- Grov undervurdering av dei tilsette

- Universitetsleiinga har underkommunisert dei økonomiske og personalrelaterte konsekvensane av den faglege prioriteringa for å unngå at dei tilsette skal forstå kva som vil skje med dei. Dette er ei grov undervurdering av dei tilsette, seier NTL-leiar Ellen Dalen til Uniforum. Viserektor Inga Bostad lovar at desse konsekvensane skal koma med i prosessen no.

AVMAKT: - Dei tilsette får ei kjensle av avmakt når det gjeld måten avgjerder blir tatt på ved UiO, meiner NTL-leiar Ellen Dalen.
Foto: Martin Toft

Den 14. oktober vil Universitetsstyret banka endeleg gjennom ei avgjerd om å gjennomføra og setja i verk forslaga i den faglege prioriteringa ved UiO i løpet av 2009. Då vil Universitetsstyret ha fått inn alle høyringsfråsegnene frå fakultetsstyra og styra for dei andre einingane, og så vil dei sy dei saman til eit felles dokument over kva fagområde UiO skal satsa på i åra framover.

Ellen Dalen er leiar for Tenestemannslaget ved UiO, og ho er slett ikkje nøgd med måten universitetsleiinga har gått fram på for å få støtte for denne prioriteringsprosessen.

- Avmakt

- Den blei starta med den føresetnaden at prosessen ikkje skulle gi økonomiske eller personalmessige fylgjer. Ingenting skulle prioriterast ned, det var berre snakk om å prioritera opp. Nokre av dei tilsette trudde for til for få månader sidan at formålet med dette arbeidet var å laga ein felles kommunikasjonsstrategi for UiO, slik at me kunne fortelja omverda kva område me var gode på.

- No er det klart at det får konsekvensar for fagdimensjonering og økonomien, og det fører til at dei tilsette får ei kjensle av avmakt når det gjeld måten avgjerder blir tatt på ved UiO, meiner Ellen Dalen.

NTL er ganske fortørna over at ingen av fagforeiningane fekk alle papira på bordet, før Universitetstyret diskuterte dei faglege prioriteringane på det siste styremøtet.

- Då var det berre enkeltark med forslag til vedtak som var tilgjengelege for alle på førehand. Delar av saksdokumenta blei for første gong lagde fram for styremedlemane på styremøtet. Difor meiner me at det heller burde ha vore ei orienteringssak i staden for ei vedtakssak. Men det synspunktet fekk me ikkje støtte for, fortel Dalen.

Ho viser til at mange ting tyder på at prosessen ikkje berre vil få økonomiske, men også personalmessige fylgjer.

- Det er sendt ut eit hefte frå Organisasjons- og personalavdelinga som handlar om omstilling, blant anna om sluttpakkar og tidlegpensjon. Tidspunktet for dette er kanskje tilfeldig, men det skjer samtidig som fageiningane lurer på korleis dei skal gjennomføra resultata frå den faglege prioriteringa. Universitetsstyret snakkar om faglege prioriteringar som om ein kan gjera endringar i fagaktiviteten utan at det har noko med personalet å gjera, seier ho.

- Må finna eksistensminimum

For NTL er det viktig at universitetsleiinga byrjar å sjå på prioriteringane sine i ein heilt annan ende. Dei må sjå på kva element som må vera med for at det skal vera mogleg å driva med forsking.

- UiO må finna ut kva som er eksistensminimum når det gjeld økonomi og støttepersonell for vitskaplege stillingar, både for einskildforskarar og forskargrupper. Nokre institutt har ikkje ein gong nok pengar til å dekkja eigne lønningar. Det vil vera svært vanskeleg å spara inn ressursar på desse institutta for å kanalisera midlane til prioriterte område.

- Difor må universitetet bestemma seg for rekkjefylgja på iverksetjinga av prosessen. Det vil ikkje vera særleg lurt å starta omrokkeringa av ressursar før ein har tatt diskusjonane om eksistensminimumet, konstaterer Ellen Dalen.

NTL-leiaren har lagt merke til at den nye HR-direktøren og Organisasjons- og personalavdelinga tar tak i saka.

- Det er bra, for det er mykje tapt tid å henta igjen når me ser på kor langt saka har kome i enkelte fagmiljø, understrekar ho.

- Vil få fram konsekvensane

- Viserektor Inga Bostad, kva kommentar har du til synspunktet frå NTL-leiar Ellen Dalen om at universitetsleiinga har underkommunisert dei økonomiske og personalmessige konsekvensane av prosess faglege prioritering?

- Grunnlaget for å gjennomføra ein prosess for faglege prioriteringar har vore at det er fagmiljøa sjølve som skulle tenkja gjennom og argumentera for kvar dei er sterke og kvar dei ynskjer å vera sterke, altså eit utviklingsperspektiv.

- Me trur det har vore naudsynt å tenkja over kvar ein ynskjer å veksa og kva som skal prioriterast, før me i neste fase no må sjå på korleis dette kan gjennomførast og kva det vil ha å seia for dei ulike miljøa.

- I denne fasen me er i no, så vil det vera avgjerande at dei økonomiske og personalrelaterte konsekvensane kjem fram i lyset og blir tatt omsyn til på best mogleg måte. Men det har altså ikkje vore grunnlag for å gjera dette før i denne fasen.

- Vil iverksetjinga av konklusjonane i denne prosessen føra til at nokre fag blir nedprioriterte og eventuelt avvikla?

- Kva som er eit fag er ikkje eintydig, og heller ikkje kva ei nedprioritering skulle innebera. Når det er sagt, skal det enkelte fakultet, senter og museum sjølv ha ulike modellar for korleis prioriteringane skal slå ut.

- Me må hugsa på at faglege prioriteringar har ein fleksibilitet ved seg, det som mange finn viktig i dag, kan sjå annleis ut om 5 til 10 år. Det gode me har lært av denne prosessen, er etter mitt syn, at me har fått eit større medvit om korleis me argumenterer og prioriterer forsking og utdanning.

- Kvifor blei delar av saksdokumenta ikkje lagde fram før på styremøtet, sist den faglege prioriteringa blei handsama i Universitetsstyret?

- På det siste styremøtet hadde me ein god diskusjon om korleis me skal gjennomføra faglege prioriteringar og som ei innleiing til dette heldt administrasjonen ein kort presentasjon.

- Korleis vil universitetsleiinga informera dei tilsette om prosessen framover?

- Me har over lengre tid informert om prosessen gjennom det månadlege nyhendebrevet, og det er no viktig at me har ein open dialog med universitetssamfunnet om dette, seier fungerande rektor Inga Bostad.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 25. sep. 2008 13:39 - Sist endra 10. des. 2008 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere