- Eg var veldig i tvil før eg stemte ja til å vidareføra Kontrollutvalet, seier rektor Geir Ellingsrud til Uniforum. Han viser til at Universitetet i Oslo framleis har store utfordringar igjen på rekneskapsområdet.
- Me har likevel klart å reisa kjerringa i høve til rekneskapen i fjor, men det rår framleis stor uvisse rundt rekneskapen for 2008. Mandatet til Kontrollutvalet avgrensar arbeidet til å få det godkjent. Sjølv er eg oppteken av at styret føler det komfortabelt å ha eit kontrollutval. Viss me ikkje hadde gått inn for det, ville Universitetsstyret ha brukt altfor mykje tid på desse spørsmåla på møta sine, er Ellingsrud overtydd om.
Fire røysta imot
Både fagforeiningane og fleire av styremedlemane hadde på førehand stilt spørsmål ved om det var lovleg å oppretta og ha eit kontrollutval sett saman av styremedlemar. Dei sette seg difor imot å føra vidare det gamle Kontrollutvalet.
Det var dei to studentrepresentantane Thomas Tallaksen og Camilla Strandskog som saman med representantane Kristin Bliksrud Aavitsland og Kristian Mollestad stemte imot framlegget om å føra vidare Kontrollutvalet ut valperioden til det sitjande styret. Dei sju andre styremedlemane med rektor Geir Ellingsrud i spissen, røysta for forslaget.
Skulle sikra godkjenning av rekneskapen
Kontrollutvalet blei oppretta av Universitetsstyret 2. mai i fjor, for å sikra at rekneskapen for 2007 blei godkjend og for å fylgja opp innføringa av det nye personal- og lønnssystemet POLS. Utvalet var sett saman av dei eksterne styremedlemane Egil Myklebust og Paul Chaffey og ekstern varamedlem Øystein Olsen.
Bakgrunnen var den store uvissa som då var knytt til om rekneskapen for 2006 ville bli godkjend av Riksrevisjonen. Det skulle også fylgja opp innføringa av POLS og andre planlagde IT-løysingar.
Ei rundspørjing som Uniforum gjorde til fleirtalet av styremedlemane før saka kom opp i Universitetsstyret, viste at nokre av dei var blitt mindre kritiske enn det dei var då saka var til handsaming i mai i fjor. Andre var framleis skeptiske, men ville venta med å ta stilling til etter at ordskiftet var over i Universitetsstyret. Då røystinga var over, blei forslaget om å føra vidare Kontrollutvalet altså vedtatt mot fire stemmer. Dermed vil det halda på til funksjonstida til det sitjande styret går ut hausten 2009.
Logg inn for å kommentere