Med stjernene i sikte

I den siste James Bond-filmen, "Quantum of Solace", er fleire av uteopptaka gjort på eit av verdas største astronomiske observatorium, i Atacama-ørkenen i Chile. Det heiter Paranal og blir eigd av forskingsorganisasjonen European Southern Observatory (ESO). UiO-forskaren Andreas Jaunsen har arbeidd der i fem år og kom altså dit lenge før James Bond.

FEM ÅR I ØRKENEN: I fem år arbeidde UiO-forskar Andreas O. Jaunsen ved Paranal-observatoriet i Atacama-ørkenen i Chile. No vil han bruka teleskopet til å rekruttera ungdom til astronomien.
Foto: Ola Sæther

Atacama-ørkenen i Nord-Chile er tørrare enn Sahara og blir rekna som den aller tørraste staden på jorda. Nokre stader i ørkenen har det aldri regna. Den ligg frå 0 til 6000 meter over havet, og det finst så å seia ikkje vegetasjon der. Det er heller ikkje mykje dyreliv. Midt inne i denne ørkenen, på 2635 meter over havet, ligg altså eit av verdas største astronomiske observatorium, Paranal, som også har det morosame, offisielle namnet ESO Very Large Telescope.

- Såg to dyr på fem år

- I dei fem åra eg arbeidde der, såg eg to dyr. Det første var ein kvit skorpion, som eg fann like ved PC-en min, og det andre var ein rev som hadde forvilla seg opp til observatoriet, fortel astronomen Andreas Jaunsen.

Han har arbeidd som juniorforskar ved observatoriet, men då han fekk tilbod om ei stilling som postdoktor ved Institutt for teoretisk astrofysikk ved UiO, vende han og familien tilbake til Noreg. Etter at postdoktorperioden no er over, arbeider han som dagleg leiar for Astronomiåret 2009 i Noreg.

- Det var spennande å arbeida som forskar på observatoriet, sjølv om det kunne vera svært slitsamt å ha 80 nattevakter i året dei første to åra. Både eg og dei andre forskarane budde på observatoriet dei gongene me hadde vakter der. Resten av tida budde eg med familien i Santiago. Dei siste tre åra eg arbeidde der, var eg ein del av den faste staben på observatoriet, fortel Jaunsen. Og det var ikkje rom for mykje fritid.

- 10 000 kroner minuttet

- Nei, me jobba frå sola stod opp til sola gjekk ned. Forskarar frå alle dei 14 medlemslanda til European Southern Observatory (ESO) betalte rundt 10 000 kroner i minuttet for den observasjonen som dei hadde kome dit for å gjera. Med tanke på at det er ein lang kø av astronomar som har søkt om å få gjera observasjonar der, så måtte me berre stå på og vera til best mogleg hjelp for dei.

- To gonger om dagen kom det tankbilar med ferskvatn til oss, men enkelte gonger var det så stor mangel på vatn, at me ikkje fekk lov til å dusja på mange dagar. Men forskarhotellet der me budde, var svært bra. Det har også ein heilt spesiell arkitektur, og det var nok grunnen til at nokre av uteopptaka til den siste James Bond-filmen blei gjort der. I filmstudioet i London blei det også laga kopiar av interiøret til hotellet, og det er det som går i lufta i filmen, og sjølvsagt ikkje det ekte hotellet, smiler han.

Noreg er ikkje med

Det er ganske ufattelege dimensjonar på Paranal-observatoriet. Det har fire teleskop med hovudspeglar på 8,2 meter og fire mindre teleskop på 1,8 meter.

- Dei mindre teleskopa går på skjener, slik at dei kan flyttast akkurat til den posisjonen som forskarane vil ha dei i, for at dei skal kunna gjera dei best moglege observasjonane av dei stjernene dei er interesserte i. Lyset frå fleire teleskop kan kombinerast, og det må skje på ti tusendel av ein millimeter. Det er så nøyaktige speglane må vera for å kunna reflektera lyset. Eg deltok i arbeidet med å analysera observasjonane, seier Jaunsen.
I dag er 14 land med i den internasjonale organisasjonen European Southern Observatory. Noreg er ikkje mellom dei. Det synest Andreas Jaunsen er trist.

- Det ville ha kosta Noreg 300 millionar kroner i inngangsbillett og seinare rundt 30 millionar kroner i året. Noreg betaler jo 125 millionar kroner i året kvart år for å delta i forskingssamarbeidet om partikkelfysikk ved CERN i Sveits. Med ein slik inngangsbillett kan norske astronomar få innpass ved tre av dei viktigaste astronomiske observatoria i verda. For ESO har også to andre observatorium i Chile, eit i La Silla i nærleiken av La Serena og eit tredje på 5000 meters høgd i Llano de Chajnantor, like ved San Pedro de Atacama, fortel han.

- Vil leita etter jordliknande planetar

Om kort tid vil European Southern Observatory setja i gang eit gigantisk utbyggingsprosjekt.

- Dei er i gang med det neste megaprosjektet sitt, som dei har gitt namnet European Extremely Large Telescope. Det vil ha eit 42 meter optisk teleskop som vil samla meir enn ti gonger så mykje lys og ha ei oppløysing som vil vera ti gonger betre enn på dei mest avanserte teleskopa me brukar i dag. Det skal stå ferdig i 2017-2018. Det er denne forskinga det blir satsa på i dei neste 20 åra, og då må Noreg vera med, meiner han.

- Kva er vitsen med å byggja så svære teleskop?

- Meininga er at dei skal brukast til å studera stjerner utanfor vår eigen galakse. "Mjølkevegen", men også danninga og utviklinga av fjerne galaksar. Og sentrum av Mjølkevegen er det berre mogleg å få auge på frå den sørlege halvkula. Difor har ESO bygd tre observatorium i Chile. Dessutan vil forskarane kunna studera den akselererande utvidinga av universet og mørk energi.

- Likevel vil det mest interessante av alt vera at desse megateleskopa kan brukast til leiting etter og undersøking av jordliknande planetar utanfor solsystemet vårt. Dei vil altså kunna visa fram liv eller grunnlaget for liv, og på den måten vil det kunne svara oss på eit av dei spørsmåla me kanskje har undra oss mest over, nemleg om det finst liv lenger ute i universet.

- Det kan igjen få oss til å undra oss på nytt over kva plass mennesket har i universet. Personleg trur eg ikkje at berre jorda vår gav grunnlag for liv, slik at mennesket blei til heilt tilfeldig. Dersom dei rette omstenda er til stades, trur eg det kan finnast liv andre stader også. Men eg trur ikkje at dei reiser omkring i rommet og prøver å få kontakt med oss, flirer han.

Deler ut teleskop til skular

Som dagleg leiar for Astronomiåret 2009 i Noreg, arbeider Andreas Jaunsen for å så interessa for astronomi hos den yngre generasjonen.

- I første omgang håpar me at me kan dela ut eit klassesett med små teleskop til alle grunnskulane i Noreg. Og rektor Geir Ellingsrud var positiv til forslaget om at me skulle setja opp ei lita informasjonsbu på Universitetsplassen i sentrum.

- Har du sett den siste James Bond-filmen sjølv?

- Nei, men det skal eg gjera så snart eg kan.


Fakta om European Southern Observatory (ESO):
- etablert i 1962 med fem medlemsland
- har i dag 14 medlemsland og eit årleg budsjett på 2 milliardar kroner
- hovudkvarter: München, Tyskland
- har 600 tilsette, 200 i München i Tyskland og 400 i Chile
- har tre astronomiske observatorium i Chile:
La Silla, Paranal og Chajnantor
Emneord: Naturfag, Forskning Av Martin Toft
Publisert 14. nov. 2008 11:22 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere