Johan Storm: – Smartare å tilby ein nytilsett person erstatningskontor

I morgon må professor emeritus Johan Storm ut av kontoret sitt i Domus Medica. No har den 70 år gamle forskaren fått tilbod om eit erstatningskontor. – Det er i alle fall minst ti ledige rom her, seier han.

FINT KONTOR: – Dette er eitt av fleire rom der ein nytilsett forskar kan få eit fint kontor, og så kan eg sleppa å flytta ut av kontoret mitt medan eg fullfører prosjekta mine, seier professor emeritus Johan Storm. 

Foto: Ola Gamst Sæther

To veker etter at Johan Storm stod fram i Uniforum og fortalde om at han var truga med utlytting frå kontoret sitt av leiinga på Institutt for medisinske basalfag ved UiO, viser 70-åringen oss rundt i Domus Medica. Han vil gjerne at me med eigne auge skal sjå kor mange ledige møterom og andre rom i bygningen som nesten ikkje er i bruk eller som ikkje blir brukte i heile tatt. Eitt av dei ti  romma han peikar ut,  er eit møterom på hjørnet av det nyaste tilbygget til Domus Medica.

 Johan Frederik Storm: 

– hjerneforskar og professor emeritus ved Det medisinske fakultetet, UiO. 

– fødd 8. januar 1951 (70 år) 

– har publisert meir enn 120 vitskaplege publikasjonar, blant anna i større, internasjonalt anerkjente tidsskrift som Nature, Neuron, Nature Neuroscience og PNAS. Han er blitt sitert meir enn 9400 gonger

– sidan 2015 har Storm og  forskargruppa hans fokusert på bevisstheitsforsking, dvs. korleis fysisk aktivitet i hjernen gir opphav til subjektive opplevingar.  

– nyleg har Storm og kollegaer av han kome med nye hypotesar om korleis draumar drømmer vert danna og  og korleis narkose verkar.

– Storm leiar forskargruppa "Hjernens signaler" ved UiO. 

Aktuelt:

– då han fylte 70 år, fekk han beskjed om å flytta ut av kontoret sitt. 

– han har bede om å få halda fram med å forska og få bruka kontoret sitt.  

– leiinga på Institutt for medisinske basalfag har gitt han ein frist til 10. desember med å rydda og forlata kontoret sitt. 

(Kjelder: Uniforum og Wikipedia

– Dette er eitt av fleire rom der ein nytilsett forskar kan få eit fint kontor, og så kan eg sleppa å flytta ut av kontoret mitt medan eg fullfører prosjekta mine, er forslaget han kjem med.

 • Les i Uniforum:  Johan Storm må ut av kontoret: – Eg vil fullføra prosjekta mine først

– Ikkje vanskeleg å finna rom som kan brukast til kontor

Han viser også til at då han blei tilsett som professor for fleire år sidan var ingen vanlege kontor ledige.

– Difor er nesten alle dei åtte kontora og laboratoria som gruppa mi har brukt sidan vore ombygde møterom, kursrom og lagerrom. Og no har instituttet fått endå fleire møterom og svært god plass i det store nybygget her, og nokre tilsette har flytta ut, så det er ikkje vanskeleg å finna rom som godt kan brukast til kontor, synest Johan Storm.

Fekk beskjed om å flytta ut då han fylte 70

Grunnen til at han fekk beskjed om å flytta ut av professorkontoret sitt, var at han fylte 70 år i januar i år. Då er regelen at ein professor emeritus må flytta ut i løpet av dei første to månadane etterpå. Etter det Johan Storm og andre har sett, har det lenge vore praksis på instituttet at mange professorar får behalda kontoret sitt lenge etter at dei er 70.

Sjølv viser han til at han er blitt forseinka fordi han heilt uventa mista både pensjon i to månader og nødvendig ingeniørhjelp og administrativ hjelp. I tillegg blei han sjukmeldt på grunn av ein kneskade. Det er nokre av grunnane han gir opp for at han enno ikkje har flytta ut av kontoret sitt, åtte månader etter 70-årsdagen.

– Eg driv framleis tre store forskingsbudsjett og rettleier sju unge stipendiatar som både blir lønna frå, og som instituttet får store inntekter frå, sa Johan Storm til Uniforum den 18. november.

Han peika på at dei no er midt i innspurten på eit stort forskingsprosjekt finansiert av EU der dei haustar fruktene av mange år med arbeid.

– Derfor vil eg gjerne gjera plikta mi og fullføra prosjekta mine først, sjølv om eg ikkje får noko lønn for det, sa han.

Måndag 15. november klokka 16.00 var den første fristen han fekk til å flytta ut. Då Uniforum kom dit to timar seinare hadde instituttleiinga gått med på å utsetja fristen for utflytting til 10. desember.

– Omfattar å ha rydda kontor og laboratorium innan to månader etter avgang

Torsdag 18. november publiserte Uniforum historia om korleis den forskingsaktive 70 år gamle medisinprofessoren hadde fått kniven på strupen frå instituttleiar Lene Frost Andersen på Institutt for medisinske basalfag og fått streng beskjed om å flytta både arkiv, permar og bøker og seg sjølv ut av kontoret innan den 10. desember.

Overfor Uniforum forklarte ho ultimatumet dei hadde gitt til Johan Storm på denne måten:

– På generelt grunnlag kan eg seia at kvart år går professorar av for aldersgrensa på 70 år og blir professor emeriti. Emeriti er ein viktig ressurs som fagmiljøa på instituttet har stor glede og nytte av. Det finst eigne retningslinjer for emeriti som regulerer rettar og plikter. Alle emeriti må søkja om og signera ein avtale basert på desse vilkåra. Dei omfattar å ha rydda kontor og laboratorium innan to månader etter avgang, slo ho fast.

–  Skadeleg for forskinga og universitetet

Johan Storm meinte på si side at det er svært uklokt at eldre forskarar utan unntak skal tvingast ut kort tid etter at dei fyller 70.

– Det er skadeleg både for forskinga, for yngre forskarar og for universitetet, står han fast på. Han synest at instituttet bør vera meir romsleg mot emeriti som framleis er svært aktive, slik fleire andre institutt på UiO er. Storm meiner det i særleg grad bør vera tilfelle når ein professor emeritus har store prosjekt som må fullførast.

– Leiinga bør i det minste vera villige til å snakka med den som saka gjeld for saman å finna ei best mogeleg løysing, slik eg har bede om. Det må ein kunne venta overfor tilsette som har jobba hardt og trufast for universitetet i mange år, før leiarane går til ein slik drastisk aksjon som den me såg her den 15. november, tykkjer han.

– Har fått masse støtte

No er Johan Storm glad for at han gjekk så sterkt ut i Uniforum og fortalde om situasjonen han var hamna i.

 

KONTORET: Dette er døra inn til kontoret professor emeritus Johan Storm er beden om å flytta ut av etter at han fylte 70 år. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Eg fekk gode råd frå ein jurist som er ekspert på forvaltningsrett, og eg har fått masse støtte frå fleire professorar, tidlegare rektorar og leiarar i Vitskapsakademiet som mellom andre dei to tidlegare universitetsrektorane Ole Didrik Lærum og Jan Fridthjof Bernt frå Universitetet i Bergen. Eg kan også nemna at Dagfinn Føllesdal, ein framifrå norsk filosof og professor både ved UiO og ved Stanford University gjennom mange år, nyleg kom bort til meg i Akademiet og sa at dette er ei pinleg sak for Universitetet i Oslo. Og mange andre kollegaer har også sagt det same og at det er bra at denne saka blir offentleg kjent, fortel han til Uniforum.

Frå instituttleiinga har det ikkje kome reaksjonar.

– Nei, ikkje på at eg gjekk ut med saka. No skal me ha eit møte den 9. desember for å sjå på om eg kan få eit erstatningskontor, så det kan henda det går i den retninga. Då tenkjer eg at det er smartare å tilby den eventuelt nytilsette personen det erstatningskontoret. Eg held no på med å rydda på kontoret og tar sikte på å rydda mest mogleg på dei dagane eg har igjen, slik at det blir lettare å tømma det på kortare varsel om det skulle bli bruk for det, seier Johan Storm.

Den siste veka har han  høyrt at kontoret hans kanskje likevel ikkje skal overlatast til ein nytilsett professor, slik leiinga sa før.

– Nei, no seier leiarane at IT-avdelinga kanskje har bruk for kontoret etter at det i mange år har vore snakk om at dei skal flyttast til ein annan stad. Men leiarane seier at dei enno ikkje veit om det blir slik, og når det eventuelt skal skje, seier han lettare oppgitt.

– Ingen akutt mangel på rom

Med det han har fått vita så langt, er han klar på ein ting.

– Ideen om at det hastar så veldig å få meg ut for å få ein nytilsettt forskar inn, ser ikkje ut til å stemma..Alle andre som eg har spurt her, seier at det ikkje lenger er nokon akutt mangel på rom, slår han fast.

Og han trur heller ikkje det ikkje er så vanskeleg som leiarane har hevda å finna ein plass til å lagra tinga hans i Domus Medica. Han tar oss med til ein del av bygningen, berre få meter frå kontoret sitt, der det er to etasjar med tomme hyller og masse golvplass.

 

TOMME LAGER:  Få meter frå kontoret til Johan Storm, finst det eit tomt lagerrom. – Eg kan ikkje sjå nokon grunn til at me ikkje kan lagra både mine ting og andre sine ting der no,i staden for å lagra dei på eit lager, langt unna universitetet,  seier Johan Storm. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Desse store lagerromma i etasjen vår har stått tomme i lang tid, og ingen av dei eg har spurt trur det er nokre planar for å bruka dei i næraste framtid. Så eg kan ikkje sjå nokon grunn til at me ikkje kan lagra både mine ting og andre sine ting der no, i staden for å lagra dei på eit kostbart, kommersielt lager langt unna universitetet, seier Johan Storm.

– Vanskelegare for meg å flytta

Den tidlegare rektoren ved Universitetet i Bergen, medisinprofessor Ole Didrik Lærum fekk også beskjed om å forlate kontoret sitt på universitetet på kort varsel då han fylte 70 år for elleve år sidan. Då fekk han tilbod om å halda fram med forskinga si på Københavns Universitet, noko han takka ja til.

For Johan Storm er dette heller ikkje utenkjeleg, men han har funne ut at det er lite praktisk for han.

–Eg har tenkt litt på det, men eg har mine stipendiatar her som eg har ansvaret for og dei prosjekta som eg må gjera ferdig her. Så eg har enno ikkje undersøkt det, men det kan henda eg gjer det etter kvart, om det er mogleg. Om eg hadde vore ein samfunnsforskar som berre dreiv med skrivebordsarbeid, hadde det vore langt enklare, men forskargruppa mi og eg er avhengige av laboratoria våre med avansert spesialutstyr som det har tatt mange år å byggja opp, og som finst få andre stader i Europa. Derfor er det langt vanskelegare for ein som meg å flytta, trur han.

– Kor lenge kan du tenkja deg å jobba då?

 – Viss det berre var opp til meg? Ja, då tenkjer eg at eg nok vil halda fram med å jobba om lag som no til i alle fall etter at forskingsprosjekta mine er avslutta og stipendiatane er ferdige i 2023, før eg seinare kanskje vil trappa litt ned. Etter kvart vil eg kanskje skriva meir. Eg har nokre interessante funn og data frå fleire år sidan, som eg enno ikkje har fått tid til å publisera. Dei går tapt for samfunnet om det ikkje blir gjort, konstaterer han, og viser til kollegaer i Oslo og i Skottland som framleis er aktive forskarar som 82- og 86-åringar, og til avdøde Morten Harboe som då han var 87 år gammal framleis dreiv forsking i verdsklasse.  

– Fruktbar interaksjon mellom yngre og eldre forskarar

Johan Storm er også overtydd om at forskingssamarbeid mellom yngre forskarar og seniorforskarar får ut det beste frå kvar av dei to gruppene.

– Eg har røynsle med at det ofte er ein svært fruktbar interaksjon mellom yngre og eldre forskarar fordi dei har ulike styrkar og kjennskap til ulike delar av faget og litteraturen. Mange av dei unge kjenner naturleg nok mindre til det som skjedde i feltet for meir enn 20 år sidan, men noko av det kan vera superrelevant for det me forskar på akkurat no. Nokre gonger kan eg difor gi mine stipendiatar tips og referansar som sparer dei for mange månader med ekstra arbeid. Samtidig er dei topptrente i nye teknikkar, slik eg også var i min ungdom, men ganske rusten på no, fortel han.

Johan Storm er også leiar for Akademisk forum på Universitetet i Oslo. Møtet i slutten av februar skal nettopp handla om seniorpolitikk ved UiO. At temaet skulle bli så brennaktuelt med han sjølv i hovudrolla, hadde han ikkje førestelt seg då møtetemaet blei bestemt.

–Nei, det hadde eg ikkje, vedgår han.

Instituttleiinga vil ikkje kommentera 

Uniforum har tatt kontakt med instituttleiar Lene Frost Andersen på Institutt for medisinske basalfag for å få ein kommentar til Johan Storms omtale av arbeidsmiljøet og situasjonen på instituttet. Og me ville gjerne også få henne til å stadfesta om dei har tilbydd Johan Storm eit erstatningskontor. Desssutan ville Uniforum at ho kommenterer kvifor ikkje nokre av dei ledige romma i Domus Medica kan brukast som kontor for nytilsette forskarar i staden for å be Johan Storm om å forlata kontoret sitt. Ho har også fått spørsmål om det ikkje er mogleg å ha ein litt meir fleksibel seniorpolitikk overfor forskarar som har fylt 70 år og som framleis leverer forsking av høg kvalitet. Instituttleiar Lene Frost Andersen har eit felles svar på alle spørsmåla frå Uniforum.

– Me kan ikkje uttala oss om personalsaker, understrekar ho.

– Forferdeleg trist

Ein av dei eldre, profilerte professorane som støttar Johan Storm, er  medisinprofessor Ole Didrik Lærum. Han er både tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen og har også vore med i leiinga for Vitskapsakademiet. No arbeider 81-åringen som kreftforskar ved Københavns Universitet etter at han måtte forlata Universitetet i Bergen då han fylte 70 år. Han har med stor interesse fylgt saka til Johan Storm og behandlinga han har fått frå Universitetet i Oslo.

RETTLEIAR FOR FEM ETTER 70: – Sjølv har eg vore rettleiar for fem som har tatt doktorgrad, tre i København og to i Bergen på dei 11 åra eg har vore i eksil. Men eg har heile tida halde kontakten med Universitetet i Bergen og Gades institutt, fortel 81 år gamle Ole Didrik Lærum. (Arkivfoto: Ida Bergstrøm/På Høyden)

– Det er forferdeleg trist. Og måten det skjedde på opplever eg som grovt krenkjande. Johan Storm er jo ein internasjonalt kjent hjerneforskar og har framlagt store resultat. Eg meiner at Det medisinske fakultetet i Oslo burde hatt ein medarbeidarsamtale med han, og så funne ei minneleg løysing. For eg har oppfatta det slik at han gjerne ville fortsetja, seier Ole Didrik Lærum til Uniforum.  

– Har svikta på den menneskelege sida

Han tykkjer måten Johan Storm er behandla på heller ikkje oppfyller eit viktig mål i arbeidslivet i Noreg.

– Det at det har tilspissa seg slik, er ikkje foreinleg med det som me har kjempa for i mange år i Noreg, og som me kallar eit inkluderande arbeidsliv. Anten ein er pensjonert eller får jobba vidare, så er det viktig å få til det å vera tilhøyrande til ein arbeidsplass som ein er veldig glad i, og som har betydd så mykje, meiner Lærum.

Når det gjeld framferda overfor Johan Storm tykkjer han at Universitetet i Oslo har gjort eit feilsteg på eit bestemt område.

 – Det er først og fremst på den menneskelege sida institusjonen har svikta, slår han fast.

– Eg tok det ganske ille opp

Ole Didrik Lærum trekkjer også fram si eiga historie.

– Det same skjedde med meg for 11 år sidan. Det var ikkje fullt så militant som Johan Storm opplevde det. Men eg tok det også ganske ille opp. For eg skreiv brev for å finna ei løysing, for eg skjøna at eg måtte gi frå meg kontoret og laboratoriet, men eg ville gjerne halda fram med forskinga. Det blei heilt låst, og eg fekk ikkje svar på breva ein gong, før eg fekk streng beskjed om å pakka meg ut av kontoret på 24 timar, fortel han.

– Enda veldig godt med meg

Det som redda han, var at forskarfellar på Københavns Universitet kom han til hjelp.

– Det enda veldig godt med meg, for det blei aksjon i Danmark. Og så blei eg henta ned dit som såkalla ekstern professor. Eg blei bedømt og tilsett i løpet av 3-4 månader. I etterkant er eg veldig nøgd, for eg fekk mykje betre forhold der enn eg ville ha fått i Bergen. Men eg føler veldig sterkt med Johan, for sånn som det er der, er ikkje nødvendig, synest Lærum.

– Men mange trur at om eldre forskarar held fram også etter at dei har fylt 70 år, vil dei stengja døra for yngre forskarar. Kva meiner du om det?

– Det synest eg er ein tullete påstand. For det er jo kjent at ein viktig del av funksjonen til meritterte professorar, det er nettopp å rettleia unge doktorandar. Dessutan gjer dei ein god jobb i bedømmingskomitear både for doktorgradar og stillingar, og som opponentar. I tillegg er mange av dei svært produktive forskarar og nokre av dei er også blant våre beste formidlarar. Eg er sikker på at Johan Storm har fleire slike doktorandar, og det kan ein gjera seg god nytte av på instituttet hans. Sjølv har eg vore rettleiar for fem som har tatt doktorgrad, tre i København og to i Bergen på dei 11 åra eg har vore i eksil. Men eg har heile tida halde kontakten med Universitetet i Bergen og Gades institutt, fortel Ole Didrik Lærum.

 

Forlengingar av arbeidsforholdet etter 70 kan vurderast i enkeltståande tilfelle

Uniforum har kontakta personaldirektør Irene Sandlie på Universitetet i Oslo for å høyra om det er mogleg å få til meir fleksible ordningar for aktive forskarar som har lyst til å halda fram med å jobba etter at dei har fylt 70 år. 

– UiO har ein personalpolitikk som legg til rette for at våre tilsette i seinkarrieren kan fortsetja å bruka arbeidskapasiteteten sin til det beste for UiO og samfunnet. Samtidig vil universitetet si rolle og funksjon som forskings-, utdannings- og innovasjonsverksemd krevja ein personalpolitikk som legg til rette for nyrekruttering, svarar Irene Sandlie Uniforum i ein epost.

Ho viser til at UiO er opptatt av at tilknytingsformene som vert nytta  balanserer desse omsyna.
– I enkeltståande tilfelle kan derfor forlengingar av arbeidsforholdet utover fylte 70 år føretakast etter ei konkret vurdering av UiOs verksemds- og kompetansebehov. Det er opp til lokal arbeidsgjevar og tilsetjingsorgan å avgjera dette, understrekar ho. 

Irene Sandlie viser til at UiO dessutan har ei godt etablert emeritusordning der pensjonistar og emeriti kan tilbydast forlengja universitetstilknyting utan å vera tilsette. 

– I samband med høyringa til endringar i lov om aldersgrenser spelte UiO inn at det er behov for å forbetra lønnsvilkåra for tilsetjingar på pensjonistvilkår, slik at ei slik tilknytingsform blir meir aktuell, opplyser personaldirektør Irene Sandlie til Uniforum. 

 

• Les meir om professor emeriti i Uniforum: 

Robert Marc Friedman: – Det var som om jeg ikke eksisterte

87 år gamle Morten Harboe driv forsking i verdsklasse

Ord og handling harmonerer dårlig ved UiO

Ikke mulig å motta full lønn ved siden av pensjonen

Snart 70 - nektar å pensjonera seg

De usynlige

Hvorfor verdsettes ikke kunnskap ved Universitetet i Oslo?

 

Emneord: Arbeidforhold, Arbeidsmiljø, Personalbehandling, Medisin Av Martin Toft
Publisert 9. des. 2021 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere