To statsrådar presenterer revidert budsjett på UiO

No klokka 10.15 legg regjeringa fram sitt framlegg til revidert budsjett. Både forskingsminister Tora Aasland og olje- og energiminister Åslaug Haga har valt å presentera nyhenda i sine budsjett på Universitetet i Oslo.

PÅ UiO: Olje- og energiminister Åslaug Haga presenterer nyhenda i revidert i CIENS-bygningen i dag. (Arkivfoto)
Foto: Ola Sæther

Forskingsministerer Tora Aasland har valt å presentera nyhenda i det reviderte budsjettet frå Kunnskapsdepartementet i Gamle festsal klokka 12 i ettermiddag. I pressemeldinga blir det lova nye ting som vil ha noko å seia for universitets- og høgskulesektoren. Olje- og engergiminister Åslaug Haga vil halda sin pressekonferanse i CIENS-bygningen i Gaustadbekkdalen kl. 11.30. Sannsynlegvis vil ho presentera regjeringa si satsing på forsking på fornybar energi.

Uniforum nett no vil seinare i dag koma med ei fyldig dekning frå begge pressekonferansane.

Emneord: Forskning, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. mai 2008 09:48 - Sist endra 10. des. 2008 15:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere