Ingen tvangsfusjon av universitet og høgskular

- Det blir ikkje tvangssamanslåing av universitet og høgskular i Noreg, seier forskingsminister Tora Aasland i dag. Det var Stjernø-utvalet som i januar i år la fram forslaget om å slå saman fleire universitet og høgskular. - Dette kom ikkje som noka bombe, seier UiO-rektor Geir Ellingsrud i ein kommentar til Uniforum.

INGEN FUSJON: Forskingsminister Tora Aasland vil ikkje ha fusjon av universitet og høgskular.
Foto: Martin Toft

Utspelet frå forskingsminister Tora Aasland om at ho ikkje ville gå inn for forslaget om å tvinga universitet og høgskular til å slå seg saman, kom altså ikkje særleg overraskande på UiO-rektor Geir Ellingsrud.

- Det hadde eg venta, sidan ein samla sektor har gått imot det. Eg synest samtidig at det er greitt at ho seier ifrå om det på dette tidspunktet. Då slepp me å bruka meir energi på akkurat det spørsmålet, seier Ellingsrud til Uniforum.

Men han er likevel heilt klar på at dei problema i sektoren som Stjernøutvalet blei sett ned for å finna ei løysing på, ikkje er borte.

- Det er framleis ei problematisk utvikling både i mastergrads- og i doktorgradsutdanningane. Dei problema er framleis ikkje løyste. Det me no let vera å gjera er å bruka ein medisin som alle veit er feilslått, konstaterer Ellingsrud.

Lik rett til utdanning

Forskingsminister Tora Aasland kom tidlegare i dag med forklaringa på kvifor ho vil gå imot tvangssamanslåing.

- For det første er det ei viktig overordna sak for meg at me har eit mangfald i utdanningsinstitusjonane våre. Det vil seia at me treng både dei store og dei små. Me har også eit viktig ideologisk mål om at alle skal ha lik rett til utdanning. Det skal også gjelda høgare utdanning, seier forskingsminister Tora Aasland til NRK.

Likevel ser ho ikkje heilt bort frå større utdanningsinstitusjonar, slik Stjernø-utvalet foreslår. Det foreslo at det burde vera maksimum åtte til ti høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg.

Høgskular og universitet burde bli slått saman, og det kunne ikkje vera basert berre på frivillig samarbeid, gjorde utvalsleiar Steinar Stjernø det heilt klart, då han la fram rapporten i januar.

Storleiken tel ikkje

Universitetet i Oslo og alle dei andre universiteta og høgskulane har gått imot punktet om tvangssamanslåing av utdanningsinstitusjonane. Det same har Universitets- og høgskulerådet gjort. Også studentorganisasjonane har gått imot punktet om å tvinga institusjonane til å fusjonera.

- Eg ser veldig positivt på mangfaldet i høgare utdanning, og eg trur faktisk ikkje det er nokon samanheng mellom det å vera stor og det å vera god, seier Aasland til NRK.

(Oppdatert kl. 11:58)

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. juni 2008 10:25 - Sist endra 10. des. 2008 15:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere