Iver B. Neumann om akademisk boikott av Russland og Israel: –Det er ikkje konsekvent

– Me framstår som hyklarar når me gjer denne skilnaden i måten me behandlar Israel og Russland på. Det sa direktør for Fridtjof Nansens Institutt Iver. B. Neumann i ein debatt om akademisk boikott i Akademisk forum denne veka.

IKKJE TIL RUSSLAND: – Sjølv vil eg ikkje samarbeida med Russland , og eg er heller ikkje interessert i å dra dit, fortalde Iver B. Neumann. 

Foto: Martin Toft

Rundt 35 personar inkludert paneldeltakarar og møteleiar var til stades i Domus Bibliotheca måndag ettermiddag for å høyra jussprofessor Hans Petter Graver, Mat.nat.-dekan Solveig Kristensen og direktør for Fridtjof Nansens Institutt Iver B. Neumann diskutera akademisk boikott eller akademisk samarbeid.Talet på personar som var til stades, har Uniforum frå Eigedomsavdelinga.

Innleiarane kom straks inn på skilnadene i forholdet til akademisk boikott av Israel og Russland. 

– Svekkjande

Den som tok sterkast i var direktør Iver B. Neumann ved Fridtjof Nansen-instituttet.

 – Det er svekkjande når til dømes UiO fylgjer opp pålegg som blir lagt på oss i høve til Russland, medan det går imot akademisk boikott av Israel når universitetet kan bestemma det sjølv. Det er ikkje konsekvent, slo han fast.

Neumann meinte at dette kunne vera ein måte å setja tryggingspolitikken over akademisk fridom.

– Me framstår som hyklarar når med gjer denne skilnaden i måten me behandlar Israel og Russland på, slo han fast.

Han peika på at folk i Vesten har ein levemåte der rettsstaten og demokrati er berebjelkar i samfunnet.

– Akademisk fridom er ein viktig del av det, poengterte han.

Ville ikkje samarbeida med Russland

Så peika han på Danmark der han tykte dei har tatt eit steg tilbake.

– Der har styresmaktene vedtatt eit forbod mot å samarbeida med russiske forskarar. Sjølv vil eg ikkje samarbeida med Russland , og eg er heller ikkje interessert i å dra dit, fortalde Neumann. 

Jussprofessor Hans Petter Graver var ikkje ueinig i at det ikkje er konsekvent av universiteta  å fylgja opp  eit statleg pålegg om akademisk boikott av Russland utan å protestera. Sjølv er han imot akademisk boikott både av Russland og av Israel.

Han ville dela akademisk boikott i to. Den første handla om akademisk boikott på institusjonsnivå, medan den andre handla om akademisk boikott på individnivå.

– Den første er eit brot på akademisk fridom for det handlar også om den akademiske fridomen til forskarane.  På individnivå gir akademisk fridom oss rett til å velja kven me vil samarbeida med.  Akademisk boikott eller samarbeid bør gå på eit anna plan enn berre i akademia, meinte han. 

 

DISKUTERTE AKADEMISK BOIKOTT: Jussprofessor Hans Petter Graver, Mat.nat.-dekan Solveig Kristensen og direktør Iver B. Neumann ved Nansen-instituttet var inviterte av Akademisk forum for å diskutera akademisk boikott. (Foto: Martin Toft)

– Beklageleg

Derfor var han imot regjeringa si innføring av akademisk boikott av Russland etter invasjonen av Ukraina den 24. februar 2022.

– Det er beklageleg at norske styresmakter påla institusjonane å bryta den akademiske kontakten med Russland. Det ser heller ikkje ut som om det har hatt nokon effekt. For det vil heller føra til at dei sluttar endå meir opp om politikken til styresmaktene, var vurderinga hans.

 Også han kom inn på krigen mellom Israel og Hamas i Gaza. 

– Utgangspunktet er at dialog og samarbeid er fornuftig på tvers av fag og metodar.

Graver peika på at institusjonell boikott også er problematisk i høve til internasjonal lov og rett.

  – Retten til å samarbeida med forskarar på tvers av kontinent og land, er med i internasjonale konvensjonar. Retten til å samarbeida med kollegaer er ein del av den akademiske fridomen, understreka han. 

– Vil vera ei politisering av UiO

Dekan Solveig Kristensen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet meinte at den akademiske fridomen er den viktigaste rettesnora til både institusjonane og forskarane. 

– Studentar og tilsette vil at UiO skal ta offentleg stilling til politiske konfliktar. No handlar det om akademisk boikott av Israel, sa ho før las høgt opp frå det forskingsetiske regelverket til UiO.

– UiO har kutta alt institusjonelt samarbeid med Russland, men kvar enkelt forskar kan halda fram med forsking med russiske forskarar. Dei fleste som vil ha akademisk boikott av Israel, vil at det også skal gjelda for enkeltforskarar.*  Det vil gå på tvers av verdien av akademisk fridom, og det vil vera ei politisering av UiO der universitetet vil driva eigen utanrikspolitikk, meinte ho.

Solveig Kristensen viste også til kva oppgåve Universitets- og høgskulelova gir institusjonane.

 – Plikta til å verna akademisk fridom.

Iver B. Neumann meinte at sjølv om UiO ikkje har innført akademisk boikott av Israel, kan det likevel vera på bana på andre område.

 – Eg meiner at UiO bør kritisera universitet i Israel og krevja tryggleik for palestinarar i Gaza og på Vestbreidda.   

Det var eit synspunkt som Hans Petter Graver delte. Han meinte at UiO i Gaza-krigen kunne ta standpunkt til at Israel måtte sørgja for vern av forskarar og forskingsprosjekt. 

35: Det kom 35 personar for å fylgja panelsamtalen om akademisk boikott i Domus Bibliotheca. Samtalen blei også strøymd til dei som ikkje kunne vera til stades. (Foto: Helene Lindqvist)

– Det var veldig regulerande

Mat.nat.-dekan Solveig Kristensen var også opptatt av korleis utkastet til eksportkontrolllov  kunne ha skadd akademia.

– Det var veldig regulerande, og slik det var, kunne det ha lamma akademia. Forskinga er grunnlaget for utdanning i akademia, understreka ho. 

Om utkastet hadde blitt føreslått, trudde ho det ville ha ført til forskarflukt. 

– Det grøne skiftet er avhengig at vitskapleg samarbeid på tvers av land og kontinent. Det gjeld både teknisk utvikling, kunstig intelligens og kvanteteknologien. Samarbeid på eit internasjonalt nivå er viktig for UiO. Derfor er det viktig å integrera denne politikken med EU.  Me må samarbeida om forsking og utvikling, understreka ho.

Etter at UiO og dei andre universiteta har gått gjennom utkastet saman med regjeringa, tykte ho det har blitt mindre førande og regulerande enn det som det var i utgangspunktet.  

– Dialogen som er i gang, gjer at det er ei rørsle i samtalane. Me har fått signal om at det no ikkje lenger skal handla om bruk av infrastruktur, men om utvikling av infrastruktur,  sa ho i panelsamtalen som blei leia av Einar Uggerud, styremedlem i Akademisk forum.

Det var likevel spørsmålet om akademisk boikott eller samarbeid som blei hovudtemaet for panelsamtalen i Akademisk forum den 30. april.

Den 14. mai kjem spørsmålet om UiO skal innføra akademisk boikott av Israel opp i Universitetsstyret.

 

* Oppdatert 03.05.24 kl. 12:30: Det Solveig Kristensen ordrett sa om forsker-til-forsker-samarbeid, var «Pressgrupper ønsker likevel at universitetene skal boikotte alt akademisk samarbeid med Israel. Og jeg oppfatter at det også inkluderer på individnivå.»

 

• Les meir om akademisk boikott: 

Graver: - Å gå imot akademisk boikott er det "upopulære" standpunktet

Etikkprofessor: – Akademisk frihet er ikke et absolutt prinsipp

Brennaktuelt debatt på UiO: - Kan det kosta for mykje å halda akademisk kontakt med Israel?

Akademisk boikott av Israel blir diskusjonssak i UiO-styret i mai

Professor advarer mot å gjøre UiO til politisk aktør

 Kristin Clemet opplevde seg overrumplet og satt i forlegenhet i UiO-styret

 UiO-styret ville ikkje ha akademisk boikott, men vil vurdera boikott av leverandørar

Bjørn Olav Utvik:– Å bli aktivist krasjar litt med rolla som undervisar og Midtausten-ekspert

UiO-rektor fekk 537 underskrifter med krav om akademisk boikott av Israel

Dei har samla inn 500 underskrifter for akademisk boikott av Israel

UiO-tilknyttet forsker drept i Gaza

Studentparlamentet demonstrerte for Palestina-flagging på UiO

UiO-studentar i Israel er evakuerte til ein tryggare stad

• Les om andre debattar i Akademisk forum:

NTNU-forskar Jonas Kristiansen Nøland: – Universitetet er eit ueiningheitsfellesskap utan ei felles stemme

Helsedirektør om Helseplattforma: - Sa det ville bli eit helvete, og har mine ord i behald

UiO-rektor fryktar for framtida til toppforskinga i Noreg

John-Arne Røttingen: - Vil bruka juristar for å finna løysingar rundt Plan S

Klart for ny duell for rektorkandidatane i Akademisk forum

 

 

 

 

 

Emneord: Akademisk fridom, Israel, Palestina. Midtausten Av Martin Toft
Publisert 2. mai 2024 12:00 - Sist endra 5. mai 2024 13:53

Jeg vet ikke hvor Dekan Solveig Kristensen har dette fra, men det er feil: 

"Dei fleste som vil ha akademisk boikott av Israel, vil at det også skal gjelda for enkeltforskarar."

De aller fleste som har bedt om en akademisk boikott av Israel, blant annet gjennom det nasjonale oppropet, har vært krystallklare på at en boikott gjelder institusjoner og ikke individnivå. 

hegeyh@uio.no - 2. mai 2024 16:38

Logg inn for å kommentere