Rektorkandidatane vil ha ein meir open emeritus-prosess

– I dag er det leiar som bestemmer om du kan bli emeritus, og du kan få avslag utan grunngjeving. Det er viktig å få ei grunngjeving som alle skal kunna lesa, sa rektorkandidat Ragnhild Hennum under gårsdagens valdebatt på UiO. 

EMERITUSRÅDGJEVAR: – Avgang skal avtalast mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Intensjonen er at det skal vera eit samarbeidsprosjekt, understreka Bernt Hagtvet, emeritusrådgjevar for rektorkandidat Giske Ursin.

Foto: Ola Gamst Sæther

Rundt 40 personar inkludert rektorlaga til Ragnhild Hennum, Giske Ursin og Hanne Flinstad Harbo dukka opp på Akademisk forums debattmøte med seniorpolitikken som tema. Pensjonister og postdoktorer: Synergi eller konkurranse? var ei av problemstillingane som skulle opp på møtet i Sophus Lies auditorium på Blindern måndag ettermiddag

Viserektorkandidat Harald Eia frå Team Ursin møtte for første gong opp på ein av rektorvaldebattane på UiO, men utan at han tok ordet.  Emeritusrådgjevar Bernt Hagtvet frå same team, dukka også opp. Og han brukte taleretten sin. 

Møteleiar Johan Storm som er medisinprofessor emeritus, kom sjølv med gode døme på forskarar som held koken, trass i at dei for lengst er passert 70 år.

Et av døma var medisinprofessor emeritus Terje Lømo som fyller 90 i år. Han har nyleg publisert ein forskingsartikkel i eit høgt rangert vitskapleg tidsskrift saman med ein kollega som er ti år yngre. 

– Må ha samtalar før dei fyller 70 år

Ordstyrar Johan Storm gav  rektorkandidatane fem minutt kvar til å presentera sin professor emerituspolitikk. Først ut var rektorkandidat og medisindekan Hanne Flinstad Harbo.

– UiO har ein god seniorpolitikk, men den må brukast på alle einingane. Det er store skilnader mellom ulike delar av universitetet, peika ho på utan å peika på konkrete døme.  

Når det gjeld emerituspolitikken, understreka ho at det er laga regelverk for kvart einaste fakultet på UiO.

– På papiret er emerituspolitikken god, men me må ha samtalar før dei fyller 70 år. Me er einige om at dei er ein viktig ressurs for å utvikla samfunnet vidare, sa ho.

– Eit av tema me ikkje skriv om, er seniorpolitikk.

Rektorkandidat og jussdekan Ragnhild Hennum fortalde kva som er det aller viktigaste for hennar team å få fram i rektorvalkampen.

ULIK BEHANDLING: Rektorkandidat Ragnhild Hennum tar seg ei forfrisking medan Jan Helge Solbakk, professor i medisinsk etikk, snakkar.om ulik behandling av pensjonistar på ulike fakultet. Til høgre for Solbakk sit professor emertitus Reidun Sirevåg . (Foto: Ola Gamst Sæther)

– I valplattforma vår har me tatt med dei akademiske verdiane som me skal styre etter. Det er akademisk fridom og å verna den langsiktige og grunnleggjande forskinga, sa ho, før ho vedgjekk at temaet for debattmøtet ikkje er med. 

– Eit av dei mange tema som me ikkje skriv om, er seniorpolitikk. Heller ikkje dei andre rektorlaga gjer det. Alle er einige om at pensjonerte professorar er ein stor ressurs, sa ho.

Ho fortalde om situasjonen på sitt eige fakultet.

– Dei flotte folka våre over 70 år blir spurt om å ta ein del bedømmelsar og gjera ein del oppgåver for oss. Eg har aldri sett at det er ein regel om at seniorarar ikkje kan leia forskingsprosjekt på UiO, sa ho etter at møteleiar Johan Storm hadde kome inn på det. 

– Den viktigaste rolla deira var å vera mentorar

Rektorkandidat Giske Ursin, som til dagleg er direktør for Kreftregisteret, gav Hennum rett i at ingen av rektorkandidatane har seniorpolitikk med i valplattforma si.   

– Me vil behandla alle likt, lova ho. Giske Ursin brukte seg sjølv som døme.

– Eg er einaste kandidaten her som er professor emerita frå universitetet der eg jobba i USA, University of Southern California. Det vil seia at eg har epost der og kan søkja om forskingspengar. Vår avdeling kunne ikkje ha overlevd utan professor emeriti, slo ho fast.

Prorektorkandidat Stefan Krauss, rektorkandidat Giske Ursin, emeritusrådgjevar Bernt Hagtvet og rektorkandidat Ragnhild Hennum slo av ein prat før debatten starta.   (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Ho kom også inn på kvifor dei pensjonerte professorane var så verdifulle for det amerikanske universitetet. 

– Den viktigaste rolla deira var å vera mentorar for dei yngre forskarane, sa ho, og då tenkte ho også på dei som berre var fem til ti år yngre enn veteranane.  

– Dei gir frå seg leiarskapen før dei eigentleg trur dei yngre er klare for det, fortalde ho.

 – Slik får dei høve til å kvalifisera seg til stillingar som professorar og førsteamanuensar. Det er viktig med betre vilkår for emeriti utan å skvisa ut dei yngre forskarane, understreka ho.

Alle rekorkandiandidatane var einige om at det var sløsing med kompetanse og ressursar å utestenga alle forskarar og førelesarar straks dei fyller 70.

– I praksis blir det tolka som aldersdiskriminering, tykte Giske Ursin.

– Maksimalgrensa i staten er 70 år

Ragnhild Hennum peika på at dette også er eit juridisk spørsmål, og at UiO må halda seg til dei reglane som gjeld for statstilsettte.  

– For i staten er den maksimale aldersgrensa for å pensjonera seg regulert til 70 år. Og UiO er bunden av statens personalpolitikk, slo ho fast. 

I Kreftregisteret der Giske Ursin er direktør, har dei ein eigen politikk for dei som går av for aldersgrensa.

– Me kan tilsetja folk på pensjonsvilkår, sa Ursin utan å gå inn på detaljar.

På veg til skafottet

Her kom også den nyleg utpeika emeritusrådgjevaren til Team Ursin, Bernt Hagtvet inn med informasjon som han sjølv oppdaga, då aldersgrensa på 70 år nærma seg, eller då han var på veg til skafottet, som han sjølv uttrykte det..

DÅRLEG OPPMØTE: Rundt 40 personar, inkludert rektorlaga møtte opp på rektorvalmøtet i Sophus Lies auditorium i går.  Temaet var korleis UiO kan ta betre vare på dei pensjonerte proffesorane.(Foto: Ola Gamst Sæther)

Det han fann var ei saksopplysning om aldersgrensa frå lov av 1956.

– Avgang skal avtalast mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Intensjonen er at det skal vera eit samarbeidsprosjekt, understreka han.  

Hanne Flinstad Harbos viserektorkandidat Morten Dæhlen fortalde korleis dei gjorde det på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet då han var dekan der.

– Me prøvde å ha samtalar med alle før dei skulle gå av med pensjon. 

– Det må vera ein avtale 

Møteleiar Johan Storm ville også at rektorkandidatane skulle svara på om alle pensjonerte professorar burde få emeritus-status, eller om det skulle vera opp til leiinga.

Her kom Jan Helge Solbakk, professor i medisinsk etikk, rektorkandidatane i forkjøpet.

– Like tilfelle skal behandlast likt og ulike tilfelle ulikt, ifølge Aristoteles. Det har vore litt tilfeldig behandling frå fakultet til fakultet, meinte han.

Prorektorkandidat for Hanne Flinstad Harbo, Christine Meklenborg Nilsen skildra korleis situasjonen er på Det humanistiske fakultetet, der ho leier Institutt for litteratur, områdestudium og  europeiske språk (ILOS).

– Nokre får ha kontor og plass til bøkene sine. Problemet på HF er at me ikkje har nok plass, konstaterte ho.

Kva arbeidsgjevar kan krevja tilbake, er også eit viktig spørsmål meinte ho.

– Vil du sensurera den eksamenen som du alltid har gjort?

Det må vera klart kva vilkår som må oppfyllast for å vera emeritus. Og det må vera gjennomsynleg og ikke opp til leiaren, poengterte ho.

Nilsen fekk støtte frå rektorkandidat Giske Ursin.

– Det må vera ein avtale. Det som plagar meg, er at det finst ein del dysfunksjonelle stader. Slik kan me ikkje ha det.  Då blir det konkurranse og ikkje samarbeid. Det må me ta tak i, sa ho.

Kvar dei dysfunskjonelle stadene er, kom ho ikkje inn på.

Ordstyrar og professor emeritus Johan Storm i Akademisk forum nemnde at det nokre  gonger kan vera fare for konkurranse og rivalisering mellom enkelte *leiarar* på den eine sida og deira "undersåttar", både yngre og eldre forskarar, på den andre.

– Dette kan skje når leiarar og deira undersåttar konkurrerer om dei same forskingsmidlane, til dømes.ei SFF-tildeling, meinte han. 

KONKURRANSE OG RIVALISERING: : Møteleiar Johan Storm i Akademisk forum nemnde at det nokre  gonger kan vera fare for konkurranse og rivalisering mellom enkelte leiarar på den eine sida og deira undersåttar, både yngre og eldre forskarar, på den andre. (Foto: Ola Gamst Sæther). 

Slik opplevde ikkje Reidun Sirevåg det. Ho er tidlegare generalsekretær ved Vitskapsakademiet og noverande professor emerita ved Institutt for biovitskap. 

– Me har fått fine oppgåver frå Institutt for biovitskap utan å ta rom og pengar frå yngre forskarar, slo ho fast. 

– Me seier ifrå om kva oppgåver dei kan ta

Rektorkandidat Ragnhild Hennum viste til korleis Det juridiske fakultetet behandla dei pensjonerte professorane sine.

– Me seier ifrå om kva oppgåver dei kan ta. Nokre tar mange og andre mindre. Det er nok litt meir problematisk andre stader på UiO der det handlar om mykje utstyr, sa ho.

Også Hennum peika på at prosessen for å bli emeritus kan bli betre.

– I dag er det leiar som bestemmer om du kan bli emeritus, eller få avslag utan grunngjeving. Det er viktig å få ei grunngjeving som alle skal kunna lesa.

– Vanlegvis blir alle søknader innvilga

Det var noko rektorkandidat Hanne Flinstad Harbo også kunne slutta seg til.

– Det er enkelt å søkja. Poenget mitt står fast. Regelverket er bra, men det trengst leiarskap, sa ho.

Harbo viste til at det i dag ikkje er  klare retningslinjer om kva som skal til eller ikkje skal til for å bli emeritus.

– Vanlegvis blir alle søknader innvilga, hadde ho registrert.

Ragnhild Hennum hadde konkludert med det same som Hanne Flinstad Harbo.

– Om du har klare reglar, kan ei maskin avgjera det. Alle som søkjer, får det som regel innvilga. Me finn alltid ein krok eller plass til dei,. 

Rektorkandidat Giske Ursin utfordra møteleiaren.

– Kanskje det ikkje er noko problem, Storm?

Storm svarte med å fortelja at han som leiar for Akademisk forum på tomannshand fekk høyra om fleire døme på dårleg behandling av emeriti .

– Den varer heilt fram til min mentale død

Jan Helge Solbakk fortalde at han tenkte på å førtidspensjonera seg, før han fekk i hamn eit forskingsprosjekt frå Det europeiske forskingsrådet ERC.

AVLYSTE FØRTIDSPENSJONERINGA: Professor i medisinsk etikk Jan Helge Solbakk fekk eit forskingsprosjekt frå Det europeisk forskingsrådet (ERC) akkurat då han hadde tenkt å førtidspensjonera seg. Dermed blei det ikkje noko av den planen, fortalde han.  (Foto: Ola Gamst Sæther) 

 

Ein annan veteran som deltok i debatten, var Nils Christian Stenseth. Han var 76 år då han fekk tildelt eit forskingsprosjekt frå ERC.

– Eg har inngått ein arbeidskontrakt som varer heilt fram til min mentale død, sa han med ein liten latter.

– Eg vil ikkje bli representert av folk i 60-åra

Den yngste forskaren som er ein del av eit av rektorlaga i dette valet, Heidi Beate Bentzen  frå Team Ursin, tok også ordet då det blei snakk om situasjonen for dei yngre forskarane.

– Eg er den einaste juniorforskaren. Eg vil ikkje bli representert av folk i 60-åra, sa Bentzen som sjølv er fødd i 1978.

– Me har forskjellige ting me legg vekt på. Sjølv om me ikkje får fast jobb med ein gong, får me meritterande oppgåver tidleg, slik at me kan få søkja på faste stillingar, sa ho.

Bentzen meinte praksisen ved forskingsinstitutta kanskje kunne vera ein god modell. 

– Der tilset dei folk og håpar å få det finansiert gjennom eksterne midlar. Desse løysingane kan greiast ut vidare, syntest ho.

– Dei kan registrera seg som studentar 

Eit anna spørsmål som kom opp i debatten, var om dei pensjonerte professorane burde få stemmerett ved val på UiO. Hennum føreslo ein enkel måte å gjera det på.

– Dei kan få stemmerett på UiO ved å registrera seg som studentar.   

Viserektorkandidat Morten Dæhlen hadde ikkje eit klart svar på dette spørsmålet. 

– Eg veit ikkje, men dei burde jo kanskje få det, for dei er store ressursar. 

Leiaren for søkjekomiteen ved UiO jussprofessor Dag Michalsen var klar på at om pensjonerte professorar skulle få stemmerett, måtte andre også inkluderast.

OGSÅ DEI TEKNISK-ADMINISTRATIVE MÅ MED: Leiaren for søkjekomiteen ved UiO, Dag Michalsen (til høgre) meinte at dersom pensjonerte professorar skulle få stemmerett, måtte det også gjelda pensjonerte UiO-tilsette i andre stillingar. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Då må dette gjelda for alle andre tilsette som har gått av med pensjon, slo han fast og sikta mellom andre til dei administrative tilsette.  

Giske Ursin fortalte at Kreftregisterets seniorpolitikk også gir teknisk-administrative tilsette mogleigheita til å jobba etter at dei er blitt pensjonistar.

Hanne  Flinstad Harbo var einig i ein slik politikk.

– Dei sit også med viktig fagkunnskap.

Også ved MN-fakultetet har dette blitt praktisert

– Me har engasjert pensjonerte teknisk-administrative tilsette ved fleire høve, fortalde Morten Dæhlen.

– Ragnhild, me tenkjer ikkje alle

Ragnhild Hennum ville ikkje setja strek for diskusjonen om stemmerett for pensjonistar på UiO. 

– Om det skal vera rettferdig, burde alle få stemmerett. Kor mange ville det bli? Veldig mange jobba her for 20 år sidan. Det hadde vore vanskeleg å avgjera. Dei bør framleis ha tilknyting til verksemda vår. Mange av dei er utan tilknyting til UiO, hadde ho registrert.

Hanne Flinstad Harbo kom med ei presisering .  

– Ragnhild, me tenkjer ikkje alle, men alle som er knytte til UiO. I dag søkjer ein om å bli emeritus.

Hennum meinte at konklusjonen på det måtte vera klar.

Då måtte dei gå heilt bort frå idéen om røysterett for alle inkludert dei pensjonerte teknisk-administrative tilsette, slik Dag Michalsen meinte, for det finst inga emeritusordning for dei teknisk-administrative tilsette.

– Korleis skal reglane vera? spurte ho.

Giske Ursin ville ikkje bruka tid på å diskutera detaljane i ein slik politikk.

– Kanskje stemmene kunne ha telt 25 prosent slik som for studentane, føreslo ho likevel. 

Neste runde med rektorvaldebatt skjer torsdag 13. mars. Då er det studentane som skal grilla rektorkandidatane.

(Artikkelen er oppdatert 5. mars  kl. 10.24 med korrigert sitat frå møteleiar Johan Storm) 

 

• Les meir om rektorvalet 2025 ved UiO: 

Viserektorkandidat Harald Eia på Blindern: – Folk er like smarte som oss

Slik vil rektorkandidatane få UiO-ansatte til å reise mindre med fly

Bernt Hagtvet blir "emeritus-rådgiver" for Giske Ursin

Uenighet om kunstig intelligens blant rektorkandidatene

Rektorvalgdebatt om innovasjon: – Jeg snakker jevnlig med Legemiddelindustrien

Harald Eia : – Jammen, i svarte! Jeg tror kanskje jeg har noe å bidra med her!

Ragnhild Hennum: – Det kommer til å fungere dritdårlig

Giske Ursin: – Vil jobba for å auka gjennomføringsgraden for studentane

Internasjonal rektordebatt: - Det er en dum lov, men det er ingen ting vi kan gjøre med den

Rektorkandidat Ragnhild Hennum: – Dette er historielaust

Giske Ursin trur Harald Eia kan bidra til å gjera UiO meir kjent

Første rektorvalgdebatt: – Man sitter og gjør ingen ting

– Giske Ursin gjer rektorvalet til eit useriøst sirkus

No er det klart: Desse tre blir rektorkandidatar ved UiO

Harald Eia blir med i rektorteamet til Giske Ursin

Direktør i Kreftregisteret Giske Ursin melder seg på som rektorkandidat ved UiO

Hanne Flinstad Harbo blir rektorkandidat ved UiO

Ragnhild Hennum stiller som rektorkandidat ved UiO

Professorveldets endelige endelikt på UiO

Emneord: Rektorvalet 2025, Rektorvalget 2025, Arbeidsforhold, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 4. mars 2025 15:49 - Sist endra 5. mars 2025 10:41

Rektordebatten i Akademisk Forum i går, 3.mars, ble strømmet og tatt opp på video. Video-opptaket vil snart bli lagt ut på Akademisk forums hjemmeside, innen noen dager, trolig 5.mars:

https://www.forskerforbundet.no/foreninger/akademisk-forum-ved-uio.

Tirsdag 25.mars kl.15 arrangerer vi et nytt møte om seniorpolitikk i Akademisk Forum med innlegg av bl.a. økonomen Steinar Holden, aldringsforsker Per Erik Solem, og professor Bernt Hagtvet, som har ansvar for seniorpolitikk I Giske Ursins rektorlag.

I mai (trolig 8.mai) vil Akademisk forum arrangere et møte om unge forskeres situasjon, med representanter fra Akademiet for yngre forskere, Bjørn Danbolt m.fl.

Mvh Johan Frederik Storm, leder i Akademisk forum

 

Johan Frederik Storm - 4. mars 2025 17:27

Det ser dessverre ut til å være noen misforsåelser i Unfiorums reportasje fra møtet i Akademisk forum i går. 3.mars. Bl.a. står det:

"FRYKTA KONKURRANSE: Møteleiar Johan Storm i Akademisk forum frykta det enkelte stader kunne bli  konkurranse mellom emeriti og yngre forskarar."

Dette virker noe misvisende. Jeg la tvert imot stor vekt på at det alt overveiende er *felles interesser og synergi* mellom emeriti og yngre forskere: De yngre og eldre kan som regel utfylle hverandres kompetanse og samarbeide på en svært fruktbar måte, ved at eldre støtter og hjelper frem de yngre, bl.a. ved å dele kunnskaper, internasjonale nettverk osv. åde jeg og andre nevnte gode eksempler på dette. 

I tillegg nevnte jeg at det noen gang kan være fare for konkurranse og rivalisering mellom enkelte *ledere* på den ene side og deres "undersåtter" (inkludert både yngre og eldre forskere) på den andre. Dette kan skje når ledere og deres "undersåtter" konkurrerer om de samme forskningsmidlene, f.eks. SFF-bevilgning.  Ledere kan da ha fordel av å svekke sine konkurrenter, som de har makt over. Jeg nevnte dette spesielt, da det er et mulig problem som hittil har vært lite diskutert. Det er kanskje dette som Uniforum misforsto litt?

 

Johan Frederik Storm - 4. mars 2025 17:49

Jeg la nettopp til en ny kommentar, men den forsvant. Hvorfor?

Johan Frederik Storm - 4. mars 2025 18:31

Redaktør Martin Toft fortalte meg nå kl. 10 i dag, 5.mars, at han har rettet feilsitatet som jeg nevnte i min kommentar i går,  4. mars 2025 17:49 (se ovenfor).

Forresten har Uniforum rett i at det var litt "DÅRLEG OPPMØTE", som de skrev. Det så dessverre litt glissent ut i Sophus Lies auditorium, som er et av UiOs største. Men dette var ikke helt uventet, av flere grunner:

(1) Debatten i Akademisk forum ble både strømmet og tatt opp på video, og mange (bl.a. de fleste emeriti jeg kjenner) valgte å følge strømmingen eller se opptaket i stedet for å møte opp. (Opptaket blir snart lagt ut, trolig innen i morgen, 6.mars, og kan sees her: https://www.forskerforbundet.no/foreninger/akademisk-forum-ved-uio/arrangementer).

(2) Akademisk forums møte kom i tillegg til hele 13 (!) andre offisielle møter om rektorvalget. Vi synes likevel det var riktig å følge Akademisk forums tradisjon og arrangere vårt eget møte om rektorvalget, for å ta opp temaer som hittil har vært lite diskutert. Og møtet ble meget vellykket med livlig debatt om seniorpolitikk, yngre forskeres situasjon, ytringsfrihet, og mye annet.

(3) Dessverre fikk vi ikke forhåndsannonsert møtet så godt som vi pleier, bl.a. fordi jeg lå syk med en kraftig luftveisinfeksjon i hele uken før, og rakk bare så vidt å komme meg på beina til møtet.  Vi unnlot også å annonsere møtet i aviser denne gangen, bl.a. fordi Uniforum sa at de ville publisere et intervju om dette møtet på forhånd, men redaktøren ombestemte seg like før og publiserte likevel ikke dette intervjuet.  

Johan Frederik Storm - 5. mars 2025 11:34

Her er lenke (og QR-kode, nedenfor) til VIDEOPPTAK av REKTORDEBATTEN i Akademisk forum 3.mars 2025, som ble lagt ut på YouTube 5.mars:   https://youtu.be/xcuyeizDj7w

Lenken er også lagt ut, sammen med en pdf-fil med min (J.F. Storm) INTRODUKSJON med spørsmål til rektorkandidatene på AFs hjemmeside: Rektorvalg-debatt 

https://www.forskerforbundet.no/foreninger/akademisk-forum-ved-uio/arrangementer/rektorvalg-debatt

 

Johan Frederik Storm - 7. mars 2025 12:04

Logg inn for å kommentere