UiO går opp elleve plassar

Harvard-universitetet i USA tar førsteplassen på 2008-rangeringa til Times Higher Educations liste over dei 200 beste universiteta i verda. Universitetet i Oslo kjem denne gongen på ein 177. plass, og går dermed elleve plassar opp samanlikna med 2007-rangeringa. Dei beste universiteta i Europa er Cambridge-universitetet og Oxford-universitetet i Storbritannia, som også kjem på tredje- og fjerdeplass på verdsplan. Det er Københavns Universitet som er best i Norden, medan UiO hamnar på ein niandeplass.

11 PLASSAR OPP: UiO går 11 plassar opp til 177. plass på Times Higher Educations liste over verdas beste universitet i 2008.
Foto: Ola Sæther

- Dette viser at Universitetet i Oslo er eit framifrå universitet i internasjonal samanheng og i ein klasse for seg i Noreg, seier rektor Geir Ellingsrud i ei pressemelding.

Det var i dag Times Higher Education publiserte 2008-rangeringa over verdas 200 beste universitet. Slett ikkje overraskande er det Harvard-universitetet i USA som nok ein gong inntar førsteplassen på lista, tett fylgd av Yale-universitetet i USA og universiteta i Cambridge og Oxford i Storbritannia.

Det første universitetet som ikkje kjem frå USA eller Storbritannia, finn me først på 16. plass. Det er Australian National University. Dessutan kjem Tokyo-universitetet på 19. plass, tre plassar betre enn ETH Zürich(Swiss Federal Institute of Technology,)i Sveits. Det er dermed det beste universitetet i Europa utanfor Storbritannia. Det beste franske universitetet, École Normale Supérieure i Paris, endar på 28. plass.

København best i Norden

I Norden er det Københavns Universitet som gjer det best med ein 48.plass, som klatrar opp 45 plassar frå 93. plassen i fjor. Dermed overtok det plassen som Nordens beste universitet frå Uppsala universitet som har gått opp åtte plassar til 63.plass på lista.

Både Aarhus Universitet, Lunds universitet, Helsingfors universitet, Danmarks Tekniske Universitet, Kungliga Tekniska høgskolan i Stockholm og Chalmers Tekniska høgskola i Göteborg får betre plasseringar enn Universitetet i Oslo på denne rangeringa, sjølv om UiO går opp elleve plassar i høve til i fjor, og altså får ein 177. plass. Det er ei tangering av plasseringa frå 2006, men langt tilbake i høve til 2005, då UiO kom på 138. plass.

- Kvalitetsheving

- Resultata viser ei reell kvalitetsheving som har gått føre seg over tid, seier Ellingsrud. Han peikar på universitetet sitt arbeid med fagleg prioritering dei siste åra, med målet om å bli eit endå tyngre forskingsuniversitet av høg internasjonal standard.

- Det er spesielt gledeleg at alle fagområda til universitetet hevdar seg på Times' lister over toppuniversitet, seier Ellingsrud. Best ut kjem samfunnsvitskap, der Universitetet i Oslo av fagfeller blir plassert på 104. plass i verda. Men UiO markerer seg også sterkt som teknologiuniversitet.

- Utfordringa framover blir å halda denne posisjonen, seier Ellingsrud.

- Styresmaktene i andre land satsar medvite på å styrkja toppinstitusjonane sine for å møta den stadig hardare internasjonale konkurransen. Alle land treng lokomotiv som kan opna dørene for mindre institusjonar og bedrifter, meiner Ellingsrud, som håpar at også den norske regjeringa vil forstå dette.

Hong Kong best i Kina

I Kina er det Hong Kong-universitet som gjer det best med ein 26. plass, medan hovudstadsuniversitetet Peking University ligg på ein 50-plass.

I Latin-Amerika er det Nasjonaluniversitetet i Mexico (UNAM) som gjer det best med ei plassering som det 150. beste universitetet i verda. To indiske universitet får også ei betre plassering enn UiO, medan det beste afrikanske universitetet, University of Cape Town i Sør-Afrika, kjem to plassar bak Universitetet i Oslo.

Fagfellevurdering viktigaste kriterium

Times Higher Education har bygd 40 prosent av vurderinga av verdas beste universitet på fagfellevurderingar frå akademikarar over heile verda.

10 prosent er basert på innspel frå arbeidsgjevarar og 20 prosent på siteringar i internasjonale fagtidsskrift. 20 prosent går på forholdet mellom talet på studentar og vitskaplege tilsette medan talet på internasjonale forskarar og studentar på institusjonen tel 5 prosent kvar i den samla vurderinga, i fylgje Times Higher Educations nettsider.

(Oppdatert kl. 11.50)

Emneord: Rangering, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 9. okt. 2008 10:43 - Sist endra 10. des. 2008 16:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere