Venstresida krangla på UiO: Ap blei hoggestabbe for SV og Raudt

Ap måtte tola angrep frå både Raudt og SV då venstresida møttest til  debatt på UiO i dag. Kommersialisering av statlege føretak fekk gjennomgå. – Det er ikkje SV og Raudt, men Arbeidarpartiet som har ført slik politikk, sa Bjørnar Moxnes frå Raudt. 

KRANGEL PÅ VENSTRESIDA: SV og Raudt kritiserte Arbeidarpartiet på debattmøtet NTL organiserte på Blindern. F. v. Bjørnar Moxnes, Raudt, Eileen Fuglesnes, Ap og Andreas Sjalg Unneland, SV. 

Foto: Martin Toft

Det var fagforeininga NTL ved UiO som inviterte til ein rein venstresidedebatt om forsking og høgare utdanning på UiO i dag tidleg. Sidan verken Margit Martinsen Bye frå Miljøpartiet Dei Grøne eller Sigbjørn Gjelsvik frå Senterpartiet dukka opp, blei det ein debatt mellom det raude Arbeidarpartiet, det litt raudare partiet SV og det aller raudaste partiet Raudt. 

Dermed fekk statssekretær i Kunnskapsdepartementet Eileen Fugelsnes frå Arbeidarpartiet, stortingsrepresentant Andreas Sjalg Unneland frå SV og stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes frå Raudt podiet i Auditorium 1 i Eilert Sundts hus for seg sjølve.   

– Meir pengar til grunnløyvinga

Ordstyrar Thomas Sandvik som til dagleg er forbundssekretær i NTL, gav først mikrofonen til Bjørnar Moxnes frå Raudt. Han var opptatt av finansieringa av høgare utdanning. 

 

BOIKOTT: – Raudt er for å innføra boikott av Israel på institusjonsnivå. Men me er ikkje imot forskar-til-forskar-samarbeid, understreka Bjørnar Moxnes frå Raudt.

– Me vil aller først ha meir pengar til grunnløyvinga til forsking og høgare utdanning. Sektoren vil ha akademisk fridom, og derfor må dei få bestemma økonomien sjølve, meinte han.

Moxnes kom også inn på den utstrekte bruken av mellombelse stillingar i universitets- og høgskulesektoren. 

– Det er misbruk av mellombelse stillingar i sektoren. Her kan det bli stramma inn av politikarane. Ein må skjerpa inn retten til fast tilsetjing, og gjera det vanskelegare å ha mellombelse stillingar. Derfor vil me styrkja retten til fast tilsetjing, lova han.

Moxnes kom også inn på Israels krigføring på Gaza-stripa. 

– Raudt er for å innføra boikott av Israel på institusjonsnivå. Men me er ikkje imot forskar-til-forskar-samarbeid, understreka han, samtidig som han også ville ha Israel ut av forskingsamarbeidet Horisont Europa, fordi det indirekte kunne bidra til våpenproduksjon.  

– Endeleg får me vist det kunnskapspartiet me er 

Eileen Fugelsnes frå Arbeidarpartiet var nøgd med at partiet hennar no hadde tatt over styringa av Kunnskapsdepartementet.  

– Arbeidarpartiet er glad for at me overtok denne posten frå Sp i februar. Endeleg får me vist det kunnskapspartiet me er, peika ho på.

MEIR SAMARBEID: I dag er det eit for stort skilje mellom forskinga og næringslivet, tykte statssekretær i Kunnskapsdepartementet  Eileen Fugelsnes frå Arbeidarpartiet. 

Fugelsnes viste til at det i Stortinget no er tverrpolitisk semje om å lata meir pengar gå til forsvar og helse. 

– Finansiering for å auka forskinga i landet må koma frå privat sektor. I dag er det eit for stort skilje mellom forskinga og næringslivet, tykte ho. 

Ho forsvarte også den ordninga med teljekantar som framleis eksisterer, og der  institusjonane får ein del pengar for produksjon av studiepoeng og for avlagde doktorgradar.

Fugelsnes trekte også fram det store skiljet mellom Ap og SP.

– Me har gjort det enklare for studentar utanfor EØS og EU å koma hit. Og me har gitt meir pengar til toppforskarar i Noreg og toppforskarar frå andre land, viste ho til. 

– Lånekassen er noko av beste arbeidarklassen har funne opp

Stortingsrepresentant Andreas Skjalg Unneland frå SV peika på gjennomslaga partiet hans hadde fått i forhandlingane med dagens Ap-regjering.  

– Eg er stolt over at me har betra studentøkonomien med 40 000 kroner i året. Lånekassen er noko av det beste arbeidarklassen i Noreg har funne opp, konstaterte han.

Unneland meinte likevel ikkje det var nok. 

– Det er viktig å halda fram med å auka studiestøtta. For det er ikkje berre studentane som har problem med økonomien, det har også resten av akademia. Me må ha større grunnfinansiering og fleire løp for dei som vil jobba der, slo han fast.

– Mange rista på hovudet

Unneland kunne også skryta av at SV var tidleg ute med å sjå faresignala for akademia internasjonalt. 

– SV føreslo å grunnlovsfesta den akademiske fridomen, Mange rista på hovudet. Så kom Trump, og så har me Ungarn, hadde han plukka han ut som døme på land der akademisk fridom er under press. 

Unneland kom også med eit spark til Raudt.

 

FEIL: – Eg er overraska av Ap. Det høyrest  ut som om det var feil å ikkje lenger samarbeida med russiske institusjonar. Også Israel og Israels politikk er knytt sterkt opp mot militærøkonomien, sa stortingsrepresentant Andreas Sjalg Unneland frå SV. 

– SV er einig  i Raudt med at me skal kutta ut det institusjonelle samarbeidet med Israel, men halda fram med forskar til forskar-samarbeid. Medan Raudt ville instruera akademia til å avslutta det akademiske samarbeidet, ville me anmoda dei til å gjera det, for det har dei den akademiske fridomen til. Dei har ei viss fridom på godt og vondt, og det synest eg akademia er god til, sa han. 

– Me har Ap med New Public Management

Alle dei tre debattantane var glade for at universitetsdemokratiet fungerer. Men dei var ikkje heilt einige om korleis styra var sette saman. 

– Noko av det finaste med akademia er at me har ein form for demokrati. Me er for val av leiing, sa Bjørnar Moxnes frå  Raudt.

Han samanlikna det med resten av arbeidslivet der det typiske er at det ikkje er demokrati.

– Sjefane bestemmer, slo han fast.

Moxnes trekte fram korleis akademia har kjempa seg til autonomi både frå politikarane og næringslivet.

– I dag er ikkje hovudutfordringa at me har eit slags Sovjetunionen som overstyrer akademia, men me har Ap med New Public Management. Marknadskreftene kjem inn, og det gjeld også sjukehusa. Det handlar om eksterne representantar frå næringslivet eller BI, sjølv om dei  ikkje har peiling på sjukehus og heller ikkje på akademia. Det er der hovudtrugsmålet mot akademia ligg, meinte han. 

Moxnes peika også på statlege føretak som BaneNor, som i dag har tomteverdiar for 28 milliardar kroner.

– Skal dei vera statlege føretak med reint kommersielle omsyn? Det er ikkje SV og Raudt, men Arbeidarpartiet som har ført slik politikk, sa han. 

 

IKKJE FULLSETT: Rundt 40 personar kom til venstresidedebatten NTL UiO inviterte til på Blindern i dag. 

– Vil avgrensa den akademiske fridomen litt

Eileen Fugelsnes frå Ap tok imot utfordringa frå Moxnes og Unneland og forsvarte politikken partiet hennar hadde ført.

– Mine meddebattantar tar lite grann til orde for å avgrensa den akademiske fridomen, sjølv om dei er for den. Me kan ikkje seia at me må ha fridom for den eine sida, og styra den litt på den andre sida. Senterpartiet vil oppretthalda norsk som fagspråk i akademia. Det er me alle einige i. Men me kan til dømes ikkje bestemma at alle doktorgradar skal skrivast på norsk. Me vil alle vera ein del av den internasjonale forskarverda. Det må vera opp til doktoranden om den skal skrivast på norsk eller engelsk, stod ho fast på. 

Andreas Unneland frå SV slo tilbake. 

– Eg er overraska over Ap. Det høyrest ut som om det var feil å ikkje lenger samarbeida med russiske institusjonar. Også Israel og Israels politikk er knytt sterkt opp mot militærøkonomien. understreka han. 

Også Bjørnar Moxnes frå Raudt kritiserte Arbeidarpartiet for å ha ulikt syn på boikott når det gjeld Russlands invasjon av Ukraina samanlikna med Israels krigføring på Gazastripa. 

– Ti dagar gjekk det frå Russlands invasjon 24. februar 2022 til det kom ei boikottoppfordring frå KD. Ingen var ueinig i det. Det som er oppsiktsvekkjande, er at det gjeld andre reglar overfor Israel enn overfor Russland. Det er vanskeleg å forklara for land i sør som tidlegare opplevde kolonitida. Kvifor gjeld det ein regel for Russland og ein for Israel? utfordra han Arbeidarpartiet på utan at han fekk eit konkret svar på det. 

– No er det veldig nyttig

Unneland var opptatt av å få fram kva som skiljer partiet hans SV frå regjeringspartiet AP. 

– Skilnaden mellom oss og Ap er at me vil ha større grunnfinansiering.

Og så forsvarte han kvifor det er viktig med språkfag på universitetet. 

– Det er vanskeleg for oss å vita kva me har bruk for. Me hadde masse russiskkunnskap i Noreg, og ei stund såg det rart ut. No er det veldig nyttig, konstaterte han. 

Eileen Fugelsnes frå Ap var einig med Unneland i dette, men retta kritikken mot Høgre-leiaren Erna Solberg. 

– Høgre og Erna Solberg sa rett før sommaren at me hadde for mange humanistar. Det har vore eit kunnskapsparti, så eg forstår ikkje korleis ho kunne seia noko så dumt.

Det var eit poeng som Andreas Unneland ikkje klarte å motstå å gå vidare på. 

– Det er eit paradoks at dei som meiner at det er mange tullestudiar, meiner det er ok at BI kan utdanna tusenvis av eigedomsmeklarar kvart år.

Debattantane fekk også spørsmål frå ordstyrar Thomas Sandvik om kor mange private universitet dei vil tillata blir etablerte i Noreg.  

LEIA MØTET: Forbundssekretær Thomas Sandvik i NTL  var ordstyrar for venstresidedebatten i Eilert Sundts hus.

Eileen Fugelsnes frå Ap meinte at det ikkje vil handla om kor mange private universitet det ville vera, men kor mange universitet det generelt sett vil vera snakk om:

– Kunnskap og utdanning er grunnlaget for samfunnet. Me skal ikkje berre utdanna, men også danna. Me må vera glade for universiteta og høgskulane som er spreidde over heile landet. Nye universitet har meir fagutdanning, medan tradisjonelle universitet har brei utdanning. Alle treng me vidare- og etterutdanning i framtida. Me treng også breie tilbod. Breiddeuniversiteta har ingenting å frykta, varsla ho. 

Ikkje særleg overraskande ville Raudt og Bjørnar Moxnes gå imot etableringa av private universitet i Noreg: 

– Det er oppskrifta på ein kommersielt marknad der det skal vera offentlege tilbod, sa han.

– Me har auka frikortet for skatt

Eileen Fugelsnes forsvarte regjeringa sin politikk når det galdt både satsinga på studiefinansiering og bygging av studentbustader. 

– Kven er det som styrer prisane på studentbustadene? Det er studentsamskipnadene som er styrt av studentane. Husleige for studentbustad er det som er dyrast for studentane. Me har auka studielånet med 40 000 kroner i denne valperioden  No byggjer me 5000 studentbustader. Me har også auka frikortet for skatt frå 70 000 til 100 000. peika ho  på. 

Unneland lytta interessert til det Fugelsnes la fram til han konkluderte med fylgjande: 
– Når Ap seier me, så meiner dei Ap og SV. Fint at dei kan skryta av det i valkampen.

– Står nærmare venstresida enn høgresida

Før dagens debatt gjekk Høgres medlem i Stortingets utdannings- og forskingskomité Kari-Anne Jønnes ut i Khrono og kritiserte NTL UiO for berre å ha invitert politikarar frå venstresida til ein debatt om forsking og høgare utdanning. 

– Eg blir skuffa fordi me veit at universitet og høgskular er grunnmuren i demokratiet vårt. Eg meiner NTL ikkje ivaretar samfunnsoppdraget sitt på ein god måte når dei berre inviterer partia på den eine sida av det politiske spekteret, sa ho til avisa i går.  

Rett etter at debatten er avslutta står leiaren for NTL UiO Natalia Zubillaga fast på at det var rett for dei å organisera ein debatt berre mellom representantar for venstresida i politikken: 

FORSVARAR NTL: Natalia Zubillaga er leiar for NTL UiO og meiner det var rett av fagforeininga å organisera ein debatt for venstresida. - Samtidig inviterer me dei for å visa at det også finst skilnader i politikken til partia på venstresida, seier ho. 

– Me har eit klart prinsipp- og handlingsprogram som gir ei klar politisk retning for kva samfunn me ynskjer oss. Med utgangspunkt i den retninga er det eit fleirtal for ein raudgrøn politikk som me går inn for. Samtidig inviterer me dei for å visa at det også finst skilnader i politikken til partia på venstresida, seier Natalia Zubillaga til Uniforum. 

– Det kan jo henda det er medlemar i NTL som stemmer på den andre politiske sida også? 

– Ja, og det må dei gjerne gjera, for dei kan stemma kva dei vil. Men me som fagforeining og fagrørsle har også eit politisk prosjekt om kva samfunn me ynskjer oss. Der står me nok nærmare venstresida enn høgresida, er konklusjonen til NTL-leiar Natalia Zubillaga.  

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Politikk, Stortinget, Akademisk fridom Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 2. sep. 2025 17:19 - Sist endra 5. sep. 2025 21:24

Logg inn for å kommentere