Nettsider med emneord «Akademisk fridom»

Espen Barth Eide er utanriksminister i Noreg
Publisert 17. sep. 2026 17:00

Historieprofessor Hilde Henriksen Waage skal få tilgang til det private arkivet til Terje Rød Larsen om Oslo-prosessen. – Ja, det stemmer. Me må berre få litt orden i desse papira først, lova utanriksminister Espen Barth Eide på eit debattmøte ved Universitetet i Oslo denne veka. 

Publisert 15. sep. 2026 16:12

Forskarar og andre tilsette på universitet i delstaten Vest-Bengal i India skal no kunna flyttast over til andre universitet på landsbygda. UiO-forskarane Arild Engelsen Ruud og Kenneth Bo Nielsen meiner den akademiske fridomen er i fare. 

Jonas Gahr Støre  og Narendra Modi, bak Anne Lindboe
Publisert 19. mai 2026 13:45

– For Noreg er det svært viktig at statsminister Narendra Modi kjem hit for at den store handelsavtalen med India skal koma opp og gå. Det seier India-eksperten Arild Engelsen Ruud som samtidig kritiserer landet for uviljen til å gi rom for forsking på forholda i landet.

Publisert 13. apr. 2026 17:55

– Det var ei stor overrasking med ein så stor majoritet til opposisjonskandidaten Péter Magyar frå Tisza, seier førstelektor og Ungarn-ekspert Eva Sarfi ved Universitetet i Oslo. Ho har også inntrykk av at folk no håpar på meir akademisk fridom.

Kevin Leander frå Vanderbilt University.
Publisert 2. mars 2026 04:30

– No tar vanlege folk i gata til motmæle mot den amerikanske regjeringa. Det gir meg håp om betre tider. Det seier den amerikanske professoren Kevin Leander. I mai drar han og kona til Syddansk universitet i Odense der han har fått jobb som professor.

Publisert 17. feb. 2026 11:43

Den palestinske legen Khamis Elessi frå Gaza kjem med eit godt råd til norske medisinstudentar. – Når dei får erfaring i å jobba som lege under ekstreme forhold, vil dei bli endå betre legar for dei framtidige pasientane sine når dei jobbar på ein stad med masse ressursar, seier han. I går møtte han 120 studentar på Det medisinske fakultetet.  

 

Publisert 1. des. 2025 04:30

Rektor Ragnhild Hennum lovar at UiO skal sjå nærare på korleis institusjonen kan støtta tilsette som opplever trakassering og hets. Statsråd Sigrun Aasland meiner slikt press mot ytringsfridomen til forskarar er heilt uakseptabelt.

Publisert 24. nov. 2025 04:30

Ein tredel av statsvitarar ved universitet i Canada og Nord-Europa har opplevd noko ubehageleg dei siste åra. Ein av ni har opplevd trakassering og ein av femten har opplevd trugsmål. 

Publisert 18. nov. 2025 16:31

– Å prioritera innanfor kvar institusjon er dykkar oppgåve. Det må de gjera utan å ta omsyn til utspelet om tullestudium, sa forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland på eit møte i  Universitets- og høgskulerådet  i formiddag.

Publisert 20. okt. 2025 16:52

– Eg har aldri tenkt på meg sjølv som aktivist. Eg lenkjer meg ikkje fast og kastar ikkje maling. Det sa biologiprofessor Dag O. Hessen i i ein debatt om forskarar også kunne vera aktivistar.

Publisert 7. okt. 2025 04:00

Ei ufullført doktoravhandling om sensur i USA, inspirerte Cathinka Neverdal på Universitetsbiblioteket ved UiO til å setja i gang eit prosjekt om forbodne bøker. Ho fekk med seg kollegaen Runhild Seim. No er dei prosjektleiarar for den landsdekkjande Forbodne bøker-veka. 

Publisert 2. sep. 2025 17:19

Ap måtte tola angrep frå både Raudt og SV då venstresida møttest til  debatt på UiO i dag. Kommersialisering av statlege føretak fekk gjennomgå. – Det er ikkje SV og Raudt, men Arbeidarpartiet som har ført slik politikk, sa Bjørnar Moxnes frå Raudt. 

Publisert 1. sep. 2025 16:24

– Alle som går gjennom universitetet står i første rekkje for å stå imot lettvinte, populistiske og udemokratiske krefter, seier statsminister Jonas Gahr Støre. I dag samtalte han med professor emeritus Bernt Hagtvet då  ein ny serie med frukostmøte på SV-fakultetet blei starta opp. 

Publisert 28. aug. 2025 04:00

Av dei tre akademiske hovudpilarane forsking, undervisning og formidling er det berre undervisning som framleis eksisterer ved Universitetet i Kabul. Og den undervisninga er underlagt Talibans islamske lovgjeving. Det opplyser journalisten og forskaren Hamid Obaidi som i dag bur i eksil i Tyskland.

Publisert 19. juni 2025 04:30

–Vitskap er både for demokratar og republikanar.  Det spelar inga rolle kven folk stemmer på, seier den amerikanske forskaren Roger Pielke Jr. Han kritiserer forskarar i  USA for å ha politisert akademia.

Publisert 5. juni 2025 15:06

Donald Trump har suspendert innreise for utanlandske studentar som ynskjer å studera eller delta i utvekslingsprogram på Harvard-universitetet i seks månader.

Publisert 30. apr. 2025 04:30

I Colombia har situasjonen for akademikarar blitt betre under dagens regjering. Men det kan framleis vera farleg, fortel professor Alejandro Mantilla frå Nasjonaluniversitetet i Bogotá.

Publisert 24. apr. 2025 18:33

– Trump er eit resultat av den amerikanske kulturen, historia, samfunnet og den politiske økonomien, sa kjønnsforskar Nadine Naber frå University of Illinois på UiO i dag. Ho meinte både Demokratane og Republikanarane har ansvaret for åtaka på universiteta.

Publisert 22. apr. 2025 15:32

Verdas mest prestisjetunge universitet Harvard går til søksmål mot Trump-administrasjonen på grunn av stansen av overføringa av statlege midlar.  Universitetet meiner det er ulovleg.

Publisert 4. apr. 2025 10:18

1900 forskarar frå USAs vitskapsakademi har skrive under eit opprop som protesterer mot  president Donald Trumps åtak på forskinga. Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth frå UiO og nobelprisvinnarane May-Britt Moser og Edvard Moser frå NTNU er dei tre norske forskarane som har skrive under. 

Publisert 2. apr. 2025 19:44

– Helse og bistand gir jo også sikkerheit til eige land. Det forstår ikkje Trump. Det beste dømet på det er at han vel Kennedy jr. som helsesminister, sa tidlegare UiO- og Karolinska-rektor Ole Petter Ottersen på Frukost med Bernt i dag. 

Publisert 12. mars 2025 16:26

1950 av dei 2183 tilsette i det amerikanske utdanningsdepartementet har fått beskjed om at dei vil mista jobben. Tiltaket er sett i verk etter at president Donald Trump sette teknomogulen Elon Musk til å slanka byråkratiet.

Publisert 12. mars 2025 04:30

– Me skal vera meir forskingspolitiske aktive og ein aktør i det forskingspolitiske landskapet som blir lytta til. Det er ambisjonen Annelin Eriksen, ny preses i Vitskapsakademiet har etter at den nye strategien no er på plass. 

Publisert 6. mars 2025 15:08

– Mitt inntrykk er at det er stor uvisse i universitetssektoren om kva som vil skje med viktige forskingsdata, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap). UiO-rektor  Svein Stølen åtvarar mot å bli lamma av det som skjer i USA. 

Publisert 6. mars 2025 04:30

Om nokre av dei amerikanske forskarane er så ille ute at dei treng vern ved utanlandske universitet, bør både UiO og andre norske universitet stilla opp.