Vil ha bort Kontrollutvalet

Dei eksterne styremedlemane Egil Myklebust og Paul Chaffey og ekstern varamedlem Øystein Olsen utgjer Kontrollutvalet ved Universitetet i Oslo. No foreslår universitetsdirektøren at Kontrollutvalet blir ført vidare ut valperioden for det sitjande styret. Det får alle fagforeiningane til å sjå raudt, og dei stiller no spørsmål ved om opprettinga og vidareføringa av Kontrollutvalet er lovleg.

UT AV BALANSE: NTL-leiar Ellen Dalen og dei andre fagforeiningsleiiarane fryktar at maktfordelinga i styret kjem ut av balanse dersom Kontrollutvalet blir vidareført.
Foto: Ola Sæther

Kontrollutvalet blei oppretta av Universitetsstyret 2. mai i fjor, for å sikra at rekneskapen for 2007 blei godkjend og for å fylgja opp innføringa av det nye personal- og lønnssystemet POLS.

Bakgrunnen var den store uvissa som den gongen var knytt til om rekneskapen for 2006 ville bli godkjend av Riksrevisjonen. Det skulle også fylgja opp innføringa av andre planlagde IT-løysingar.

I sakspapira går det fram at universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe har opplevd Kontrollutvalet som eit svært konstruktivt organ i arbeidet med å få godkjend rekneskapen for 2007.

Det blir også lagt vekt på at arbeidet til Kontrollutvalet har ført til ei betre saksførebuing til styret og det har også gitt gode tilbakemeldingar til Kunnskapsdepartementet.
Dessutan har det etablert ein god dialog med Riksrevisjonen, går det fram av sakspapira til Universitetsstyret.

Difor går universitetsdirektøren inn for at styret vedtar å forlengja funksjonen til Kontrollutvalet ut valperioden for det sitjande styret. Medan universitetsdirektøren skal møta fast på møta, skal ein av medarbeidarane til Eining for intern revisjon fungera som sekretær for Kontrollutvalet.

- Maktfordelinga kjem ut av balanse

I ein felles kommentar kritiserer dei tillitsvalde i Norsk Tenestemannslag, Forskarforbundet, Parat og Akademikarane sterkt forslaget om å halda fram med Kontrollutvalet. Dei reagerer sterkast på at det berre er to av dei faste eksterne styremedlemane og ein av dei eksterne vararepresentantane som sit i Kontrollutvalet.

- Når desse tre representantane frå Universitetsstyret aktivt og systematisk blir brukte i saksførebuingane, kjem maktfordelinga i styret ut av balanse. I dag har inga gruppe i styret fleirtal åleine. Studentane må til dømes inngå ein allianse med representantane for dei tilsette eller dei eksterne for å få fleirtal for ei sak i styret. No vil dei eksterne styremedlemane både ha deltatt i saksførebuingane og sitja i Universitetsstyret når saka skal handsamast i styret, peikar NTL-leiar Ellen Dalen på.

Ho viser til at dei tre medlemane i Kontrollutvalet skal delta i førebuingar av alle saker som kan påverka godkjenninga av UiOs rekneskap.

- Alle fagforeiningane meiner at både styring av verksemda, eksternfinansierte forhold og innkjøp handlar om forhold som det er viktig at styret sjølv handsamar. IT-system handlar i hovudsak om rutinar rundt primærverksemda til UiO. Det vil seia at det handlar om korleis UiO skal styrast og kva arbeidskvardag dei tilsette skal ha. Dette synest me det er viktig at UiOs styre har eit godt grep om og ikkje overlet det til enkelte styremedlemar, seier Ellen Dalen.

- Redningsplanke

Ho får sterkt støtte frå styremedlem Ulrik Sverdrup i NTL.

- Styret brukte opprettinga av Kontrollutvalet som ein redningsplanke i ein kritisk periode for innføringa av det nye personal- og lønnssystemet POLS. Den reelle redningsplanken var det ekstraordinære arbeidet som alle dei tilsette ved UiO hadde gjort. Sidan Kontrollutvalet ikkje har lagt fram referat frå møta sine, veit me heller ikkje kva det eigentleg har gjort. For oss er dette eit nytt teikn på avdemokratiseringa av Universitetet i Oslo, slår Sverdrup fast.

Både Ellen Dalen og Ulrik Sverdrup deler oppfatninga til alle dei andre fagforeiningane om at det ikkje ser ut til at det skulle vera noko problem for UiO å få godkjent rekneskapen for 2008.

- Det blir jobba med forbetring i rutinar, og universitetsdirektøren har ein stor og kompetent stab til å utføra desse oppgåvene. I løpet av dei siste åra har IT-sida blitt styrkt med ein eigen direktør for informasjonssystem og ei styringsgruppe for innføring av informasjonssystem. Dersom desse og resten av administrasjonen ikkje har nok kompetanse til å leggja fram saker for Universitetsstyret, må kompetansen styrkjast på permanent basis, meiner Dalen og Sverdrup til liks med representantane frå dei andre fagforeiningane.

Dei ser også med kritiske auge på at Kontrollutvalet vil få uavgrensa tilgang til informasjon, personalressursar og økonomiske ressursar.

- Innføring av nye IT-system har kosta UiO fleire hundretals millionar kroner, og me meiner at vidare forbruk skal vurderast på lik linje med andre kostnader ved UiO, seier Ellen Dalen og Ulrik Sverdrup.

Jussprofessorar konkluderer ulikt

Også jussprofessor Henning Jakhelln ved UiO er kritisk til forslaget om å vidareføra Kontrollutvalet. I ei vurdering han har gjort for NTL, legg han fram dette synet:

"Eg er generelt kritisk til dette, og eg er skeptisk til kor lovleg samansetjinga av Kontrollutvalet er."

Jussprofessor Jan Fridtjof Bernt ved Universitetet i Bergen er derimot ikkje like skeptisk.

- Så vidt eg kan sjå, er det ikkje noko avgjerande rettsleg innvending mot at styret etablerer eit slikt underutval til å førebu saker for seg. Kor vidt det er klokt å prøva å "avpolitisera" desse sakene ved å berre nytta eksterne medlemar i denne funksjonen, kan nok diskuterast. Men dette er det Styrets ansvar å vurdera. Universitets- og høgskulelova bind ikkje handlefridomen til styret her, seier Bernt til Uniforum.

Kritisk studentrepresentant

Ei rundspørjing Uniforum har gjort til fleirtalet av medlemane i Universitetsstyret, viser at nokon framleis er skeptiske, medan andre enno ikkje har konkludert.

Studentrepresentant Thomas Tallaksen er den einaste som står fram og lovar å gå imot å føra vidare Kontrollutvalet.

- Eg ynskjer ikkje ei vidareføring av Kontrollutvalet, fordi det blei sett ned i ein ekstraordinær situasjon. No er det viktig og rett å lyfta dette arbeidet inn i styret igjen. Det er uheldig at ein permanent har eit utval med berre nokre få av styret sine medlemar, som er tyngre inne i prosessane og har tettare kjennskap til dei enn resten av styret, meiner Tallaksen.

Også styremedlem Kristian Mollestad er skeptisk, men han har enno ikkje konkludert.

- Det er uheldig at resten av styret opplever at det ikkje lenger har ansvaret for rekneskapen, konstaterer han.

Ekstern styremedlem Grete Berget har heller ikkje konkludert. Styremedlem Nils Damm Christophersen ventar med å ta stilling til saka kjem opp i styremøtet. Ekstern styremedlem Boel Flodgren er jussprofessor ved Lunds universitet, og var ein av dei som var mest skeptiske då Kontrollutvalet blei oppretta i mai i fjor.

- Eg tykkjer at Kontrollutvalet har oppfylt ei viktig oppgåve og gjort det på ein svært bra måte som ein del av styret sitt arbeid. Så eg er meir positiv no, seier Flodgren til Uniforum.

Derimot er styremedlem Johanne Sundby svært skeptisk til å vidareføra Kontrollutvalet.

- Ja, eg er kritisk - ikkje til å oppretta det som ei kriseløysing, då me gjorde det, men til å opprettholda det som eit meir permanent organ. Eg tenkjer at saksførebuing til styret ikkje skal utførast av nokre styremedlemar på permanent basis, og dersom UIOs leiing treng eit "hjelp til forvaltnings-" organ, kan dei oppretta det, men ikkje som eit underorgan i styret, seier Sundby til Uniforum. Ho har også full tillit til arbeidet som er blitt gjort av medlemane i Konrollutvalet så langt.

I styrepapira går det også fram at rektor Geir Ellingsrud ynskjer å lytta til synspunkta frå styret i denne saka, før han konkluderer.

Saka kjem opp til handsaming bak stengde dører i Universitetsstyret tysdag 17. juni.

(Oppdatert: kl. 18:07)

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. juni 2008 14:38 - Sist endra 10. des. 2008 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere