasjon som Teknisk avdeling enn å vera ei eiga eining direkte underlagt Universitetsstyret?

- Så langt har me vore samlokaliserte med Forum for universitetshistorie. Det går ikkje an å overdriva den store nytten me har hatt av det.Det kan heller ikkje den daglege, uformelle kontakten me har med dei.

- Og som museum treng me å vera ein del av eit fagmiljø som representerer større og meir grunnleggjande delar av verksemda vår. For å kunna utvikla oss vidare, er me nøydde til å ha kompetanse innanfor historie, museumsfag eller informasjon. Det er sikkert ikkje mogleg å få alt på ein gong, men me treng i alle fall eitt av desse felta, understrekar Johansen. Han peikar på både universitetsmusea og Informasjonsavdelinga som andre moglege stader, der det hadde vore mogleg å få lokalisert dei tre tilsette ved museet.

Får støtte frå fagforeiningane

Nestleiar Sten Morten Henningsmoen i Tenestemannslaget ved UiO gir dei tilsette full støtte for sitt syn.

- Både NTL og Forskarforbundet meiner først og fremst at det vil vera uklokt å omorganisera Museum for universitets- og vitskapshistorie no. Dessutan er dette ei prinsipiell sak når det gjeld korleis dei tilsette sin medverknad fungerer i praksis ved Universitetet i Oslo i ulike samanhengar. Universitetsleiinga seier at det skal bli tatt omsyn til ynskja til dei tilsette. Men når argumenta og innspela våre på vegner av dei tilsette likevel ikkje er tatt til fylgje, viser det at dette berre er ein skinnprosess, meiner Henningsmoen.

NTL og dei andre fagforeiningane ved UiO går inn for at museet blir ein del av Forum for universitetshistorie, dersom styret ynskjer ei mellombels løysing fram til evalueringa av museet i 2011.

- Trist

Bjørn Vidar Johansen synest ikkje noko om at dei tilsette blir kritiserte for å gå imot flytting til Teknisk avdeling.

- Det er trist at dei tre tilsette ved Museum for universitets-og vitskapshistorie blir stempla som vanskelege i denne saka. Heile tida har me ynskt å ha ein dialog for å finna den best moglege løysinga. For oss er det aller viktigaste å vera ein del av eit fagmiljø som er så relevant som mogleg, og ved eit universitet bør det leggjast størst vekt på det faglege, tykkjer Johansen.

- Kan ikkje vera ein liten satellitt

Tidlegare HF-dekan, professor Bjarne Rogan er styreleiar for Museum for universitets- og vitskapshistorie. Han er viss på at dei tilsette på museet vil få det fint i Teknisk avdeling.

- Museet kan ikkje vera ein liten satellitt for seg sjølv slik som i dag. Det har behov for både infrastruktur og administrativ assistanse som vil gi det god kontakt med universitetsleiinga. Difor vil Teknisk avdeling bli ein fin stad å vera for dei tilsette ved museet, sidan dei også har eit miljø som er opptatt av og har interesse for antikvariske spørsmål.

VANSKELEG: - Eg har svært vanskeleg for å forstå dei faglege grunnane til at det skulle vera betre å leggja det til andre stader enn til Teknisk avdeling, seier styreleiar Bjarne Rogan.(Arkivfoto: Ola Sæther)

- Dei har også ansvaret for å driva fram arbeidet med å byggja om Observatoriet. Det blir mykje lettare for oss å vera med på planlegginga av kva Observatoriet skal innehalda, dersom Museum for universitets- og vitskapshistorie blir lagt til Teknisk avdeling. Nettstaden vår kan me arbeida med uansett kvar me er lokaliserte, peikar han på.

- Dei tilsette meiner at det vil vera betre for museet av faglege grunnar om det var saman med Forum for universitetshistorie eller eitt av universitetsmusea. Har du inga forståing for det?

- Eg har svært vanskeleg for å forstå dei faglege grunnane til at det skulle vera betre å leggja det til andre stader enn til Teknisk avdeling. Forum for universitetshistorie har meir enn nok med å bli ferdige med det store universitetshistoriske verket sitt til 2011.

- MUV er ikkje eit museum i tradisjonell meining, men har formidling av universitets- og vitskapshistorie som overordna oppgåve. Dei to universitetsmusea steller me heilt andre ting enn med universitetshistorie. Men eg ser ikkje bort frå at på lang sikt, så kan det bli naturleg å leggja museet til Kulturhistorisk museum, slår han fast.

Saka blir avgjort av Universitetsstyret på tysdag.

Emneord: Universitetshistorie, Museene Av Martin Toft
Publisert 20. nov. 2008 17:41 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere