For tredje gong under rektorvalkampen inviterte rektorkandidat Giske Ursin til Frukost med Bernt i Eilert Sundts hus i dag. Denne gongen hadde ho invitert medisinprofessor Ole Petter Ottersen, tidlegare rektor ved UiO (2009-2017) og Karolinska Institutet (2017-2023) til å halda eit innlegg om vitskapsforakt og om den vanskelege situasjonen for akademia i USA under dei første to månadene med Donald Trump som president for andre gong.
• Les også: "Frukost med Bernt" blei vekt til live igjen med fødselshjelp frå Giske Ursin
Det første Ottersen sa då han tok ordet, var at han ikkje ville blanda seg inn i rektorvalkampen.
– Eg som tidlegare rektor, tar inga stilling i rektorvalet, understreka han, før han gjekk vidare til det han eigentleg skulle snakka om: Krisa for akademia i Donald Trumps USA.
Ottersen såg utover forsamlinga og konstaterte at mellom dei 20 personane var det fleire over enn under 60 år.
– Kvar er studentane? spurte han. – Det eg skal snakka om handlar om framtida deira.
– Det seinka seg ein global vinter over USA og verda
Ole Petter Ottersen tok utgangspunkt i dagen då Donald Trump for andre gong blei innsett som president i USA.
– Den 20. januar 2025 var eg i Tampa, Florida. Eg hadde fått jobbtilbod, men det har eg sagt nei til av grunnar som de forstår. Det var ein sommardag i Tampa, men det seinka seg ein global vinter over USA og over heile verda, fortalde han.
Ottersen fortalde at då han kom på universitetet var kollegaene han mest opptekne av å granska den nyleg publiserte lista over forbodne ord.
– Alle måtte gå gjennom heimesidene sine for å reinska dei for forbodne ord. Dei var redde for sitt eige skinn. Og dei hadde ikkje tid til å snakka med meg. Mine kollegaer i Tampa begynte å gå på gummisålar, sa Ottersen.
– Heldigvis trekte Dag Rune Olsen underskrifta
Han viste til det siste nyhendet som kom frå Universitetet i Tromsø i går ettermiddag.
– Ved UiT skreiv dei under på ein kontrakt med eit amerikansk universitet, om at dei ikkje skal forska på kjønn og klima. Heldigvis trekte rektor Dag Rune Olsen underskrifta tilbake. Det utgjorde ein kontrakt på 400 000 kroner, peika han på.
Ottersen var heller ikkje ukjent med slike krav frå den tida han var rektor på Karolinska institutet og Donald Trump var president for første gong.
– Då kom det kontraktar som sa at me måtte fylgja sanksjonar som USA til ei kvar tid innførte.
Som medlem av The Lancet-kommisjonen, har han sett på nært hald korleis Trumps politikk har påverka verda.
– Heile det globale helsesystemet er i ferd med å bli rive ned. USA trekkjer seg ut av nesten alle multilaterale organisasjonar. Også NHA (National Healthcareer Association) som me er avhengige av, får mindre pengar.
– Me skal ikkje lata oss paralysera
Han trekte også fram situasjonen ved Columbia University.
– Dei blei truga med å ikkje få overført 400 millionar dollar frå dei føderale styresmaktene. Grunnen til at det var akkurat 400 millionar, var at det var det Trump hadde tapt i ei eigedomssak mot Columbia University for 25 år sidan. Dette er ei hemnbasert styringsform frå Trumps side, meinte Ottersen.
Den tidlegare UiO-rektoren brukte også utvisinga av ein kvinneleg tyrkisk student frå Tuft University som eit grelt døme på Trumps politikk overfor universiteta.
– Og de høyrde sikkert intervjuet med UiO-studenten i Dagsnytt 18 som no er på Harvard, der dei må gå under jorda for å uttrykkja det dei eigentleg meiner, sa han.
Likevel var ikkje Ole Petter Ottersen heilt utan håp.
– Enno har Trump mykje makt i sin posisjon, men det finst også krefter som kjempar imot. Me skal ikkje lata oss paralysera av det som hender, understreka han.
– Kanskje eg blir sett på første fly heim?
Ottersen tykte at dagens politikk mot akademia i USA står i sterk kontrast til den politikken som USA sette i verk rett etter Den 2. verdskrigen. Då skreiv president Franklin D. Roosevelts tidlegare rådgjevar Vannevar Bush notatet "Science:The Endless Frontier". Der viste Bush korleis USA skulle satsa på forsking og høgare utdanning og bli eit framgangsland på området.
– Samtidig understreka han sterkt at dei akademiske institusjonane skulle ha full akademisk fridom, sa den tidlegare UiO-rektoren.
No står Ole Petter Ottersen snart på farten til USA igjen.
– Eg skal til Harvard om få dagar. Klima, mangfold og helse og miljø står på lista til konferansen. Det blir spennande. Men eg veit ikkje om eg kjem fram. Ein fransk professor blei returnert. Kanskje eg blir sett på første fly heim?, spøkte han alvorsfullt.
Ottersen kom også inn på ein artikkel som nyleg blei publisert i Nature:
– Der spurte dei amerikanske forskarar om dei har tenkt å dra til Europa eller andre stader? 75 prosent sa ja, refererte han.
– Helse og bistand gir jo også sikkerheit til eige land
Ole Petter Ottersen rekna kuttet av budsjettet til USAID som ein megatabbe.
– USAID står for 40 prosent av all bistand i verda, inklusive Afrika. Heller ikkje Kina har klart å oppnå dette. No er både Afrika og Latin-Amerika fulle av Kina, som jo er hovudfienden til USA, konstaterte han.
Ottersen trudde ikkje det var mogleg å få Donald Trump på andre tankar.
– Trump hatar multilateralisme. Han er ein bilateral transaksjonist. Alt han gjer er basert på det han har drive med heile tida: Kjøp og sal og utvikling av eigedomar. Han held seg derfor til enkeltaktørar. Derfor nyttar det ikkje å bruka multilateralisme- eller soft power- eller geopolitisk inngang til Trump, slo han fast.
Ottersen hadde heller ingen tru på at det var mogleg å overtyda Trump om han må endra politikk ved å visa til sikkerheit og velstand.
– Han har jo ein helseminister som ikkje stolar på sikkerheit. Helse og bistand gir jo også sikkerheit til eige land. Det forstår ikkje Trump. Det beste dømet på det, er at han vel Kennedy jr. som helsesminister.
Ottersen trur heller ikkje at Trump forstår at ved å innføra toll på all import av varer, så vil det også råka velstanden til vanlege amerikanarar.
– Han forstår ikkje at innføring av toll er den beste måten å redusera USAs velstand på over tid. Eg er ingen økonom, men eg forstår at dette er eksakt det same som skulepengar. Me tener på dei det første året eller åra, men så går det dårleg.
1930-talet på nytt?
Ottersen samanlikna situasjonen med den i Tyskland på 1930-talet.
– Albert Einstein kom då til Princeton University og blei tatt imot som ein helt og fekk mykje høgre lønn enn han hadde bede om, sa han.
Men Ottersen minna om at det også finst forskarar i andre delar av verda som har det tøft.
– Ahmadreza Djalali er ein forskar frå Karolinska Institutet som framleis er fengsla i Iran. Me må engasjera oss for han og alle andre også, oppfordra han.
• Les også: Svensk-iransk forskar er i live-advokat krev ny rettargang
Giske Ursin fortalde litt om korleis det er å reisa inn i USA no.
– Viss dei ber om å få kika på mobilen din, når du skal inn i USA, så er det fordi dei veit noko om deg, var ho sikker på.
Ho var skuffa over Columbia University.
– Me tenkte at Columbia skulle stå opp og forsvara den akademiske fridomen. Det blir sagt at dei ikkje har vore flinke nok til å verna dei jødiske studentane på campus. Så kom det krav om 400 millionar dollar i hemnpengar. Har Columbia noko val?
Ved Berkeley har dei demonstrert for akademisk fridom og mot økonomisk kutt, viste ho til.
Giske Ursin brukte også dei tilsette på Harvard University som døme på at fleire protesterer.
– På Harvard prøvde dei å inngå eit kompromiss ved å gjera noko med Midtausten-senteret. Då bad 700 vitskaplege tilsette leiinga ved Harvard om å gå til sak mot den amerikanske regjeringa for å forsvara den akademiske fridomen.
– Han kan bruka dei militære
Trond Nordby, professor emeritus i statsvitskap ved UiO, var mindre pessimistisk enn Ottersen.
– Eg trur at USA er så grunnfesta i den demokratisk tradisjonen at eg er meir optimist enn det du er. Eg trur ikkje dei kjem til å gå så langt som det du antyda.
– Dette var ei rein lissepasning til mine verste draumar om framtida, svarte Ottersen og utdjupa det:
– For når Trump verkeleg vil oppnå noko, då definerer han det som ei krise. Han brukte ei lov frå 1798 som gir han rett til å bruka det militære. Under den førre perioden hans ville han bruka dei militære i interne stridar i delstaten Oregon. Eg deler ikkje optimismen din. Om Trump vil, kan han erklæra ein demonstrasjon som ein konflikt eller krise, og han kan bruka dei militære, frykta Ole Petter Ottersen.
• Les meir om situasjonen for akademia og presidentskiftet i USA:
Rektor ved Columbia University går av
Trump krever at forskere verden rundt fyller ut spørreskjema om DEI, kjønn og klima
Columbia University bøyer av for press fra Trump
Likheten mellom hillbillyen J.D. Vance og innvandrersønnen Abid Raja
Utdanningsdepartementet i USA blir halvert
Sigrun Aasland: – Heile sektoren er uroleg for det som skjer i USA
LEIAR: Me må slå ring om akademia i USA
Det Norske Videnskaps-Akademi: – Forskarar er rysta langt inn i beinmargen
Amerikansk gjesteforskar spår hjerneflukt frå Donald Trumps USA
UiO-professor: – Ingen står klar til å overta Donald Trumps posisjon om han døyr
Scott Gates om USA-valet: – Det ser ut til å bli uavgjort
Institutt for statsvitskap skal formidla kunnskap om USA-valet medan det skjer
Logg inn for å kommentere