Elisabet García González føler det nesten som ei plikt å stilla opp i universitetsstyrevalet

– For UiO som eit internasjonalt universitet som ynskjer å trekkja til seg dei største forskartalenta frå heile verda, er det viktig at dei kan ha ein talsperson i Universitetsstyret som dei kan identifisera seg med. Det seier Elisabet García González  som vil bli dei mellombels vitskaplege sin representant.

Portrett av ei kvinne med briller

VIL INSPIRERA: – Og det me har klart å oppnå, trur eg vil inspirera andre i denne veljargruppa til å engasjera seg i universitetspolitikken, seier Elisabet  García González. No ynskjer ho å representera dei mellombels vitskaplege i Universitetsstyret. (Foto: Ola Gamst Sæther)

I februar skapte Elisabet García González og Universitetsstyret saman historie. Då fekk ein representant for første gong simultantolking under eit møte. Den gongen møtte ho som vara for den valde representanten Kjersti Lohne. Lynvisitten i Universitetsstyret har tydelegvis gitt meirsmak, for no har Elisabet García Gónzalez meldt seg på i kampen om å overta etter Kjersti Lohne som representant for dei mellombels vitskaplege i Universitetsstyret.

• Les i Uniforum: Fekk simultantolking i Universitetsstyret: – Det gjer UiO meir inkluderande

Val til UiOs styre 2021–2025

Universitetsstyret er UiOs øvste organ. Styret har elleve medlemar og er sett saman av styreleiar (rektor), to fast vitskaplege tilsette, éin mellombels vitskapleg tilsett (vert vald årleg), éin teknisk-administrativ tilsett, to studentar (vert valde årleg) og fire eksterne medlemar (vert oppnemnde av Kunnskapsdepartementet).
I år er det val på alle stillingskategoriar
Valbar er tilsette som har stemmerett og har eit tilsetjingsforhold som dekkjer heile valperioden. Stemmerett har fastlønna tilsette i minst halv stilling ved dei einingane som gjennomfører val, og professorar II. 
Valet pågår elektronisk frå 31. mai til 7. juni.

Dette er kandidatane

(Kjelder: Uniforum og UiO)

Uniforum møter henne på eit møterom i lokala til forskingssenteret Senter for fleirspråklegheit-MultiLing i Henrik Wergelands hus på Blindern. Det er der spanske Elisabet García González er engasjert som doktorstipendiat.

– Etter alt som skjedde det siste året, føler eg det nesten som ei plikt å stilla opp i universitetsstyrevalet. I dei siste månadene har eg tenkt nøye gjennom det, for eg veit at det vil innebera mykje ekstra arbeid for meg, ikkje minst mentalt, seier ho. 

Konklusjonen hennar var likevel heilt klar.

– Eg tykkjer me har oppnådd mykje det siste året, og eg vil ikkje at det skal bli hengjande i lause lufta, men jobba vidare med det for å sjå kvar me kan koma. Og det me har klart å oppnå, trur eg vil inspirera andre i denne veljargruppa til å engasjera seg i universitetspolitikken, seier Elisabet  García González.

Verken for henne eller andre utanfor Noreg, er det like lett å bli klok på politikken i Noreg. 

– Generelt sett kan det vera litt vanskeleg, men eg er opptatt av at langt fleire engasjerer seg i universitetspolitikken på UiO, fortel ho til Uniforum. 

– Vil jobba for mangfald og det fleirspråklege på universitetet

– Kva saker vil du jobba for i Universitetsstyret, om du blir vald?:

– Eg har klar ei valplattform, og eg vil trekkja fram to viktige saker frå den som eg vil jobba for. For det første ynskjer eg å bringa på bana alt som har å gjera med det tverrfaglege og å få gjennomført tverrfagleg samarbeid over heile universitetet. Eg vil også jobba for mangfald og det fleirspråklege på universitetet. Pandemien har påverka oss alle mentalt, og eg vil jobba saman med alle for at me skal klara å koma oss best mogleg gjennom denne tida, som jo har vore svært vanskeleg for alle.  Og så er eg opptatt av at alle dei styrande organa på universitetet jobbar saman, altså både instituttstyra, fakultetsstyra og Universitetsstyret, understrekar ho.

Det er naturleg nok arbeidet for stipendiatane og alle andre i mellombels vitskaplege stillingar som ligg hjarta hennar nærast. Målet hennar er å arbeida for å betra situasjonen deira, både i og utanfor Universitetsstyret.

– Eg ynskjer også å ha nær kontakt med UiO.doc., organisasjonen for stipendiatane på UiO. Så kan me saman finne ut på kva område det er behov for meir kommunikasjon, oppfordrar ho.  

– Mange veit ikkje om rettane sine

Etter hennar oppfatning er det mange internasjonale forskarar og tilsette som ikkje har sett seg godt nok inn i universitetspolitikken.

– For erfaringa mi det siste året er at eg, sjølv om eg har vore så heldig at eg er på eit senter som er svært involvert i universitetspolitikken, så er det mange av alle dei internasjonale stipendiatane og universitetstilsette som ikkje har nokon idé om det som går føre seg på det området. Når dei tar opp saker med meg, og eg spør dei kvifor dei ikkje har tatt det opp med representanten sin i instituttstyret eller i fakultetsstyret, viser det seg at dei ikkje anar at det er mogleg, fortel ho.

Elisabet García González har oppdaga at mange er uvitande på det området.

– Inntrykket mitt er at det i alle fall blant dei internasjonale stipendiatane er mange som ikkje veit noko om kva rettar dei har og kva dei kan gjera om dei har eit problem. Det vil eg ta opp med UiO.doc om eg blir valt, slik at dei internasjonale stipendiatane får den informasjonen dei treng, og får vita korleis eg kan representera deira gruppe også om eg blir valt, seier ho.  

Vaks opp med tre ulike språk i heimen

Med ei mor med galisisk som morsmål og med ein far som snakka både katalansk og spansk heime, medan Elisabet García González sjølv har vakse opp i Madrid med spansk som morsmål, har ho god personleg røynsle med å vera fleirspråkleg. Så for henne var det også ein milepæl for Universitetet i Oslo, då ho som ikkje-norskspråkleg likevel kunne delta på møtet i Universitetsstyret ved hjelp av simultantolking.  

– Og kan me sjå meir av simultantolking, om du blir vald?

– Norskkunnskapane mine strekkjer seg knapt til å forstå ei overskrift i ei avis, smiler ho. 

– Så om eg blir vald, må eg nok framleis nytta meg av tolkar, dersom eg skal klara å oppfylla rolla mi i styret. Tolkane gjer ein god jobb. Men eg håpar at eg i tillegg også vil få skriftleg informasjon om saker, møte og anna viktig informasjon på engelsk, understrekar ho. 

Styrekandidaten synest det er viktig å trekkja fram situasjonen til stipendiatar på UiO som er her på kortare opphald, og som er levande bevis på at universitetet er ein del av det globale universitetssamfunnet.

– Då eg var på universitet i Spania og i Amsterdam, fekk eg heile tida høyra at det var viktig å koma seg vidare internasjonalt og søkja forskingsopphald på universitet i andre land. For UiO som eit internasjonalt universitet som ynskjer å trekkja til seg dei største forskartalenta frå heile verda, er det viktig at dei kan ha ein talsperson i Universitetsstyret som dei kan identifisera seg med,  synest ho.

– Det er svært krevjande

Styrekandidaten viser til at det er heilt klart at når nokon har planar om å vera her i eit engasjement som forskar i kanskje tre år, då vert det vanskeleg å få tid til å læra seg norsk, ved sida av alt det andre dei skal driva med i forskingsprosjekta sine.  

– Det er svært krevjande. Og sjølv om institutta betalar for at både mellombels vitskaplege forskarar og faste vitskaplege forskarar skal ta norskkurs, er det ikkje alle som kan eller har tid til å prioritera det. Men eg synest det er fantastisk at dei vil betala for det.

– Kvifor er det viktig å engasjera seg for dei som ikkje er norskspråklege på UiO?

– Det er mange ting som skjer på universitetet som har noko å seia for dei, og det er ikkje alltid det er like lett å få tak i den informasjonen på engelsk. Uniforum til dømes er berre på norsk. Derfor er det viktig at eg som representant i Universitetsstyret kan fylgja med på det som skjer og orientera dei om  det. Og eg skal sjølvsagt også representera alle dei norskspråklege mellombels vitskaplege tilsette i Universitetsstyret. Formålet mitt er slett ikkje å ekskludera  dei norskspråklege mellom dei mellombels vitskaplege tilsette, understrekar ho. 

– Begge grupper er like viktige og like verdifulle.  Og eg skal representera begge grupper like godt, om eg blir vald inn i Universitetsstyret, garanterer Elisabet García González .   

– Ho har gitt meg mot til å stilla

For henne har det også vore viktig å få oppmuntring frå den sitjande representanten Kjersti Lohne om å lansera seg som kandidat.

– Ja, det er klart at det er godt å få ei slik støtte frå henne. Og ho har gitt meg mot til å stilla, sjølv om eg vil bli meir synleg og alle ikkje alltid vil vera einig  med meg. Ho har heile tida vore flink til å inkludera meg om dei sakene som kjem opp i Universitetsstyret. Så eg synest det er synd at ho ikkje stiller opp på nytt, seier ho. 

– Ny dynamikk frå nullpunktet

Om ho blir valt inn i Universitetsstyret, ser ho ein stor fordel med det framtidige styret.

– Nesten alle styrerepresentantane blir skifta ut, med unntak av rektor, så det vil seia at alle dei som blir valde inn, vil starta i styret samtidig. Då vil eg føla meg langt rolegare, enn om eg berre blir kasta rett inn i eit etablert styre, slik som skjedde då eg møtte som vara for Kjersti Lohne. På den måten kan me alle møtast med ein heilt ny dynamikk frå nullpunktet, seier ho. 

Når det gjeld kandidatane for dei fast vitskaplege tilsette, har ho bite seg merke i at ein av dei er ein tidlegare representant for dei mellombels vitskaplege tilsette i Universitetsstyret.

– Ingrid Lossius Falkum har gjort ein fantastisk jobb for den gruppa i styret og som leiar for Akademiet for yngre forskarar.  Og det hadde vore ei stor glede å kunna få samarbeida med henne i styresaker også. Men også dei andre kandidatane for dei faste vitskaplege, ville det ha vore fint å jobba saman med, framhevar ho.

No er også valplattforma hennar klar.

– Den er sjølvsagt på engelsk. Men gode kollegaer har også fått omsett den til norsk, seier styrekandidat Elisabet García González  til Uniforum.

 

 

Emneord: Universitetsstyrevalget 2021 Av Martin Toft
Publisert 19. mai 2021 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere