Den første moderne grammatikken i ossetisk

UiO-forskaren og islendingen Fridrik Thordarson var ein av verdas fremste ekspertar på kaukasiske og iranske språk. Georgisk og ossetisk var dei to språka han var mest oppteken av. Tre år etter at han døydde får det ossetiske folket ei gåve: Den aller første moderne grammatikken i ossetisk, "Ossetic Grammatical Studies".

PÅ TUR: Fridrik Thordarson på tur i den greske fjellheimen. (Foto: Dag Truslew Haug)

Det er forlaget til Universitetet i Wien som gir ut Fridrik Thordarsons grammatikk i ossetisk, medan lingvisten Sonja Fritz frå Universitetet i Frankfurt har redigert livsverket hans og klart å få gi det ut i bokform.

Planen er at verdas første moderne grammatikk i ossetisk skal publiserast rundt juletider i år. Dermed får det ossetiske folket sitt eige moderne skriftspråk i julegåve, tre år etter at forfattaren av grammatikken, Fridrik Thordarson døydde i 2005, 77 år gammal. Då var han rekna som ein av verdas fremste spesialistar på kaukasiske språk. "Likevel var det interessa hans for dei iranske språka som var den store lidenskapen hans", skriv tidlegare HF-dekan Even Hovdhaugen i minnetalen sin over Fridrik Thordarson.

Verdas første moderne grammatikk i ossetisk blir også ein bauta over forskingsarbeidet til Fridrik Thordarson, meiner dei som kjende han.

Ekspert på ossetisk

I forordet til grammatikken skriv Sonja Fritz at han vil vera på toppen av lista over dei viktigaste kjennarane av det ossetiske språket, saman med Vsevolod Miller og Vasilij Abaev. Dei har klart å få den nesten ukjende fortida til det ossetiske folket fram i lyset ved å bruka ein etymologisk rekonstruksjon.

"In this respect, the author of the "Ossetic Grammatical Studies" has to be seen on top of the line of the great Ossetologists of the last 150 years, such as Vsevolod Miller or Vasilij Abaev, who helped to illuminate the almost unknown past of the Ossetes by means of etymological reconstruction". (Sonja Fritz: Some short remarks on Fridrik Thordarson´s "Ossetic Grammatical Studies.)

Ho meiner også at dette blir den første grammatikken i ossetisk som tar med resultata av moderne forsking på indoeuropeiske og kaukasiske språk. Ifylgje Even Hovdhaugen hadde Fridrik Thordarson eit klart mål med iranskstudiane sine. Det var studiet av ossetarane og språket deira. Dei var eit fjellfolk i Kaukasus, som ein rekna med hadde eit samband med alanarane frå folkevandringstida og forfedrane deira, skytarane.

Nyleg brukte det vitskaplege tidsskriftet "The Journal of Alanic-Ossetic Studies: Nartamongæ" eit heilt nummer til å skriva om den forskinga Thordarson har gjort på ossetisk og andre gamle iranske språk, som til dømes alavitisk. Det blir gitt ut av The Abaev Centre for Scytho-Alanic Studies.

Inspirerte

Ein av dei som er blitt inspirert av Fridrik Thordarson, er førsteamanuensis i klassiske språk, Dag Truslew Haug.

- Eg hugsar godt dei første forelesingane med han i klassiske språk. Då spurde han først om me kunne latin. Nokre få av oss, svarte ja. Før de kan læra latin, må de kunna gresk. "Kan nokon av dykk gresk?" spurde han. Då var det endå færre som svara ja. "Men før de kan læra gresk, må de kunna sanskrit. Er det nokon av dykk som kan det?" Det var det ingen av oss som kunne. Men dei få av oss som valde å studera det, blei lingvistar, minnest Haug.

Han synest det er fantastisk flott at forskingsarbeidet som Thordarson gjorde på det ossetiske språket, no kjem ut i bokform.

- Den vil vera utruleg viktig for den vidare forskinga på det ossetiske språket. På grunn av konflikten mellom Georgia og Sør-Ossetia er det ikkje lenger mogleg for forskarar å koma inn i dette området. Med tanke på den konflikten, er det interessant å notera seg av det var nettopp språka til desse to folka, ossetisk og georgisk, som var Fridrik Thordarsons store kjærleik. Det var desse språka han brende for.

- Diverre var det ikkje mogleg å få jobb på universitetet med berre desse språka som spesialfelt. Difor blei han tilsett som førsteamanuensis i klassiske språk. Me møtte han difor første gong som forelesar i gresk og latin. Ved sida av arrangerte han private lesegrupper i meir eksotiske språk for alle dei studentane som var interesserte i det, fortel Truslew Haug.

- Han kunne lesa og tala språk som me knapt visste eksisterte. Eitt av dei var avestisk, som er språket i ein gammal iransk tekst som heiter Aveda. Den blei skriven 800-900 år før Kristus, og forfattaren sjølv seier at han er Zarathustra, grunnleggjaren av den iranske religionen, zoroastrismen, legg han til.

Fridrik Thordarson kom frå Island, der han er berømt for omsetjingane sine av Daphnis og Chloe og utvalde tekstar av Thucydides. Men korleis hamna han på UiO?

- UiO var verdsleiande

- Det er viktig å vera klar over at UiO var verdsleiande på forskinga på kaukasiske og indoeuropeiske språk på den tida. Difor fylgde han opp tradisjonen frå Georg Munthe von Morgenstierne og dei andre lingviststjernene ved universitetet på 1950- og 1960-talet. Dei var alle svært opptatt av å gjera feltstudiar blant folka som talte det språket dei forska på, fortel Haug.

Ifylgje Fridrik Thordarsons enke, Kirsten Schack Abrahamsen, budde han saman med folk i slummen i Sør-Ossetias hovudstad, Tshinkinvali, då han samla inn materialet til den moderne grammatikken i ossetisk.

Haug synest den moderne grammatikken i ossetisk blir eit fint vitnemål om forskinga til Fridrik Thordarson.

- Når boka kjem ut, vil arbeidet hans koma skikkeleg fram i lyset. Det fortener han, for det var han som inspirerte oss til å byrja på språkvitskap, seier Haug.

(Kjelder: Dag Truslew Haug, Even Hovdhaugens tale ved Fridrik Thordarsons bisettelse 11. oktober 2005, Sonja Fritz "Some short remarks on Fridrik Thordarson's "Ossetic Grammatical Studies", Kirsten Schack Abrahamsen og "Festschrift for Fridrik Thordarson", ed. Dag Haug and Eirik Welo, Novus forlag)

Emneord: Forskning, Lingvistikk, Georgia Av Martin Toft
Publisert 8. sep. 2008 09:20 - Sist endra 10. des. 2008 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere