Protesterer mot innføring av internhusleige

Fagforeiningane går til eit samla åtak mot forslaget frå universitetsdirektøren om å innføra internhusleige som ein del av den nye interne finansieringsmodellen. Dei meiner at det største problemet ved UiO er at dei fleste lokale einingar verken har nok pengar eller nok areal. No ber dei rektor Geir Ellingsrud om å halda fast på den tidlegare motstanden sin mot internhusleige når saka kjem opp i Universitetsstyret tysdag 17. juni.

KONTOR FÅR PRISLAPP: Tysdag 17. juni avgjer Universitetsstyret om UiO skal innføra internhusleige.
Foto: Ola Sæther

Det er i forslaget til ny intern finansieringsmodell, spørsmålet om innføring av internhusleige igjen kjem opp i full breidde. I dag fungerer arealdisponeringa ved UiO slik at fakulteta, institutta og avdelingane er blitt tildelte ein sum lik den summen det er rekna ut at dei må betala inn til Teknisk avdeling. Det skjer gjennom budsjettfordelinga.

Skal gi større handlingsrom

I fylgje framlegget frå universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe har ikkje denne ordninga ført til ein meir effektiv bruk av areala til universitetet. Den har berre vist fram arealkostnadene for kvar eining. I samband med innføringa av den nye finansieringsmodellen foreslår universitetsdirektøren å endra modellen for arealdisponeringar og arealkostnader, slik at tildelingar ikkje lenger skal øyremerkjast. Formålet med endringa er å gi einingane større handlingsrom lokalt, står det i sakspapira.

Den summen einingane tidlegare fekk til husleige, skal frysast på 2008-nivå, men blir ikkje lenger øyremerkt. Midlane vil gå inn som ein del av fleire element i finansieringsmodellen. Kostnadene knytte til arealdisponering vil avspegla reelt forbruk. Einingane vil betala for dei areala dei faktisk disponerer, går det fram av saksframlegget.

Vil ikkje bli dyrare enn i dag

Dei same betalingsordningane som i dag skal oppretthaldast. Og dersom einingane framleis held seg i dagens lokale, og dersom prisen på areala blir halde stabilt, vil det ikkje gi økonomiske konsekvensar for einingane, garanterer universitetsdirektøren i forslaget til Universitetsstyret. Det blir lova at einingane sjølve kan få sitja igjen med den økonomiske gevinsten, dersom dei sjølve reduserer areal.

Føresetnaden er at andre einingar overtar det arealet den første eininga forlet. Om einingane ynskjer å auka areala sine, må dei sjølve dekkja meirkostnaden ved dette. Men dersom det er større endringar som er vedtatt av UiO, som til dømes PO-bygningen, ja, då må styret finansiera endringa. Når det gjeld endringar i studentareal, må dei godkjennast av universitetsdirektøren i kvart enkelt tilfelle.

- Treng meir plass

Dei største fagforeiningane ved UiO, Forskarforbundet, NTL, Parat og Akademikarane går beinhardt imot forslaget om å innføra internhusleige ved Universitetet i Oslo. Det går fram av ein felles kommentar, som NTL-leiar Ellen Dalen og NTL-styremedlem Ulrik Sverdrup målber på vegner av alle organisasjonane.

- Det er paradoksalt at universitetsdirektøren vil innføra internhusleige når det største problemet i dag er at folk på UiO treng meir plass. På direkte spørsmål får me ikkje svar på kven som har for mykje plass. Me meiner at internhusleige er ein form for kvasimarknad som skapar eit ekstra byråkrati utan at det løyser UiOs problem, seier dei.

- Eit slikt system vil føra til ein kultur der folk er meir opptekne av å spara areal enn av dei faglege aktivitetane. Det fører til at arbeidsmiljøet både til studentane og dei tilsette blir øydelagt, understrekar Dalen og Sverdrup.

- Udemokratisk

Dei synest også at måten saka blir lagt fram på er kritikkverdig.

- I staden for å drøfta fordelar og ulemper med eit slikt system prøver saksframlegget å selja inn argument for den løysinga administrasjonen allereie har bestemt seg for.
Det kan sjå ut som om internhusleige ikkje får negative konsekvensar og at det tvert imot skal auka handlingsrommet. Dette meiner me er direkte feil.

- For oss ser det ut som om administrasjonen meiner at ein får auka handlingsrom ved å stua tilsette og studentar saman på mindre areal, og så selja dei lokala som blir til overs. Det er dette som blir framstilt som "effektiv arealbruk." Me meiner at UiO må ha andre mål for effektiv drift enn å redusera kontora og undervisningsromma, seier Dalen og Sverdrup.

Dei er heller ikkje overtydde om at forsikringa om at ordninga er breitt forankra i organisasjonen, stemmer.

- I tidlegare saker har det i etterkant kome fram at dekanatet har hatt innvendingar. Dette er ein utruleg udemokratisk måte å driva fram saker på, meiner dei to.

Alle fagforeiningane er einige om kva innføring av internhusleige vil føra til.

Fryktar stort byråkrati

"Reell internhusleige med internfakturering vil skapa eit stort byråkrati og kontrollregime og dreia fokus på drift i staden for på primærverksemda. Organisasjonane er motstandarar av slik internfakturering, står det i kommentaren deira.

Både Ellen Dalen og Ulrik Sverdrup er sikre på kva inntektene frå internhusleiga vil gå til.

- Pengane frå internhusleiga går til å auka driftsbudsjettet til Teknisk avdeling. I staden for at pengar som blir sette av sentralt blir brukte til å demma opp for resultatfinansieringa og skjerma utsette fagmiljø, blir midlane brukte til vedlikehald av bygningar. Me trur ikkje det er ei ordning som har brei forankring blant dei tilsette, seier Dalen og Sverdrup.

Ber rektor halda det han lova

Dei peikar også på at UiO-rektor Geir Ellingsrud i rektorvalkampen hausten 2005 var tydeleg på at han var imot ei ordning med internhusleige, som er ganske lik den som universitetsdirektøren no foreslår.

" Me reknar med at rektor held det han lova i valkampen når saka blir handsama i Universitetsstyret tysdag 17. juni", går det fram av kommentaren.

- I motsett fall fryktar me at situasjonen kan bli slik som den me har observert i Stockholm. Der er Universitetsbiblioteket blitt meir opptatt av å bruka så lite areal som mogleg i staden for å skapa best moglege arbeidsplassar. Samtidig står eit flunkande nytt laboratorium ved Stockholms universitet tomt, fordi ingen har råd til å bruka det, fortel Sverdrup.

Organisasjonane ber også styret om ikkje å vedta ein ny finansieringsmodell før ein er ferdig med arbeidet med faglege prioriteringar ved UiO. Dei meiner at det er lagt for stor vekt på undervisning og for lita vekt på forsking, og det tykkjer dei er i konflikt med målet om å gjera UiO til eit leiande universitet på forsking og forskarutdanning.

Forslaget til ny intern finansieringsmodell inneheld også eit eige element for eksperimentell infrastruktur for å gjera aktivitetane ved laboratoria meir tydelege enn før. Dessutan ber Universitetsdirektøren styret om å slutta seg til eit forslag om å samla heile finansieringsansvaret for verksemda til Universitetsbiblioteket hos Universitetsstyret.

Framlegget til ny intern finansieringsmodell blir handsama i ope møte av Universitetsstyret tysdag 17. juni.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. juni 2008 13:47 - Sist endra 10. des. 2008 15:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere