Rektorkandidat Ragnhild Hennum: – Dette er historielaust 

Rektorkandidat Ragnhild Hennum reagerer sterkt på lovnaden frå rektorkandidat Giske Ursin om korleis dei skal få gåver frå eksterne. – Dette er historielaust. Me har drive med det i årevis og ikkje fått det til. 

HOPPA I TAKET:  – Eg er sikker på at Svein Stølen ville ha hoppa i taket, om han hadde fått lista over dei stiftingane som gir pengar til universiteta, sa rektorkandidat Ragnhild Hennum i den andre rektorvaldebatten. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var stinn brakke i Auditorium 7 i Eilert Sundts hus då den andre rektorvaldebatten blei blåst i gang av debattleiar Arild Blomkvist frå Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. Dei tre rektorkandidatane Hanne Flintstad Harbo, Ragnhild Hennum og  Giske Ursin fekk tre minutt kvar for å presentera seg og rektorlaget sitt. Hovudutfordringa rektorkandidatane fekk var korleis dei skulle få til meir framifrå forsking på UiO.  

FULLT AUDIOTORIUM: Auditorium 7 i Eilert Sundts hus var stappfull under det andre rektorvalmøtet i går. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Me må gjera ei kulturendring

Debatten gjekk ganske roleg føre seg heilt fram til rektorkandidat Giske Ursin og prorektorkandidaten hennar Stefan Krauss kom inn på ekstern finansiering av forsking på Universitetet i Oslo.  

– Å henta inn store pengegåver tar tid. Me må gjera ei kulturendring. Det er ein kjempejobb som me får til så snart som mogleg, lova Giske Ursin.  

– Korleis får du med deg organisasjonen på dette? lurte debattleiar Arild Blomkvist på.  

– Det krev mykje tid. Og det krev mykje frå toppleiinga også. Dette skal me få til. Me snakkar me folk som seier at dette må me få til, fortalde ho.

– Me må henta inn pengar, ikkje ord

Og prorektorkandidaten hennar Stefan Krauss fylgde opp.  

– Me snakkar om økonomi i motsetning til dei andre teama. Om du ser kva regjeringa føreslår, går det pengar gjennom undervisning. Gå ut og hent pengar. Det er ein viktig pilar frå regjeringa. Me må henta inn pengar, ikkje ord, understreka han. 

FEKK IKKJE MEDHALD: Rektorkandidat Giske Ursin fekk ikkje medhald frå dei andre rektorkandidatane i korleis ho ville at UiO skulle få inn meir ekstern finansiering av forsking. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Ursin viste til at det i tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet står at det som manglar er større innsats frå næringslivet. 

– Det har vore forsømt i dag, tykte Ursin.  

Rektorkandidat Hanne  Flinstad Harbo kjøpte ikkje framstillinga til Team Ursin/Krauss når det galdt moglegheitene for finansiering av forsking. 

– Det skriv me alle om i både Khrono og i Uniforum. Me har prorektorkandidat frå HumSam, og me må jobba for dei, lova ho.  

Ursin avviste at tanken deira berre er å skaffa gåver til forsking på bestemte område.  

– Nei, det er ikkje det me seier. Me vil ha institusjonsgåver som kan brukast utan vilkår, presiserte ho.   

...ikkje med drøymepengar

Heller ikkje rektorkandidat Ragnhild Hennum let seg imponera over planane Team Ursin/Strauss har for ekstern finansiering av forsking 

– Om de hadde visst kor mykje pengar UiO har brukt for å få det til, ville det ha stått igjen med å slutta  dykk til å saldera med dei pengane me har, og ikkje med drøymepengar, var oppfordringa hennar.

Ho fekk støtte frå Harbos viserektorkandidat for forsking, innovasjon og berekraft Morten Dæhlen.  

– Me må saldera med dei pengane me har. Eg kjem til å stå opp om morgonen og leggja meg om kvelden med dette for auget, var lovnaden han gav forsamlinga.  

Hennums prorektorkandidat Bjørn Jamtveit minna om at det ikkje er UiO sentralt som håvar inn pengar.  
– Det er forskarane som drar inn pengar. Ein i denne salen har dratt inn ein halv milliard åleine. Det er dei som får inn pengar, ikkje UiO sentralt.  

– Svein Stølen ville ha hoppa i taket

Rektorkandidat Ragnhild Hennum  var sikker på at det ville vera vanskeleg å finna eit oversyn over eksterne gjevarar. Og ho trekte inn dagens rektor i debatten.

– Eg er sikker på at Svein Stølen ville ha hoppa i taket, om han hadde fått lista over dei stiftingane som gir pengar til universiteta, utbraut ho.  

Det fekk ikkje Stefan Krauss, prorektorkandidaten til Giske Ursin, til å gå tilbake på målet om å få inn meir ekstern finansiering. Han viste til kva andre institusjonar i Noreg har fått til.  

– Eg er overraska over at dei andre rektorteama ikkje er så godt informerte om dei andre universiteta. NTNU har 1,7 milliardar frå ekstern støtte. NMBU har også fått ekstern støtte, peika han på.  

Rektorkandidat Raghnild Hennum let seg ikkje imponera.  

– Dette er historielaust. Me har drive med det i årevis og har ikkje fått det til.  

Giske Ursin meinte heller ikkje det var lett å få tak i desse pengane.  

– Dei siglar ikkje på ei fjøl. Men dei er der, var ho sikker på.  

– Me er eit breiddeuniversitet

I debatten kom rektorkandidatane også inn på korleis UiO gjer det på dei internasjonale rangeringane over verdas beste universitet.  

Rektorkandidat Ragnhild Hennum hadde nyleg fått vita at juss på UiO, er nummer 36 på verdsrangeringa til Times Higher Education, samtidig som både fag på HF og SV også gjorde det ganske bra.  

– Me er eit breiddeuniversitet. Me må dekkja heile den faglege breidda. Me er leiande på ein del felt, som til dømes SV, HF innimellom, jus av og til, medan det er meir blanda på MedMat, hadde  ho notert seg.  Hennum  syntest likevel det er viktig å tenkja på tvers av universitetet. 

– Me har noko å henta på å bli meir tverrfaglege. Me må vera gode i profesjon og dra nytte av den store faglege breidda på UiO, sa ho.  

Rektorkandidat Giske Ursin stod fast på at det ikkje er lett å skaffa pengar til forsking.  

– Det er vanskelegare og vanskegare. Kva skal me gjera for å få det betre til enn konkurrentane våre i inn- og utland? spurte ho og fekk svar frå sin eigen prorektorkandidat Stefan Krauss. 

– Me burde spørja kva verda meiner om oss.  UiO er  nummer 60 internasjonalt på ei rangering.  

– Juss er nummer 36, minna Hennum han om. 

– Me vil aldri bli best i alt

Hennums prorektorkandidat Bjørn Jamtveit fylgde opp innspelet frå Team Ursin/Kraus 

– Me vil aldri bli best i alt, men i nokre fag. Me har nok til å byggja frontfag, sa han. 

Rektorkandidat Hanne  Flinstad Harbo viste til kva som er grunntanken på UiO.  

– Me skal vera eit breiddeuniversitet. Min viserektorkandidat Bjørn Stensaker har skrive bok om rangering, skrytte ho. Og Morten Dæhlen, hennar viserektor for forsking, innovasjon og berekraft, tok endå hardare i.  

– Me er internasjonalt leiande nasjonalt. UiO har satsa på forskingsfronten heilt sidan det blei danna i 1811. Me er ikkje gode i alt, men gode over heile breidda, var han sikker på.  

Rektorkandidat Giske Ursin meinte at forskarar trengte ekstra lokkemiddel.  

– Me må ha insentiv til forsking for at forskarar skal bli gode.  

– Eg er einig i at me bør bli betre, repliserte Harbo på den utfordringa. 

– Me fryktar at pengane vil koma frå oss

Hennum peika på at sjølv om dei er gode på juss, så er det ein liten del av ressursane til UiO som går med til å finansiera fakultetet ho er dekan for.  

– Me som er nr 36 i verda, har 4 prosent av UiOs basisøkonomi medan me har 13 prosent av studentane, konstaterte ho.

Hennum vedgjekk at ho var litt uroleg for den framtidige finansieringa av faga på UiO.  

– Me som gjer det bra på HumSam-faga, blir bekymra når MedNat-feltet skal gjera det endå betre, og me fryktar at pengane vil koma frå oss, sa ho.  

– Livsvitskapsbygget er ei kjempeutfordring

Eit av dei byggjeprosjekta som mange fryktar kan bli eit pengesluk på UiO er Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen. Det kom også rektorkandidat Giske Ursin inn på. 

– Livsvitskapsbygget er ei kjempeutfordring. UiO treng 180 mililonar i året over 40 år. Ulik forsking treng ulik finansiering, til dømes om ein samanliknar jus med medisin,  peika ho på.  

– Du må ha breidde, og så kan det koma sterke miljø. Me må gjera noko for å få dyktige professorar til å koma hit som til dømes NTNU har klart. Eg har tatt doktorgrad ved UCLA som er nummer 36 i verda. UiO må løftast opp frå nr 60 til 20 internasjonalt, tykte Giske Ursin.   

– For då går MN-fakultetet konkurs

Ragnhild Hennum var sikker på at UiO ikkje ville kunne gå med på den føreslegne leigekontrakten med Statsbygg for Livsvitskapsbygget.   

– Vilkåra er blitt endra, og UiO må betala husleige. Og den blir ikkje underskriven. For då går MN-fakultetet konkurs, konkluderte ho med.  

Ursin lurte på kor sannsynleg det er å få det til, medan Harbo var meir optimistisk:  

GOD STEMNING: Det var god stemning mellom rektorkandidat Hanne Flinstad Harbo og viserektorkandidaten hennar for forsking, innovasjon og berekraft Morten Dæhlen. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Universitetsdirektør Arne Benjaminsen vil løysa saka med KD. Me som står i rektorteama har ansvaret for å landa dette på best mogleg måte. Me sit tett og ser på rigginga av det bygget. Eg trur me får støtte frå KD for å få ferdig det bygget, sa ho.  

Fekk spørsmål om Gaza og samarbeid med forskarar i Israel

På slutten av debatten blei det opna for spørsmål frå publikum. Eit av spørsmåla handla om situasjonen i Gaza og kva UiO vil gjera for å hjelpa til med å byggja opp igjen utdanningsinstitusjonane der.  

Viserektorkandidat for utdanning for Team Harbo har også den same posisjonen i rektoratet til Svein Stølen. Han kunne koma med  heilt nye opplysningar.  

– Me har ein prosess på gang saman med Oslomet. Me skal ha ein nasjonal dugnad på dette i februar. Saman med Scholars at Risk (SAR) og  med dei lærestadene som finst der nede, svara han .  

Ragnhild Hennum trekte fram at det også ville vera nødvendig å hjelpa palestinarar i andre land.  
– Me kan jobba i Jordan og andre stader. For å byggja opp Gaza må me tilby noko heilt anna enn det UiO kan, slo ho fast.  

Giske Ursin tenkte på studentane i området. 

– Det viktigaste er å ta seg av studentane som lir på grunn av det som skjer. 

Rektorkandidatane fekk også eit spørsmål om kva dei ville gjera for å hindra samarbeid mellom forskarar ved UiO og i Israel på grunn av det vedkomande som stilte spørsmålet kalla folkemordet i Gaza. 

Rektorkandidat Ragnhild Hennum kom med eit klart svar:  

– UiO kan ikkje ha ein eigen utanrikspolitikk. Det tyder ikkje at me ikkje kan reagera på brot på folkerett og menneskerettar. Å nekta professor til professor-samarbeid er i konflikt med akademisk fridom,  slo ho fast.  

Harbo støtta Hennum:  

– Eg er på same linje. 

Måtte driva eigenreklame  

Alle rektorkandidatane fekk også spørsmål om kvifor folk burde stemma på akkurat dei. Først ute var Ragnhild Hennum:  

– Eg trur me her av same grunn alle saman. Me bryr oss om UiO og vil bestemma korleis universitetet skal vera framover når det gjeld  akademisk fridom, inkludering og fellesskap.  Me vil jobba med studentane og alle andre som jobbar på UiO, lova ho. 

Rektorkandidat Giske Ursin kom også med viktige grunnar til at folk burde stemma på henne og prorektorkandidat Stefan Krauss.  
– Me vil at UiO skal bli eit av verdas beste 30 universitet på 30 år. Me må klara å fremja framifrå forsking endå meir, og me vil auka gjennomføringsgraden blant studentane. Me representerer noko heilt nytt for me har  ikkje vore med i dekanat, rektorat  eller anna på UiO. Me har leiarerfaring frå andre stader. Og me vil ta med ein studentrepresentant i teamet, lova ho.  

Rektorkandidat Harbo var også klar på kvifor veljarane burde stemma på henne. 

– UiO treng ein sterk og samhandlande rektor. Derfor har prorektorkandidaten fått tittelen prorektor for samhandling og kommunikasjon. Eg var også leiar for ein sjukehusklinikk under pandemien, viste ho til.  

Neste rektorkvaldebatt skjer seinare i dag. Då blir debatten på engelsk. Og på onsdag blir det to ordinære  norskspråklege rektorvaldebattar. Torsdag kveld skal rektorkandidatane møtast i Domus Bibliotheca. Arrangøren er Khrono og ansvarleg redaktør Tove Lie vil vera debattleiar.

Rektorvalet tar til den 24. mars og vil halda på fram til og med 4. april. 

• Les meir om rektorvalet 2025 i Uniforum: 

Giske Ursin trur Harald Eia kan bidra til å gjera UiO meir kjent

Første rektorvalgdebatt: – Man sitter og gjør ingen ting

– Giske Ursin gjer rektorvalet til eit useriøst sirkus

No er det klart: Desse tre blir rektorkandidatar ved UiO

Harald Eia blir med i rektorteamet til Giske Ursin

Direktør i Kreftregisteret Giske Ursin melder seg på som rektorkandidat ved UiO

Hanne Flinstad Harbo blir rektorkandidat ved UiO

Ragnhild Hennum stiller som rektorkandidat ved UiO

Professorveldets endelige endelikt på UiO

Rektorkandidatar får kortare frist: – Gir meir tid til valkamp

Aud Tønnessen vil ha Ragnhild Hennum som rektorkandidat

Tiden er inne for å engasjere seg i universitetsdemokratiet

Her er søkekomiteen for rektorvalget i 2025

Emneord: Rektorvalet 2025 Av Martin Toft
Publisert 28. jan. 2025 04:30 - Sist endra 29. jan. 2025 12:29

Logg inn for å kommentere