Heidrar dei som steller godt med studentane

60 000 kroner går til den som får Kristian Ottosen-prisen for 2008. - Prisen går til den eller dei som har gjort ein ekstra innsats for å betra dei faglege, økonomiske, sosiale eller kulturelle vilkåra for studentane, fortel Mette Kjærnli, som er sekretær i styret for Kristian Ottosens Fond.

KRISTIAN OTTOSEN-PRISEN: - Den er viktig for å heidra dei som fylgjer opp Kristian Ottosens arbeid for å betra vilkåra for studentane i Noreg, seier Mette Kjærnli, som er sekretær i fondsstyret.
Foto: Martin Toft

Kristian Ottosen-prisen blei oppretta i 1991, og den første prisen blei delt ut i 1992 til dåverande rektor ved Universitetet i Tromsø, Ole Danbolt Mjøs. Den siste som fekk prisen, var Kulturutvalet ved Det Norske Studentersamfund ved UiO, som fekk prisen i 2007.

- Prisen blei oppretta på Kristian Ottosens 70-årsdag i 1991, for å visa han heider for den enorme innsatsen han gjorde for studentvelferda og for Studentsamskipnaden i Oslo som administrerande direktør gjennom 30 år, fortel Mette Kjærnli. Ho er sekretær i styret for Kristian Ottosens Fond, som deler ut prisen.

No vil ho gjerne at så mange som mogleg nominerer kandidatar til prisen.

- Både enkeltpersonar og miljø kan få tildelt prisen. Kravet er at dei i det føregåande året har utmerkt seg gjennom ein særskild innsats for å betra dei faglege, økonomiske, sosiale eller kulturelle vilkåra for studentane. Og prisvinnarane kan koma frå heile landet. Så langt synest eg me har vore flinke til å få ei god geografisk spreiing på dei prisane me har delt ut, seier Kjærnli.

Alle kan koma med forslag på kandidatar til prisen.

- Straks alle forslaga er komne inn, vil fondsstyret gå gjennom søknadene og bestemma seg for kven som skal få prisen for 2008. Fondsstyret er sett saman av to studentar, ein ekstern representant og SiOs administrerande direktør, seier Kjærnli.

Vil ha fleire forslag

Ho skulle gjerne sett at prisen blei endå meir kjent blant folk i universitets- og høgskulesektoren.

- Me sender ut informasjon til alle utdanningsinstitusjonar i Noreg, men i fjor fekk me likevel berre inn seks forslag på kandidatar. Det hadde vore fint om det hadde kome inn langt fleire forslag i år, synest Kjærnli.

- Prisen blir delt ut i samband med opninga av studieåret kvar haust. Den er viktig for å heidra dei som fylgjer opp Kristian Ottosens arbeid for å betra vilkåra for studentane i Noreg. Alle forslag må også innehalda ein inngåande omtale av personen eller miljøet, med god dokumentasjon på kvifor kandidaten bør få tildelt prisen, understrekar Kjærnli.

Dei som har forslag til kandidatar, kan senda det på e-post til mette.kjernli@sio.no eller i brev. Adressa er: Studentsamskipnaden i Oslo v/Mette Kjærnli, Boks 94 Blindern 0314 Oslo. I år er nominasjonsfristen torsdag 15. mai.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 13. mai 2008 14:08 - Sist endra 10. des. 2008 15:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere