Støttar tilsette instituttleiarar på HF

Fagforeininga Parat støttar ordninga med berre tilsette instituttleiarar på HF. - Profesjonelle leiarar er ofte meir opptekne av dei tilsette, seier lokallagsleiar Ole Martin Nodenes og tillitsvald Bjarne Skov på HF. Både Forskarforbundet og NTL er ueinige i dette.

STØTTAR TILSETTE LEIARAR: Parat-leiar Ole Martin Nodenes og tillitsvald Bjarne Skov (t.v.) støttar tilsette instituttleiarar på HF.
Foto: Ola Sæther

Det humanistiske fakultetet lyste i førre månad ut alle dei sju ledige stillingane som instituttleiarar. Det er første gong at alle instituttleiarane ved HF blir tilsette.

Til no har Institutt for arkeologi, konservering og historiske fag (IAKH) vore det einaste instituttet med vald instituttleiar. No har også det instituttet avgjort at den neste instituttleiaren skal tilsetjast og ikkje veljast. Difor har fakultetsleiinga kunna lysa ut alle dei sju ledige stillingane som instituttleiarar samtidig.

- Best med gode og profesjonelle leiarar

Og fakultetsleiinga får no varm støtte frå Parat-leiar Ole Martin Nodenes og tillitsvald Bjarne Skov på HF.

- "Din tur-prinsippet" er ikkje særleg bra i høve til medverknaden frå dei tilsette. HF-leiinga har fått så mykje kritikk i medarbeidsundersøkinga at dei har funne ut at det er best med gode og profesjonelle leiarar, seier Nodenes og Skov.

Dei trur at det blir lettare å finna fram til dei beste leiaremna med å lysa ut desse stillingane.

- Dei som blir tilsette kan då målast på kva resultat dei kan visa til når det gjeld økonomi- og personalansvar. Då instituttleiarane blei valde, var det nok at dei var fagleg sterke. Det er også klart at valreglementet heller ikkje favoriserer dei teknisk/administrative tilsette. Stemmene deira vil til saman telja 17 prosent, medan studentstemmene vil telja 28 prosent, og dei vitskaplege tilsette sine stemmer vil telja 58 prosent når stemmene blir vekta.

- I demokratisk valde instituttstyre sit det no i alle fall éin representant for dei teknisk/administrative tilsette, og me trur at ein tilsett instituttleiar vil lytta meir til denne gruppa enn det ein vald instituttleiar gjorde før, seier Nodenes og Skov.

Derimot har dei ingen tru på at det vil vera situasjonen dei stadene der dei har instituttråd, der medlemane er peika ut av den tilsette instituttleiaren utan at alle grupper er representerte. - Problemet er at dei er råd og ikkje styre, slår dei fast.

Dei er visse på at dei sju tilsette instituttleiarane på HF vil bli nøye vurderte og evaluerte.

- Og i utlysinga er det heilt klart at det blir kravt røynsle frå personalleiing og økonomistyring. Dermed er det stor sjanse for at me får dei gode folka, anten dei er interne eller eksterne, trur dei.

Forskarforbundet og NTL vil ha valde leiarar

Tillitsvald Kristian Mollestad i Forskarforbundet er meir tvilande til tilsett leiing enn det dei to tillitsvalde frå Parat er.

- Forskarforbundet er prinsipielt tilhengjar av vald leiing. Samtidig er me opptekne av at grunneiningane sjølve må få velja si eiga leiingsform, det vil seia om dei skal ha vald eller tilsett leiar. Me kan sjå at det i nokre tilfelle er eit poeng med tilsett leiar, men me seier på ingen måte at me automatisk "støttar ei ordning med berre tilsette instituttleiarar på HF". Meir at me tar til etterretning at det er det institutta sjølve har valt, understrekar Mollestad.

Ikkje uventa støttar heller ikkje Tenestemannslaget innføring av ei ordning med tilsette instituttleiarar.

- Tenestemannslaget ved UiO ser på overgangen frå vald til tilsett leiing som eit ledd i innføring av ei meir reindyrka "management-styring" ved UiO - og med dette ei svekking av universitetsdemokratiet, meiner nestleiar Sten Morten Henningsmoen.

- Arbeidsgjevar sitt argument om at utlysing og tilsetting av leiarar vil gi fleire kvalifiserte søkjarar, ser ut til å byggja på ei oppfatning om ein marknad med profesjonelle universitetsleiarar, som i svært liten grad ser ut til å eksistera. Ein endar opp med å tilsetja personar som like godt kunne vore valde inn i leiarstillingar. Med innføring av einskapleg leiing, og overgang frå demokratisk vald til tilsett leiing, har universitetet innført ein ny styringsstruktur, der lojaliteten utelukkande peikar oppover i systemet, seier Henningsmoen.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. nov. 2008 09:55 - Sist endra 10. des. 2008 15:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere