Rektor ved Columbia University går av

Konstituert rektor Katrina A. Armstrong ved Columbia University går av.  Det meldte universitetet på sine eigne nettsider på fredag. Styreleiar og tidlegare TV-journalist Claire Shipman overtar som rektor. 

GÅR AV: Katrina A. Armstrong blei konstituert rektor ved Columbia University i august 2024. No går ho av. 

Foto: Columbia University

Ei veke etter at Columbia University gjorde det kjent at dei godtok Trump-administrasjonen sine krav til universitetet, går Katrina A. Armstrong av som konstituert rektor, melder Khrono i dag. 

Avisa har både CNN og Columbia University sine nettsider som kjelder for nyhendet. På den sistnemnde nettstaden kunngjorde Katrina  A. Armstrong sjølv på fredag at ho ville gå av som konstituert rektor og gå tilbake til leiarstillinga ved Irving Medical Centre på Columbia University. 

Det var tidlegare denne månaden det blei klart at administrasjonen til president Donald Trump ville halda tilbake 400 millionar dollar i løyvingar  til Columbia University dersom universitetet  ikkje innfridde bestemte krav. Det innebar mellom anna å gi sikkerheitsvakter fullmakt til å gjennomføra arrestasjonar på universitetsområdet. Dessutan kravde presidentadministrasjonen at Institutt for studiar av Midtausten, Asia og Afrika, ikkje lenger skulle styra seg sjølv, men leggjast direkte under universitetsleiinga. I helga publiserte Khrono eit støttebrev frå vitskapleg tilsette og stipendiatar frå Institutt for kultur, religion, Asia- og Midtaustenstudium ved UiO til dei utsette kollegaene sine ved Columbia University. 

Katrina A. Armstrong blei innsett som konstituert rektor etter at forgjengaren hennar Minouche Shafik, måtte gå av på grunn av handteringa av dei anti-israelske og propalestinske demonstrasjonane etter at den siste konflikten mellom Israel og Hamas tok til den 7. oktober 2023. Det var etter at ho både hadde blitt grilla om antisemittisme i Kongressen og hadde bede politiet gripa inn mot Gaza-demonstrasjonar at ho til slutt måtte trekkja seg som rektor. 

• Les meir om situasjonen for akademia og presidentskiftet i USA: 

Trump krever at forskere verden rundt fyller ut spørreskjema om DEI, kjønn og klima

Columbia University bøyer av for press fra Trump

Likheten mellom hillbillyen J.D. Vance og innvandrersønnen Abid Raja

Utdanningsdepartementet i USA blir halvert

Sigrun Aasland: – Heile sektoren er uroleg for det som skjer i USA

LEIAR: Me må slå ring om akademia i USA

Det Norske Videnskaps-Akademi: – Forskarar er rysta langt inn i beinmargen

Amerikansk gjesteforskar spår hjerneflukt frå Donald Trumps USA

UiO-professor: – Ingen står klar til å overta Donald Trumps posisjon om han døyr

Scott Gates om USA-valet: – Det ser ut til å bli uavgjort

Institutt for statsvitskap skal formidla kunnskap om USA-valet medan det skjer

Emneord: USA, Akademisk frihet Av Martin Toft
Publisert 31. mars 2025 17:12 - Sist endra 25. apr. 2025 16:05

Logg inn for å kommentere