Johan Storm må ut av kontoret: – Eg vil fullføra prosjekta mine først

– Dette er dårleg behandling av ein som har dedikert heile forskarkarrieren sin til UiO, seier professor emeritus Johan Storm. For tre dagar sidan unngjekk han å få tvangsflytta alle tinga sine frå kontoret i Domus Medica. – Dei fleste ryddar og flyttar ut som føresett i emeritusavtalen, seier instituttleiar Lene Frost Andersen.

Ein mann med briller og skjegg inne på eit kontor

MÅ UT: Professor emeritus Johan Storm har fått beskjed om å rydda vekk tinga sine og flytta ut av kontoret sitt i Domus Medica. No er han i gang med ryddinga. 

Foto: Martin Toft

Måndag kveld er det samla mange flyttefolk i korridoren utanfor kontoret til Johan Storm i Domus Medica på Gaustad.Tomme pappøskjer står på golvet, medan fulle pappøskjer blir lasta opp i flyttekonteinarar. Midt i blant flyttemannskapet står også instituttleiar Lene Frost Andersen og avdelingsleiar Philippe Collas på Institutt for medisinske basalfag for å gi naudsynte beskjedar, samtidig som dei også legg ting i øskjer. Begge har nettopp vore i møte med den nyleg pensjonerte hjerneforskaren Johan Storm som tolv dagar før hadde fått kniven på strupen og beskjed om at alle tinga hans ville bli flytta ut av kontoret måndag ettermiddag klokka 16.00. Det skulle skje sjølv om han er sjukmeldt ut november på grunn av ein kneskade.

– Eit lite pusterom

Når Uniforum møter dei, har dei nettopp blitt einige med Johan Storm om å utsetja utflyttinga frå kontoret hans med tre veker, til 10. desember. 

– Det gir meg i alle fall eit lite pusterom, at dei godtar den tilrådinga eg tidlegare har kome med, seier Johan Storm til Uniforum rett etterpå.

Tidleg på vinteren 2021 blei medisinprofessor Johan Storm professor emeritus, men han leier framleis tre store forskingsprosjekt for EU, Forskingsrådet og UiO: Livsvitskap i fleire år framover. I tillegg rettleier han sju stipendiatar og, ifylgje han sjølv, jobbar han no meir enn full tid utan ei krone i lønn frå UiO.

Ei tid før han nådde aldersgrensa, fekk han beskjed om at han måtte rydda det meste ut av kontoret og ta med seg både permar, bøker og arkiv innan eit par månader slik at andre kunne overta kontoret på kort varsel om det skulle bli naudsynt. Storm spurte ofte leiarane om når andre ville trengja kontoret og kven som skulle ha det, men fekk aldri noko klart svar.

 – Det var tydeleg at det var ingen konkrete planar, konkluderer han med.

 Johan Frederik Storm: 

– hjerneforskar og professor emeritus ved Det medisinske fakultetet, UiO. 

– fødd 8. januar 1951 (70 år) 

– har publisert meir enn 120 vitskaplege publikasjonar, blant anna i større, internasjonalt anerkjente tidsskrift som Nature, Neuron, Nature Neuroscience og PNAS. Han er blitt sitert meir enn 9400 gonger

– sidan 2015 har Storm og  forskargruppa hans fokusert på bevisstheitsforsking, dvs. korleis fysisk aktivitet i hjernen gir opphav til subjektive opplevingar.  

– nyleg har Storm og kollegaer av han kome med nye hypotesar om korleis draumar drømmer vert danna og  og korleis narkose verkar.

– Storm leiar forskargruppa "Hjernens signaler" ved UiO. 

(Kjelde: Wikipedia

 – I strid med det som var avtalt

Han viser til at samstundes braut andre fleire av føresetnadene for emeritusavtalen.

 – Eg mista først pensjonen frå både NAV og Statens pensjonskasse (SPK) for dei første månadane fordi kommunikasjonen med instituttet svikta. Så forsvann den administrative støtta frå instituttet til EU-prosjektet, og den blei ikkje erstatta, fortel han. 

Johan Storm nemner også at laboratorieingeniøren  som hjelpte stipendiatane i gruppa, blei tatt frå dei utan å bli erstatta.

– Det var i strid med det som var avtalt, meiner han. 

Dermed fekk Johan Storm mykje uventa ekstraarbeid. Han synest det er leit at han no har fått streng beskjed om å forlata kontoret sitt og flytta ut alle tinga sine.

– Dette er dårleg behandling av ein som har dedikert heile forskarkarrieren sin til UiO, og dette gjeld diverre ikkje berre meg. Andre forskarar her har opplevd liknande og verre ting. Difor vil eg at dette skal bli kjent og diskutert, slik at det ikkje får halda fram i framtida, seier han til Uniforum.

For han kom pensjoniststatusen som julekvelden på kjerringa .

– Eg fekk heller ikkje noko førebuande møte om trygd og pensjon med HR-avdelinga på instituttet slik eg er vand til at stipendiatar får, og eg fekk derfor ikkje meldt frå til NAV. Dermed gjekk eg glipp av dei to første månadene med pensjonsutbetaling, og måtte bruka svært mykje tid på å prøva å retta feilen. Saka er enno ikkje heilt avgjort, seier han.

– Men no er me i november, og du har enno ikkje fått flytta tinga dine ut av kontoret. Kva er grunnen til det?

– Eg har vore svært opptatt med å ro i land det EU-finansierte forskingsprosjektet eg har leia i snart seks år. Akkurat no held me på med innspurten og er i ferd med å gjera ferdig mange vitskaplege artiklar om dei forskingsfunna me har gjort. I tillegg har eg aldri fått vita nøyaktig når andre treng kontoret, sjølv om eg har spurt leiinga mange gonger. Og sidan blei arbeidet med ein stor søknad til NFR og UiO (Fellesløftet) hemma og forseinka av at leiinga ved instituttet laga unødige hindringar. Dessverre fekk me ikkje nok tid til å skriva ein god nok søknad, så den vann ikkje fram i konkurransen, fortel han.

–  I tillegg har jo kneskaden og sjukmeldinga hindra meg mykje dei to siste månadene, legg han til

– Burde få avslutta prosjekta

Johan Storm synest leiinga på instituttet burde ha vore litt meir fleksible med ein gamal travar som han, når han er på veg ut av forskarstallen til Det medisinske fakultetet. 

– Eg synest sjølvsagt at det er heilt naturleg at eldre forskarar som har trappa ned arbeidet, gir plass til yngre når det er reelt behov for det. Men no har leiinga ikkje svart på kven som eventuelt treng kontoret mitt og når, så det er truleg ikkje noko akutt behov for det no. Tidlegare har andre kontor blitt ståande tomme i over eitt år etter at leiinga har sagt at dei må tømmast raskt, og me veit at det er ganske god plass på instituttet, poengterer han.

– Når eg no også har så mykje arbeid med desse forskingsprosjekta, burde dei  i alle fall ha late meg få lov til å avslutta dei, før eg får beskjed om å forlata kontoret. Dei andre på min alder som har gått av for aldersgrensa, var stort sett ferdige med prosjekta sine. For stipendiatane,  forskingsprosjekta og meg er det viktig at me tar vare på både analoge, papirbaserte informasjonskjelder og digitale data. Begge delar er like verdifulle, og vil ha mykje å seia for forskingsprosjektet vårt, understrekar han.

Johan Storm veit at instituttet kvart år tener mange hundre tusen kroner på at forskargruppa hans har skaffa finansiering frå EU og Forskingsrådet, og at dei har tent mange millionar på prosjekta hans gjennom fleire tiår.

– Eg deltok i det aller første senteret for framifrå forsking på medisin. Det åleine skaffa Det medisinske fakultetet millionar i inntekter dei ti åra det eksisterte, og det hadde eit totalbudsjett på ein milliard, slår han fast.

– No får leiinga faktisk meir pengar frå EU og departementet for å støtta EU-prosjektet vårt administrativt enn det mi gruppe får til å  driva heile EU-forskinga vår, med stipendiatlønn, kostnader og alt anna. Men merkeleg nok har dei likevel tatt frå oss det meste av den administrative støtta og laboratoriestøtta. Og då eg spurde dei, ville ikkje leiinga svare på om lag kor mykje dei får frå EU og departementet. Dei svara berre: "Det vedgår deg ikkje". Først no nyleg, etter at eg har spurt mange gonger og vist til Offentleglova, seier dei endeleg at dei kanskje kan gi meg svar i februar. Men det er meir enn eitt år etter at eg spurte dei, enda dette ikkje er vanskeleg å svara på, seier Storm.

Så svippar han innom historia til instituttet der han har jobba heile forskarlivet sitt på UiO.

– Det var her me var med på å læra opp nobelprisvinnarane i medisin Edvard Moser og May-Britt Moser, då dei var doktorgradsstudentar hos Per Andersen. Han var som kjent mentoren deira og ein nestor i hjerneforskinga i Noreg.  

– Ein forelda, autoritær kommandokultur

No føler Storm at den gode akademiske kulturen der folk kunne diskutera sakleg med kvarandre, vera ueinige, men likevel til slutt koma fram  til ei minneleg ordning, er i  ferd med å  forsvinna på Institutt for medisinske basalfag.

– Det verste og det merkelegaste med det som skjer her no, er at noko av det beste i kulturen her bryt saman. Leiarar vil ofte ikkje snakka normalt med dei tilsette for å drøfta problem og finna gode løysingar saman. Dei seier ofte dei ikkje har tid til å snakka. No har eg i fleire veker bede Lene Andersen om at me må  snakka saman for å hindra at me kastar bort verdifull tid på misforståingar og unødige tiltak slik som no, Men ho hadde ikkje tid til å snakka, sa ho. Og no ser du at ho og andre leiarar likevel står her og brukar mange timar på å pakka i kassar sjølve. Det er heilt merkeleg og heilt unødvendig, synest Johan Storm og ristar på hovudet.

AVSPARK FOR FLYTTING: Professor emeritus Johan Storm i gangen utanfor kontoret sitt der konteinarar og flyttesøskjer står klare til bruk. I bakgrunnen observerer også leiinga på Institutt for medisinske basalfag flytteprosessen.  No har Johan Storm fått utsett fristen for utflytting av kontoret til 10. desember. (Foto: Martin Toft)

– Det verkar som den skjøre akademiske kulturen med open utveksling av synspunkt og respekt for  argumenta er broten saman. Den er erstatta av ein forelda, autoritær kommandokultur, tykkjer han. 

– Viss eg spør dei om kvifor me skal gjera det slik og ikkje slik, får eg til svar at det har du ikkje noko med. Det er difor frykteleg dårleg stelt med tru og tillit her på huset, og det går sterkt utover samarbeidet, legg han til.

Etter hans meining går det utover alt som dei driv på med. 

– Me går glipp av svært viktige sjansar til vitskapeleg synergi og framsteg, og mykje verdifull tid og krefter blir sløst bort til ingen nytte. Leiinga burde jo fremja god dialog og samarbeid, men gjer ofte det motsette, synest han.

Ved Institutt for medisinske basalfag gjeld desse reglane for dei som vil bli professor emeritus:

Retningslinjer for søknad

  1. Søker må ha tilknytning til en forskergruppe ved Institutt for medisinske basalfag.
  2. Søker forventes å bidra til undervisning og veiledning ved instituttet berammet til totalt inntil 100 timer per år. Avtalt undervisning kan honoreres etter satser for pensjonister.
  3. Søker må ha ryddet og være klar for å flytte ut av sitt kontor, og ha ryddet ut av eventuelle laboratorier senest 2 måneder etter fratredelse ved pensjon. Ved manglende oppfølging av dette reserverer instituttet seg retten til å fjerne eiendeler/prøver/forsknings-materiale uten varsel.
  4. På bakgrunn av søknad vil søker få tildelt arbeidsplass, fast eller etter clean desk-prinsippet, i et av kontorlandskapene for emeritus. Det er en forutsetning at tildelt arbeidsplass benyttes fast og jevnlig. Ved fravær over seks måneder vil retten til arbeidsplass falle bort. Hvis andre prioriterte behov skulle oppstå ved instituttet kan den tildelte arbeidsplass omdisponeres.
  5. Emeriti med behov for lab-fasiliteter må benytte lab-fasilitetene til den forskningsgruppen de er tilknyttet og felleslab'er tilhørende seksjonen. Ved spesialbehov kan det inngås tidsavgrenset avtale med andre forskningsgruppeledere om lån av fasiliteter. Avtalen må inngås av forskningsgruppelederen den aktuelle emeritus er tilknyttet til. (Kjelde: Institutt for medisinske basalfag, UiO)

– Pinleg for instituttet og UiO,  ubehageleg for meg

For Johan Storm handlar dette også om seniorpolitikk på UiO. 

– Eg har i mange år høyrd at seniorpolitikken på UiO er full av manglar, og dei siste åra har eg sjølv sett mange døme på dette. Me må framleis slutta på UiO straks me fyller 70 år, sjølv om grensa i andre delar av staten er 72 år. Dette er etter mitt og mange sitt syn ein sterkt forelda regel som gjer at universitetet og samfunnet sløser bort mykje svært verdifull kompetanse og ressursar, seier Storm. 

Den pensjonerte professoren peikar på at universiteta i USA og mange andre land ikkje opererer med ei slik aldersgrense.

– Også i Det europeiske forskingsrådet (ERC) kan me søkja om forskingsstøtte  lenge etter at me har fylt 70.

I tillegg blir pensjonistar og emeriti ofte behandla unødig dårleg av leiinga. Mange før meg er blitt sterkt skuffa og såra, og instituttet har mista viktig vitskapleg kompetanse. Det er dette eg meiner me må prøva å unngå i framtida. Derfor tar eg opp desse problema no, sjølv om det er pinleg for instituttet og UiO og svært ubehageleg for meg.

Johan Storm viser til Institutt for biovitskap på UiO som eit døme på at det er mogleg å ta seg godt av forskarar som har  gått av for aldersgrensa.

Uniforum har vore i kontakt med instituttleiar Arne Klungland, og han stadfestar at dei prøver å ta seg godt av professorar som har fått status som emeriti.

– Emeritiane ved IBV er ein rikdom for Instituttet og bidrar sterkt til forsking og undervisning. Fleire har også viktige oppgåver og verv, både på IBV, for fellesfunksjonar for heile UiO og eksternt. Dei aller fleste emeritiane sit i kontorfellesskap eller deler kontor, medan enkelte som underviser mykje og har viktige verv, har enkeltkontor, svarar Arne Klungland i ein epost til Uniforum.

– UiO og samfunnet taper

Heilt til slutt kjem Johan Storm med eit hjartesukk om tvangsutflyttinga frå kontoret.

– Eg var no i gang med å rydda og sortera her. Det vil kosta meg om lag ti gonger meir tid å sortera tinga når dei er stua bort i kassar på eit lager langt unna enn når dei står oversiktlege i hyller og skåp ved kontoret. Denne tapte tida går direkte utover arbeidet mitt med EU-prosjektet, som no er i ein avgjerande innspurt der me skal hausta fruktene av åtte år med forskingsarbeid og skriva artiklar om dette, minner han om. 

Johan Storm er ikkje i tvil om kven som vil tapa mest på det.

 – Når dette blir hindra, taper UiO og samfunnet utbytet av mange år med arbeid og investeringar for mange millionar. Dette er også i strid med UiOs plikt til å støtta EU-prosjektet som UiO altså mottar mange millionar for å støtta, peikar han på.

Dette er UiOs reglar for forlengja tilknyting for emeritus og pensjonist: 

Mulige aktiviteter

Aktiviteter som en pensjonist på eget initiativ og uten lønn kan engasjere seg i kan være:

  • videre- og sluttføring av forskningsprosjekter
  • formidling og popularisering
  • mentorvirksomhet, støtte til nyrekrutterte og/eller yngre medarbeidere
  • prosjektdeltakelse
  • deltakelse i / utvikling av nettverk
  • evt. annet relevant engasjement

Tilgang til UiOs infrastruktur

Hva tilbudet til pensjonisten skal omfatte er gjenstand for individuell vurdering og avgjøres av ledelsen ved enhet. Eksempler kan være tilgang til:

  • virtuell arbeidsplass, med adgang til nett, baser, analyseverktøy
  • standard IT-verktøy, oppdatering av programvare, brukerstøtte
  • bibliotek, lesesaler, fysisk arbeidsplass
  • epostadresse, web-presentasjon av egne prosjekter, registrering av publikasjoner i baser
  • administrative støttetjenester
  • vitenskapelig utstyr, forbruksartikler, kjemikalier
  • teknisk bistand, laboratorietjenester

Merk: Tilgang til UiOs infrastruktur forutsetter at pensjonisten får tildelt gjesterollen Emeritus i UiOs lønns-og personalsystem, se registreringsrutinen for gjestetilgang til UiOs IT-systeme 

Avtale 

Forlenget tilknytning til UiO skal reguleres gjennom avtale mellom pensjonisten og ansvarlig leder, se avtalemal (odt).

Eksempler på innhold i avtalen kan være:

  • formålet med pensjonistens fortsatte tilknytning til UiO
  • avtaleperiode
  • hva tilbudet om tilknytning konkret inneholder
  • pensjonistens rapportering til enhetens ledelse om status og utvikling i arbeidet
  • at pensjonisten må gjøre seg kjent med og overholde UiOs retningslinjer knyttet til helse-, miljø- og sikkerhet
  • regler for bruk av IT
  • evt andre spesielle forhold ved den konkrete aktiviteten som bør avtalefestes

Avtale inngås normalt ikke for mer enn ett år om gangen.

(Kjelde:UiOs personalsider

– Rydding er viktig for å gi plass til nytilsette

Uniforum har også vore i kontakt med instituttleiar Lene Frost Andersen ved Institutt for medisinske basalfag (IMB). Då me spør henne om det var nødvendig å be Johan Storm om å tømma kontoret sitt for permar, bøker, dokument, PC og anna materiale akkurat no, svarar ho at det er heilt innanfor retningslinjene for emeriti.

– På generelt grunnlag kan eg seia at kvart år går professorar av for aldersgrensa på 70 år og blir professor emeriti. Emeriti er ein viktig ressurs som fagmiljøa på instituttet har stor glede og nytte av. Det finst eigne retningslinjer for emeriti som regulerer rettar og plikter. Alle emeriti må søkja om og signera ein avtale basert på desse vilkåra. Dei omfattar å ha rydda kontor og laboratorium innan to månader etter avgang, peikar ho på.

– Rydding er viktig for å gi plass til nytilsette, av HMS-omsyn og for å ivareta krava til oppbevaring av forskingsdata med vidare, sidan emeriti ikkje lenger er tilsette og ikkje kan ansvarleggjerast på vegner av verksemda, gjer Lene Frost Andersen klart i ein epost til Uniforum.

– Når fekk han varsel første gong? Kor mange gonger purra det på han, før de gav han frist til 15. november kl. 16.00?

– Me kan ikkje uttala oss om personalsaker. Me søkjer alltid å vera løysingsorienterte og å ha ein god dialog. På generelt grunnlag kan me seia at dette er ein milestolpe som ein veit kjem, og me oppfordrar emeriti til å førebu seg. Det inneber også å setja av god tid til å sortera, rydda og sørgja for å overlevera relevant materiale for pågåande forskingsprosjekt til etterfylgjarar.  

– Kan opplevast som utfordrande

– No er fristen utsett til 10. desember. Trur du at det vil gi han nok tid til å flytta ut av kontoret?

– Eg har forståing for at overgangen frå ei vitskapleg stilling til ei rolle som emeritus kan opplevast som utfordrande for mange som har dedikert store delar av livet til ein akademisk karriere.

– Er det vanleg at pensjonerte medisinprofessorar ikkje vil flytta ut av kontoret sitt etter at dei har gått av for aldersgrensa?

– IMBs retningslinjer for emeriti blei reviderte i april 2019. Blant endringane var føresetnaden om at søkjar må ha rydda og vera klar for å flytta ut av kontoret sitt, og ha rydda ut av eventuelle laboratorium seinast 2 månader etter å ha gått av ved pensjon. Bakgrunnen for endringa var at instituttet er i vekst og har behov for å gjera plass til nye gruppeleiarar og andre tilsette. Dei fleste ryddar og flyttar ut som føresett i emeritusavtalen.

– Kva skal kontoret til Johan Storm brukast til når han har flytta ut?

– Me har som sagt hatt ein sterk auke i forskingsaktiviteten vår, og det er mange forskarar som treng plass.

– Johan Storm seier at han enno ikkje er i mål med det EU-finansierte forskingsprosjektet sitt og ber om å få venta med utflyttinga til det er avslutta. Er ikkje det eit rimeleg krav?

– Retningslinjene gjeld for alle, men behova er veldig ulike, og me arbeider for å finna gode løysingar for den enkelte i forskingsmiljøet vedkomande er knytt til. Slike tilpassingar vil derimot ikkje innebera at emeriti kan behalda sine kontor og laboratorium som om dei framleis var tilsette. Det vil vera i strid med emeritus-avtalen som alle emeriti signerer, understrekar Lene Frost Andersen.

– Storm viser til at det er funne fram til rimelege ordningar for pensjonerte, aktive professorar andre stader på UiO, blant anna på Institutt for biovitskap. Er ikkje det mogleg å få til på Institutt for medisinske basalfag også?

– Som sagt arbeider me alltid for å finna gode løysingar for den enkelte. Våre emeriti får som hovudregel tilbod om kontorplass i eige emeriti-kontor.

– Ein annan ting Johan Storm meiner, er at det herskar ein autoritær leiarstil på instituttet og at de ikkje lyttar til gode argument frå dei tilsette. Kva kommentar har du til det?

– Me søkjer etter beste evne å ha ein god dialog med dei tilsette og finna løysingar.

VIL FINNA LØYSINGAR:– Slike tilpassingar vil derimot ikkje innebera at emeriti kan behalda sine kontor og laboratorium som om dei framleis var tilsette. Det vil vera i strid med emeritus-avtalen som alle emeriti signerer, understrekar Lene Frost Andersen, instituttleiar på Institutt for medisinske basalfag, UiO. (Foto: UiO)

 

– Du og avdelingsleiar Philippe Collas tok aktivt del i å flytta ting opp i kassar og øskjer på måndag. Er det vanleg at de deltar så aktivt i ein flytteprosess?

– Eg har ingen kommentar til denne enkeltsaka. På generelt grunnlag kan eg seia at det vil vera svært ulikt kva behov emeriti har for bistand til rydding. Det er ikkje heilt uvanleg at større ryddeprosessar vert gjorde på ein form for dugnad i fagmiljøet, seier instituttleiar Lene Frost Andersen til Uniforum.

På nettsidene til UiO går det fram at pensjonistar ulønna kan halda fram med vidare- og sluttføringsprosjekt for UiO og også ha tilgang til kontor og annan infrastruktur. Føresetnaden er at vedkomande er professor emeritus og at øvste leiar inngår ein arbeidsavtale på maks eitt år, men på Det medisinske fakultet gjeld den i første periode for to år. Deretter kan den fornyast med eitt år om gangen.

 • Les meir om professor emeriti i Uniforum: 

Robert Marc Friedman: – Det var som om jeg ikke eksisterte

Ord og handling harmonerer dårlig ved UiO

Ikke mulig å motta full lønn ved siden av pensjonen

Snart 70 - nektar å pensjonera seg

De usynlige

Hvorfor verdsettes ikke kunnskap ved Universitetet i Oslo?

 

Emneord: Arbeidforhold, Arbeidsmiljø, Personalpolitikk, Det medisinske fakultet Av Martin Toft
Publisert 18. nov. 2021 17:09 - Sist endra 19. nov. 2021 14:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere