Etter at Donald Trump blei president i USA for andre gong 20. januar i år, har han ført ein kamp mot fleire av dei amerikanske eliteuniversiteta som Columbia-universitetet i New York og Harvard-universitetet i Massachusetts.
Han har mellom anna skulda dei for å spreia antisemittisme fordi det har vore mange demonstrasjonar på desse universiteta mot Israels politikk overfor palestinarane i Gaza og i okkuperte område på Vestbreidda.
Harvard har gått til domstolane
Trump har pressa universiteta ved å nekta statlege overføringar på 400 millionar dollar til Columbia og opp til 2,46 milliardar dollar til Harvard. Medan Columbia gav etter, har leiinga for Harvard bestemt seg for ikkje å gi etter for krava frå Donald Trump. Presidenten har svart ved å nekta Harvard å ta imot nye utanlandske studentar.
Harvard har gått til domstolane for å få presidenten til å omgjera presidentordren, og så langt har Harvard vunne fram i to rundar i rettssalen.
Denne veka besøkte professor Roger Pielke Jr. Universitetet i Oslo. Han har tidlegare vore professor i vitskaps- og teknologipolitikk ved University of Colorado Boulder og driv no med forsking ved den uavhengige tankesmia American Enterprise Institute (AEI) i Washington.
I Noreg er han utanlandsk medlem i Vitskapsakademiet. Pielke blei invitert til UiO av Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og biologiprofessor Nils Chr. Stenseth.
– Forferdeleg
I eit møterom i Bikuben i Kristine Bonnevies hus heldt Robert Pielke Jr. eit føredrag om situasjonen for akademia i USA akkurat no, og korleis det enda opp med ein open konflikt mellom president Donald Trump og nokre av eliteuniversiteta i USA.
I eit intervju med Uniforum legg han ikkje skjul på at det er vanskeleg å vera både student og forskar i USA for tida.
– Det finst berre eitt ord for å skildra det: Forferdeleg. Trump-administrasjonen er i ferd med å senda ei rivingskule mot forskingsinstitusjonar og leiande universitet som Harvard.
Roger Pielke Jr. meiner at det er viktig for han sjølv og andre i akademia å gå tilbake i tid for å sjå kva som førte til den situasjonen dei er i no.
– For dette handlar ikkje berre om Donald Trump. Det er administrasjonen hans som driv og øydelegg masse akkurat no, slår han fast.
Inngjekk sosial kontrakt etter Den andre verdskrigen
Roger Pielke viser til avtalen den dåverande leiarar for det amerikanske forskingsrådet Vannevar Bush klarte å få USAs president til å gå med på i 1945.
– Då inngjekk USAs regjering og vitskapen ein sosial kontrakt. Ideen var at vitskapen skal koma alle til gode, fortel han.
Denne kontrakten varte til byrjinga av 2000-talet.
– Då bestemte republikanarane seg for at vitskapen kunne vera ei god skyteskive. Demokratane bestemte seg for å appellera til folk med utdanning frå høgskular og universitet. Slik enda me opp i eit skilje mellom dei som støtta vitskapen og dei som ikkje gjorde det. Prosessen har gått føre seg i 20 år og fram til dit me er i dag, seier han.
Etter Roger Pielkes meining kom klimakset i 2021.
– Då heldt dagens amerikanske visepresident J.D. Vance ein tale der han kalla universiteta for fienden.
Men Roger Pielke jr. meiner at mange i akademia og i vitskapssamfunnet sjølv inviterte til dette slaget. Han peikar på at fleire av dei trudde at forsking kunne bli ei politisk kraft.
– Kva skjer om du då er på den tapande sida i det slaget? Det er det som me ser i dag.
Han ser likevel eit håp om at noko kan skje på kort sikt.
– No er det i hendene til advokatar og lobbyistar. Det er eit håp om at Kongressen kan reisa seg og få gjort jobben sin. Dessverre kan ikkje forskarar og akademikarar få så mykje gjort på kort sikt. Men på lang sikt må me venda tilbake til den sosiale kontrakten og gjera det klart at vitskap er for alle, både for republikanarar og demokratar. Det spelar inga rolle kven du stemmer på, understrekar han.
– Leiande virologar begynte å blokkera meg
Derfor vil han ha eit samfunn der folk er mindre politiske i korleis dei tar opp ulike tema.
– Det er problematisk, for i dag er mange vitskapsfolk og akademikarar på den politiske venstresida. Deira politiske eigeninteresse leier dei til ein konflikt med republikanarane, konstaterer han.
Pielke Jr. har ein medisin mot dette.
– Me må vera langt meir opne for mangfald av politiske synspunkt og erkjenna at universitet utdannar folk uavhengig av kva politisk overtyding dei har. For me forskar på medisinar og løyser klimaendring og andre ting for alle, ikkje berre for dei som deler verdiane våre, seier han med ettertrykk.
Roger Pielke Jr. har sjølv blitt møtt med personlege sanksjonar frå forskarsamfunnet etter å ha tatt opp omdiskuterte tema som til dømes opphavet til Covid-19-pandemien.
– Sjølv er eg ingen virolog, men eg driv på med forskings- og teknologipolitikk. Rett etter at Covid-19-pandemien braut ut, tok eg til orde for at det måtte vera nødvendig med ei uavhengig undersøking for å finna meir ut om opphavet til dette viruset utan å tenkja på kva resultatet kunne bli, fortel han.
Men han møtte sterk motbør hos etablerte forskarar på fagfeltet.
– Leiande virologar begynte å blokkera meg i sosiale media. Dei begynte å kalla meg for ting, og identifiserte meg som fienden deira, hugsar han.
Men det var ikkje første gongen han opplevde det. For også då han uttalte seg om klimaendringar, møtte han liknande motstand.
– Det er ein uheldig ting og viser at storpolitikk har kome tilbake i akademia. Som akademikarar skal me vera opne for forskjellige idear, debatt og diskusjon. Og når det er ein global pandemi, er det underleg at nokre vil vera imot ei undersøking av kvar den kjem frå, synest han.
• Les meir om USA og akademia i Uniforum:
– USA vil kanskje ikke lenger ha de beste universitetene
Trump suspenderer visumsøknader for Harvard-studentar
Trump vil frata Harvard muligheten til å ta imot utenlandske studenter
Harvard går til søksmål mot Trump
Toppforskarar frå amerikanske vitkskapsakademi protesterer mot Trumps angrep på forskinga
O.P.Ottersen: – Donald Trumps styringsform er basert på hemn
Rektor ved Columbia University går av
Trump krever at forskere verden rundt fyller ut spørreskjema om DEI, kjønn og klima
Columbia University bøyer av for press fra Trump
Likheten mellom hillbillyen J.D. Vance og innvandrersønnen Abid Raja
Utdanningsdepartementet i USA blir halvert
Sigrun Aasland: – Heile sektoren er uroleg for det som skjer i USA
LEIAR: Me må slå ring om akademia i USA
Det Norske Videnskaps-Akademi: – Forskarar er rysta langt inn i beinmargen
Amerikansk gjesteforskar spår hjerneflukt frå Donald Trumps USA
Logg inn for å kommentere