Fekk simultantolking i Universitetsstyret: – Det gjer UiO meir inkluderande

For første gong har Universitetsstyret nytta seg av simultantolking for ein utanlandskspråkleg representant. – Det viser at UiO meiner alvor med inkludering, seier Elisabet García González.

OPNAR: – Gjennom å ha sørga for simultantolking av det siste møtet i Universitetsstyret, gjer UiO institusjonen meir inkluderande og meir fleirspråkleg og opnar for at tilsette med utanlandsk bakgrunn også kan ta på seg slike verv i styringsorgana til UiO, seier Elisabet García González som er vikarierande styrerepresentant for dei mellombels vitskaplege tilsette i Universitetsstyret. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Ei stund før det siste møtet i Universitetsstyret, fekk Elisabet García González frå Spanias hovudstad Madrid, beskjed om at ho måtte stilla opp som vara for den valde representanten for dei mellombels vitskaplege tilsette, Kjersti Lohne. Ho var nemleg ute på grunn av svangeskapspermisjon. 

Spanskspråklege Elisabet García González er doktorstipendiat på Senter for fleirspråklegheit(MultiLing) på HF, og ho både skriv og snakkar engelsk, men ikkje norsk. For at ho likevel skulle kunne fylgja med og kunna delta på møtet i Universitetsstyret, engasjerte Universitetet i Oslo to tolkar som saman skulle simultantolka frå norsk til engelsk alt som blei sagt i møtet til Elisabeth García González

– Verka svært bra

Etter møtet er ho svært nøgd med korleis det fungerte.

– Ja, det verka svært bra. Og nettverktøyet Zoom har også ein eigen kanal direkte til simultantolkane som gjorde det lett for meg å kunna fylgja med på det digitale møtet, fortel Elisabet García González til Uniforum på sitt eige morsmål spansk.  

Ho synest det er meir problematisk å setja seg inn i alle saksdokumenta som styremedlemane får tilsendt nokre dagar før møtet begynner.

– Dei er på mange hundre sider og er skrivne på eit svært byråkratisk norsk. Så det er ganske vanskeleg for meg å lesa og forstå det som står der, slår ho fast. 

Føreslo det sjølv

Elisabet  García González vil gi honnør til Universitetet i Oslo for at det har kome så langt at det kunne tilby simultantolking av møtet.  

– Det var eg sjølv som føreslo det for UiO, og eitt minutt etter at ideen var lansert, fekk eg eit positivt svar. Det var ei historisk hending, ikkje minst for oss som har utanlandsk bakgrunn. Mange av oss tar ikkje på oss styreverv, kanskje fordi me ikkje føler oss heilt velkomne til å gjera det. Gjennom å ha sørga for simultantolking av det siste møtet i Universitetsstyret, gjer UiO institusjonen meir inkluderande og meir fleirspråkleg og opnar for at tilsette med utanlandsk bakgrunn også kan ta på seg slike verv i styringsorgana til UiO, seier ho til Uniforum.

Sjølv jobbar ho til dagleg med  å normalisera det å vera fleirspråkleg som doktorstipendiat på Senter for fleirspråklegheit på Det humanistiske fakultetet.

– Trur du at det kunne ha blitt endå litt betre for utanlandskspråklege med styreverv om også det kunne vore eit samandrag på engelsk av saksdokumenta?

– Ja, mellom fleire ting. Det ideelle hadde vore om me kunne ha fått eit resymé av kvar styresak på engelsk. Både tolking av møtet og omsetjing av tekst er eit økonomisk spørsmål som heile tida må opp til vurdering. Derfor snakka eg også med den faste representanten Kjersti Lohne før møtet og me fekk også innspel frå andre i veljargruppa vår. Det gjorde Kjersti Lohne ikkje fordi ho måtte, men fordi ho har eit godt hjarte og gjerne ville hjelpa meg, før eg deltok på møtet.

– Ei viktig erfaring å ta med seg

– Og trur du møtet sist tysdag gav deg meirsmak til å delta på fleire møte i Universitetsstyret?

– Ja, det var intenst, og det var ganske krevjande å vera til stades, men samtidig er det ein stad der du lærer mykje. Dei andre styremedlemane er fantastiske personar med masse erfaring med denne måten å kommunisera på. Og dei behandla alle likt. Eg trur at dette er ei viktig erfaring å ta med seg for oss som er utanlandskspråklege, og det kan også gjera det lettare for oss å takka ja til akademiske leiarstillingar i framtida. Berre det faktum at eg deltok på det siste møtet, kan føra til at andre også vil kunne engasjera seg, trur ho.

TAKKA JA: Eg håpar at andre ph.d- og postdoktorar som les denne artikkelen kan få sådd i seg eit frø som gjer at også dei vil takka ja til slike styreverv på Universitetet i Oslo, seier Elisabet García González. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Må inngå språklege kompromiss

Under møtet slapp også rektor Svein Stølen nyhendet om at UiO hadde fått over halvparten av dei Marie Sklodowska Curie Action-stipenda som var gått til Noreg. Det tykkjer Elisabet Garcia González var litt symbolsk.

– Ja, det viser at UiO vil vera eit universitet som vil trekkja til seg forskartalent frå heile Europa. Og skal UiO nå målet om å bli eit leiande forskingsintensivt universitet i verda, må me inngå nokre språklege kompromiss, er ho overtydd om.

– Av stor verdi for UiO

– Så du vil oppfordra andre utanlandskspråklege tilsette til å bli medlemar av Universitetsstyret?

– Ja, sjølvsagt. Og det håpar eg verkeleg dei gjer. Og det er på ingen måte enkelt, for det er masse arbeid. Eg håpar at andre ph.d- og postdoktorar som les denne artikkelen kan få sådd i seg eit frø som gjer at også dei vil takka ja til slike styreverv på Universitetet i Oslo. Det vil også vera av stor verdi for UiO, er Elisabet García González heilt sikker på.

– Og så må eg nemna innsatsen til tolkane Tanja Christiansen og Stine Nilsskog. Dei gjorde ein fantastisk flott jobb, legg ho til.  

Truleg vil Elisabet García González også delta på dei komande tre neste møta i Universitetsstyret.

– Men det kjem heilt an på korleis Kjersti Lohne føler seg, seier ho.

 

Emneord: Språk, Språkpolitikk, Universitetspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 17. feb. 2021 04:30 - Sist endra 17. feb. 2021 10:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere