Oppseiinga av halvparten av dei tilsette i det amerikanske utdanningsdepartementet er truleg berre eit førvarsel før heile departementet vert lagt ned. Det stadfestar også utdanningsminister Linda McMahon på direkte spørsmål frå Fox News, ifylgje The Guardian. – Ja, det er oppdraget frå presidenten, sa ho.
Før varselet om at halvparten av staben måtte gå, blei kontora til departementet stengde frå tysdag kveld og ut heile onsdag, står det i eit internt notat nyhendebyrået Reuters har sett.
Det amerikanskej utdanningsdepartementet har det øvste administrative ansvaret for studielån for 1,6 trillionar dollar til 43 millionar låntakarar over heile USA. Dei passar også på at borgarrettslovene blir innførte i alle skular og i tillegg gir dei føderal økonomisk støtte til fattige distrikt i USA.
Det er teknologimogulen Elon Musk og effektiviseringsdepartementet han leier (Doge) som gjennomfører desse nedskjeringane.
Alle dei som no har fått beskjed om at dei ikkje lenger får jobba i Utdanningsdepartemenet vert permiterte frå arbeidsplassen sin frå og med 21. mars.
• Les meir om situasjonen for akademia i USA:
Sigrun Aasland: – Heile sektoren er uroleg for det som skjer i USA
LEIAR: Me må slå ring om akademia i USA
Det Norske Videnskaps-Akademi: – Forskarar er rysta langt inn i beinmargen
Amerikansk gjesteforskar spår hjerneflukt frå Donald Trumps USA
UiO-professor: – Ingen står klar til å overta Donald Trumps posisjon om han døyr
Scott Gates om USA-valet: – Det ser ut til å bli uavgjort
Institutt for statsvitskap skal formidla kunnskap om USA-valet medan det skjer
Logg inn for å kommentere