Sel gjerne Sogn videregående til UiO

- Tanken om å lata UiO overta Sogn videregående skole er god, men det må bli til marknadspris, og ikkje for éi krone, seier byrådsleiar Erling Lae i Oslo til Uniforum.

STUDENTBUSTADER: UiO og SiO vil gjerne byggja studentbustader på tomta til Sogn videregående skole.
Foto: Martin Toft

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og SiO-direktør Lisbeth Dyrberg kom i førre nummer av Uniforum med eit utspel til Oslo kommune om at dei kunne kjøpa Sogn videregående skole for éi krone.

Dei meinte at det var rett og rimeleg at UiO og Studentsamskipnaden i Oslo kunne få det same tilbodet for ei kommunal tomt som Vålerenga idrettsforening fekk. Viss dei får tak i tomta, er det meininga å byggja tusen studentbustader der. Byrådsleiar Erling Lae synest ideen om å lata mellom anna UiO overta Sogn videregående skole, er god.

- Det vil vera fint for UiO å kunna overta den tomta, sidan den naturleg heng saman med heile området frå Blindern, Forskingsparken og Rikshospitalet. Men Oslo kommune kan ikkje finansiera byggjeprosjekt som den "fattige" staten har ansvaret for. Difor kan me sjølvsagt ikkje selja tomta for éi krone.

- Kvifor ikkje?

- Dei pengane som me får inn for eit sal av Sogn videregående skole, skal finansiera bygginga av to nye vidaregåande skular for dei elevane som elles ville ha gått på Sogn. Difor synest eg nok at UiO og SiO heller bør få statsråd Tora Aasland og Kunnskapsdepartementet til å løyva dei pengane som skal til for å kunna overta den aktuelle tomta.

- Så UiO og SiO vil ikkje få det same tilbodet som Vålerenga idrettsforening fekk?

- Vålerenga idrettsforening har enno ikkje formelt overtatt tomta på Valle. Oslo kommune må uansett selja Sogn videregående til marknadspris, elles vil me ikkje få råd til å byggja dei skulane som skal erstatta Sogn videregående, understrekar Erling Lae.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 2. sep. 2008 16:08 - Sist endra 10. des. 2008 15:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere