Vil utvikla eit 3D-universitet

I den tredimensjonale spelverda "World Beside" får elevane i oppgåve å løysa klimaproblema på eiga hand. - I framtida kan spelet utviklast til å bli ein reiskap for å rekruttera studentar til realfaga ved UiO, seier idéskaparane Erlend Arge og Morten Dæhlen ved Institutt for informatikk. No er dei på jakt etter 30 friske millionar for å få fullfinansiert prosjektet i 2010.

KLIMAFARKOST: Figuren viser ein farkost under produksjon. Den er sett saman av virtuelle klossar. (ILL: World Beside)

- Håpet vårt er at det skal bli mogleg å utvikla eit spel der elevar kan sitja heime og gå på eit virtuelt besøk til ein forskar ved til dømes Sosialantropologisk institutt ved UiO, og stilla forskaren spørsmål om faget, og så finna ut om dei vil satsa på ein karriere som sosialantropolog, eller heller velja ein annan karriereveg, fortel prosjektleiar Erlend Arge og styreleiar Morten Dæhlen i World Beside. - Planen er at me før 200-årsjubileet i 2011 skal ha laga ein virtuell modell av heile Universitetet i Oslo, legg dei til.

Utviklar klimainstallasjon

Medan Erlend Arge arbeider på heiltid med prosjektet, er Morten Dæhlen instituttleiar og professor ved Institutt for informatikk. Arge og Dæhlen har saman med Thomas Sevaldrud utvikla dette dataspelet, og dei har også inngått ein avtale med Utdanningsetaten i Oslo kommune om å byggja ut denne spelverda.

- Det har gitt oss høve til å samarbeida nært med lærarar og elevar ved Ullern, Hartvig Nissen og Lamberseter vidaregåande skular, og det første me blei einige om var å utvikla ein klimainstallasjon. Der kan elevane læra om energi, CO2-utslepp og klima. Elevane kan byggja farkostar avhengig av kva energikjelde dei vil bruka. Det kan vera både hydrogen, diesel og solceller. Både spelmotoren og dei andre komponentane blir bygde slik at det ikkje finst grenser for kva kjøretøy elevane kan utvikla.

- Elevane kunne til dømes få i oppgåve å finna ut korleis det vil vera mogleg å flytta 40 kg med grus frå Ljabru til Hønefoss på ein mest mogleg miljøvennleg måte, fortel Dæhlen. Han er opptatt av å understreka at sjølv om dette er ei spelverd, så dannar alle elementa i spelet ei realistisk ramme rundt oppdraget.

- Det er ei realistisk modellering av verdas fysikk når det gjeld tyngdekraft, friksjon og luftmotstand. Også modellane av kjøretøya er heilt reelle, understrekar Dæhlen. Dataspelet er også nært kopla til læreplanen for matematikk og realfag i den vidaregåande skulen. Det skal også bli mogleg å oppretta andre installasjonar som, til dømes fysikkspelet "Newtons laboratorium" eller "Svalbard anno 150 000 000 BC", som viser livet til dinosaurane knytt til utgravingar av fossilar som Naturhistorisk museum har gjort på Svalbard.

Tre bak ideen

Ideen til å utvikla ei slik tredimensjonal spelverd, kom Erlend Arge og Morten Dæhlen på saman med Thomas Sevaldrud. Sevaldrud utvikla flysimulatorar, og vegen vidare til å utvikla ei spelbasert læringsverd, var ikkje lang.

I dag eig Birkeland Innovasjon 60 prosent av selskapet, medan Simulasenteret eig 40 prosent. Birkeland Innovasjon har investert 740 000 kroner i selskapet. Likevel er det aktørar utanfor UiO som har lagt mest pengar i potten. StatoilHydro har gitt seks millionar kroner i støtte, medan Utdanningsetaten i Oslo kommune har bladd opp åtte millionar kroner.

- Eit virtuelt universitet

- Men utviklinga av teknologien er delvis gjort ved Universitetet i Oslo og Simula-senteret, peikar dei på. Etter planen skal "World Beside" vera klar til bruk for alle dei vidaregåande skulane i januar 2009.

- Framleis er me på jakt etter 30 millionar kroner til, noko som vil gjera det mogleg å utvikla spelet endå meir. Forskingsrådet har difor fått ein søknad om prosjektstøtte frå oss. Visjonen vår er at me kan tilby spelet vårt som eit supplement til ei ny webløysing for UiO. Eit virtuelt universitet med eit virtuelt universitetsområde, vil framstå som eineståande både nasjonalt og internasjonalt, er dei overtydde om.

Emneord: Forskning, Ny informtikkbygning, Birkeland Innovasjon, Informatikk Av Martin Toft
Publisert 19. feb. 2008 10:10 - Sist endra 10. des. 2008 16:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere