Det var Akademisk forum som førre veke arrangerte eit debattmøte som handla om det var mogleg å foreina forsking og aktivisme. Dei 54 frammøtte i Helga Engs hus på Blindern fekk høyra perspektiva frå biologiprofessor Dag O. Hessen, statsvitskapsprofessor Tore Wig, medisinprofessor Anne Spurkland og professor i statsvitskap Raino Malnes.
– Vil ikkje lata meg fanga i eige ekkokammer
Av dei fire var det Dag O. Hessen og Anne Spurkland som oftast hadde blitt skulda for å vera aktivistar i staden for forskarar dei gongene dei hadde tatt opp brennbare tema.
– Etter kvart som det har blitt meir og meir klimaforsking på meg, så har eg blitt skulda for å vera aktivist. Men eg er medviten på ikkje å lata meg fanga i eige ekkokammer, sa Dag O. Hessen i innleiinga si.
Han viste også til at i matematikken er det vanskeleg å vera aktivist, medan det er lettare å gli ut i aktivisme i biologien.
– Ein aktivist er ein som står for ytringar. Universitetet er ein av dei frie institusjonane, og der folk har vore frie til å stå for ytringar som har endra verda, sa Hessen.
Han understreka at ein måtte stilla krav om at funna måtte vera moglege å etterprøva, før ein drar konklusjonane ut til aktivisme. Han peika på at ein av dei første forskarane som gjorde dei første funna av dei klimaendringane som ein ser kjem i dag, James Hansen frå NASA etter kvart er blitt aktivistisk.
– Men alt han sa var basert på kunnskap om karbonets rolle for klimaet.
Hessen trekte også fram filosofiprofessor Arne Næss som deltok i Mardølaaksjonen i Møre og Romsdal i 1970 for å hindra at Mardalsfossen skulle leggjast i røyr.
Aktivist og dommedagsprofet
– Eg har blitt skulda for å vera aktivist og dommedagsprofet. Eg skreiv under eit klimaopprop om kva parti ein burde stemma på. Me var 25 forskarar som gjekk ut med det. Og det blei oppfatta som aktivisme, konstaterte han.
Biologiprofessoren peika på at det var ein lang tradisjon med forskarar som hadde ei bestemt politisk overtyding, men at dei fleste av dei tradisjonelt har vore frå samfunnsvitskapen.
– Derfor ville eg ikkje ha politiske verv. For med ein gong du blir identifisert med eit politisk parti, vil du underminera forskinga, sa Hessen.
I dag er han leiar for forskingssenteret for Senter for biogeokjemi i antropocen der dei forskar på klimaendringane og på vippepunkt som Amazonas, Golfstraumen og Grønland.
– Forskarar har plikt til å delta. Men det dei formidlar skal vera forskingsbasert og alltid kommunisera uvisse. Då blir det lettare å overlata aktivismen til dei frivillige organisasjonane, trudde han.
– Skulda for å vera alliert med farmasiindustrien
For medisinprofessor Anne Spurkland som forskar på immunforsvaret skaut oppgåva som formidlar skikkeleg fart under pandemien.
– Under pandemien blei det eit ekstra årsverk. Mange oppfatta meg som aktivist fordi eg snakka varmt om vaksinar og om virus. Eg blei skulda for å vera alliert med farmasiindustrien, fortalde ho.
For henne var det eit paradoks at forskarar også blei oppfordra til å etablera eigne selskap.
– Då må dei ha patentar, og det grensar også til aktivisme, tykte ho.
– Då kjem ideologi framfor objektivitet
For Anne Spurkland var det viktig å understreka at aktivistar kan bli ubalanserte og berre bruka den opplysninga som passar best for dei.
– Då kjem ideologi framfor objektivitet. Dei neglisjerer godt etablert vitskap, sa ho.
Anne Spurkland bad også folk om å tenkja over korleis også behandling av lidingar går i bylgjer.
– Før var det alltid snakk om at folk hadde fått nakkesleng. I dag er det ingen som går med nakkekrage.
– Crazy
Utviklinga for forskinga i USA var også eit tema ho kom inn på.
– Det som skjer der er crazy. Etter at Trump blei president blei ei nettside om Covid-19 sett ut av drift, og i staden blei brukarane ført direkte til LabLeak-nettsida til Trump-administrasjonen, fortalde ho og demonstrerte det for dei frammøtte.
– Det er skadeleg å promotera lablekkasjar som grunn til pandemien. Ein hypotese støtta av vitskapleg evidens går ut på at det ikkje var lablekkasje som førte til Covid-19-pandemien, peika ho på.
Spurkland kom også inn på korleis Robert F. Kennedy blei helseminister i USA.
– Han fekk den siste stemma han trengte frå ein republikansk lege i tilsetjingskomiteen fordi Kennedy sa at han støtta å gi folk vaksiner. Etterpå skifta han ut heile denne tilsetjingskomiteen og sette inn antivaksineaktivist Robert Malone som vaksinesjef i USA. No har immunologar i USA hamna lengst nede i det medisiske hierarkiet, slo ho fast.
– Då blir det skalkeskjul for ein politisk agenda
Tore Wig er professor i statsvitskap. Han er kritisk til aktivisme i kombinasjon med forsking, så lenge forskarane ikkje brukar fylgjande modell:
– Alle startar med eit normativt utgangspunkt. For skjult politisk aktivisme kan vera skadeleg for forskinga, om ein ikkje er open om det. Då blir det skalkeskjul for ein politisk agenda, meinte han.
Som døme brukte han forskarar som var engasjert i ei politisk rørsle eller for ein bestemt stat.
– Dei landar alltid på den same konklusjonen som ein bestemt politisk aktør. Også internasjonalt og nasjonalt er det døme på det i samband med Ukraina-konflikten. Forsking blir brukt som verktøy for bestemte politiske konklusjonar, konstaterte han.
– Målet var viktigare enn forskinga
Men samtidig vedgjekk han at det kunna vera vanskeleg å avsløra forskarar med dobbel agenda i samfunnsvitskapen.
– Der er det ikkje så enkelt å seia at ein forskar fuskar, men dei kan ha feil kjeldebruk og koma med påstandar som ikkje kan bevisast, sa han.
Som døme viste han til rørsla for å dekolonisera akademia.
– Der var målet viktigare enn forskinga sine eigne prinsipp fordi dei meinte forskinga var ein del av Vestens politiske kultur, trekte Wig fram.
Han var overtydd om at politiske mål øydelegg legitimiteten til forskinga.
– Forskingsaktivismen for ei bestemt sak øydelegg den forskinga du held på med, åtvara han.
Han viste til at demokratiforskarar naturleg nok er opptatt av demokrati og rettferd.
– Dei kan gå til Forskingsrådet og seia at dette er eit viktig problem å få forska på i samfunnet. Men dei kan ikkje gå dit og seia at dei vil gjera noko for å auka oppslutnaden om Senterpartiet, poengterte han.
– Han ville tena kjærleiken og visa korleis verda bør vera
Statsvitskapsprofessor Raino Malnes tok utgangspunkt i samfunnsvitenskapen sin far i Noreg, fattigdomsforskaren Eilert Sundt.
– Han ville tena kjærleiken og visa korleis verda bør vera. Han var både samfunnsforskar og hadde eit sterkt engasjement for det norske samfunnet som han studerte. Han konkluderte med at alkoholmisbruk var skadeleg, medan nattefrieri var forkasteleg, fortalde han.
Etter Raino Malnes’ oppfatning var dette ein kald og kognitiv observasjon kombinert med eit engasjement. Han viste også til den amerikanske forskaren John Rawls som såg på kva som skulle til for å kunna skapa eitt rettferdig samfunn med utgangspunkt i borgarrettskampen i USA på 1960-talet.
Til slutt brukte han den norske forskaren Jon Elster ved Columbia-universitetet i New York som sanningsvitne.
– Eit godt engasjement og sanningssøking kan vera gode kombinasjonar. Infiltrasjon utanfrå kan det vera lettast å få auge på, ikkje engasjement innanfrå, var standpunktet til Jon Elster, ifylgje Raino Malnes.
Mellom dei 54 tilhøyrarane i auditoriet var den pensjonerte medisinprofessoren Stig Frøland. Han tok ordet for å irettesetja Anne Spurklands versjon av LabLeak-teorien.
– Det er ikkje uvanleg at det er lekkasjar frå laboratorium i verda. Derfor kan ein ikkje utan vidare berre avvisa at Covid-19 var eit resultat av ein lekkasje frå laboratoriet i Wuhan, meinte han.
• Les meir om Akademisk forum i Uniforum:
Rektorkandidatane vil ha ein meir open emeritus-prosess
Iver B Neumann om akademisk boikott av Russland og Israel: – Det er ikkje konsekvent
Helsedirektør om Helseplattforma: - Sa det ville bli eit helvete, og har mine ord i behald
UiO-rektor fryktar for framtida til toppforskinga i Noreg
John-Arne Røttingen: - Vil bruka juristar for å finna løysingar rundt Plan S
Det jeg sa, er ikke akkurat det Uni-forum skriver at jeg sa - ikke på alle punkyer, iallafl. her er noe av det jeg sa: ... engasjement kan infiltrere kognitiv aktivitet og svekke den, slik at tar feil av det man utforsker og forsøker å forstå. For å konkretisere problemet, skal jeg kort nevne to tilfeller av skadelig infiltrasjon. Jon Elster sier dette om Karl Marx. På den ene siden var hans sterke politiske engasjement et nødvendig vilkår ikke bare for hans utrettelige organisatoriske virksomhet, men også for hans «enorme vitenskapelige anstrengelser». På den andre siden skadet engasjementet tenkningen hans. («Distorted his thinking» er uttrykket Elster bruker.) Engasjementet gjorde ham for eksempel henfallen til ønsketenkning. Han var tilbøyelig til å tro at forholdene lå vel til rette for forbedre verden i visse henseende, uten fare for at ting ville bli verre i andre henseende. Han trodde at «all good things go together», fordi han ønsket at dette skulle være tilfellet. Et annerledes tilfelle av infiltrasjon forekommer hos den politiske filosofen John Rawls. Han er, som mange vil vite, en ruvende skikkelse innenfor normativ forskning om politikk. Rawls studerer rettferdighet. Spørsmålet er hva som må til for at et samfunn skal fortjene karakteristikken «rettferdig samfunn». Rawls nærmer seg ikke saken på en distansert og lidenskapsløs måte. Han er engasjert og begynner med å legge noen av sine egne etiske overbevisninger på bordet. Men han er selvsagt klar over at andre like sterke overbevisninger, som strider til dels sterkt mot overbevisningene han selv gir uttrykk for. Og han tar mål av seg til å overskride denne normative stillingskrigen. Han vil så å si felle en uhildet dom, ved å resonnere seg frem til en samlende forståelse av rettferdighet. Han vil utforme en teori om rettferdighet uten å favorisere noen av de mange, mer eller mindre motstridende før-teoretiske overbevisningene – heller ikke hans egen overbevisning. Gjentatte ganger insisterer han på at resonnementet er uhildet, og gjentatt ganger vil selv den velvilligste leser – tror jeg – erkjenne at dette ikke er tilfellet. Engasjementet infiltrerer de kognitive anstrengelsene. Er infiltrasjon et problem? Er det i så fall et alvorlig problem? Elster mener, så vidt jeg forstår, at problemet er alvorlig, men samtidig et problem vi er nødt til å leve med, dersom vi vil holde folk i gang med forskning. Et menneske som lykkes å stenge engasjement ute fra den kognitive delen av sitt liv, er et menneske som ikke bryr seg særlig mye om å forstå hvordan verden er. Jeg synes Elster tar hardt i. Kan ikke sannhetskjærlighet være alt som trengs for å motivere en sterk forskningsinnsats? Men han har antagelig en god del rett. Ellers har jeg tre synspunkter, som alle går ut på at problemet med infiltrasjon ikke er veldig alvorlig. For det første behøver forskning komme under innflytelse av engasjement selv om vi har å gjøre med en engasjert. Lite tyder på at Sundts engasjement svekket hans kognitive yte-evne. Han var for eksempel ikke henfallen til ønsketenkning når det gjaldt utsikten til å forbedre «sædeligheds-tilstanden» i Norge. Undersøkelsene han foretok, avdekket et stort innslag av «tilfeldighæders spil», og han må medgi at man fristes til å gi opp og «lægge hænderne i skjødet».
Logg inn for å kommentere