Fordeler 4 milliardar kroner

Universitetsstyret vedtar i morgon,tysdag 25. november, det endelege universitetsbudsjettet for 2009. Til saman skal det fordelast om lag 4 milliardar kroner. I tillegg skal det ta stilling til forslaget om å flytta Museum for universitets- og vitskapshistorie til Teknisk avdeling. Men styret skal også godkjenna forslaget om å oppretta sju tverrfakultære forskingsområde.

FORDELER MILLIARDAR: Rektor Geir Ellingsrud og resten av Universitetsstyret skal fordela nesten fire milliardar kroner på 2009-budsjettet.
Foto: Ståle Skogstad

I morgon vil Universitetsstyret vedta universitetsbudsjettet for 2009. I budsjettforslaget til universitetsdirektøren går det fram at det vil vera behov for ei saldering på 14 millionar kroner i 2009. Årsaka til det er at delar av kutta i 2008 var mellombelse, og fordi energikostnader og innleigde areal har auka.

Vil berre ta opp 400 nye studentar

Den viktigaste strategiske avgjerda for fordelinga i 2009, er endringane som heng saman med å sikra eit langsiktig grunnlag for god studiekvalitet ved Det juridiske fakultetet. I dag har fakultetet rundt 2785 studieplassar, heile 2465 av dei er knytte til studiet i rettsvitskap. Det blir samanlikna med Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, som har 1958 studieplassar. Målet er å få fleire tilsette for kvar student ved Det juridiske fakultetet. Difor blir det i forståring med fakultetsleiinga foreslått å redusera talet på studieplassar ved å redusera opptaksramma frå 600 til 400 i året.

Det vil gi reduserte kostnader først i 2010, og får større og større effekt dei fem åra deretter. Det blir difor foreslått at fakultetet får ei mellombels tildeling dei tre første åra. Føresetnaden er at fakultetet set i gang tiltak som gir økonomisk balanse i 2013, og at det får i gang tiltak som kan revitalisera studiet. Fakultetet skal få kompensasjon for reduksjon av inntekter frå studiepoeng og for studieplassar i basiskomponenten, går det fram av budsjettforslaget. For UiO vil dette kosta rundt rekna 30 millionar kroner i året når det slår inn for fullt i 2016.

Rom for mindre satsingar

I budsjettforslaget går det fram at Universitetsstyret skal vedta eit heller nøkternt budsjett, men at det likevel vil vera rom for mindre satsingar. Universitetsleiinga kjem med framlegg om å styrkja finansieringa av leiarutvikling og mottaket av nye studentar. Det blir også sett av pengar til å stimulera dei sju prioriterte tverrfakultære forskingsområda. Desse satsingane utgjer til saman 14 millionar kroner.

Det fører til at salderingsbehovet blir på 28 millionar kroner. Planen er å dekkja det inn ved reduksjon av investeringar i vitskapleg utstyr klasse I og II, til saman rundt 15 millionar kroner, IT-investeringar på 5 mill. kroner og mellomstore oppgraderingsprosjekt på bygningsmassen, rundt 5 mill. kr. og Revita, på rundt 1 mill. kr. Dessutan blir styrereserven foreslått redusert med 1,8 mill. kr. Internhusleiga blir berre justert med den venta pris- og lønnskompensasjonen for 2009 på 4%.

Direkteløyving til UB

Andre viktige endringar som blir foreslått er at 20 millionar kroner av biblioteksbudsjettet no blir inndrege frå fakultet og museum og løyvde direkte til Universitetsbiblioteket. Det medisinske fakultetet får ei øyremerkt løyving på fem millionar kroner til dei regionale etiske komiteane.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet får den største veksten, mellom anna fordi det får 40 prosent av stipendiatane i samsvar med føringane frå Kunnskapsdepartementet.

Ifylgje budsjettdokumenta får det også ein viss auke til investering i vitskapleg utstyr. SV-fakultetet får etter dette forslaget ein reduksjon i startpakkar på 1,8 millionar kroner og dessutan fell ei mellombels tildeling til Culcom på 1,3 millionar kroner bort i 2009. Det utdanningsvitskaplege fakultetet må redusera den mellombelse øyremerka tildelingane med 3 mill. kr neste år, viss forslaget blir vedtatt.

Meir til REVITA

Medan Kunnskapsdepartementet har redusert løyvinga til bevaring og sikring av samlingane til Kulturhistorisk museum og Naturhistorisk museum med 12 millionar kroner, har UiO vald å trappa opp satsinga si på REVITA frå 2 millionar til 9 millionar kroner i 2009. Heile den øyremerkte løyvinga frå Kunnskapsdepartementet går til Naturhistorisk museum for å skaffa eigna magasinlokale.

Det blir foreslått at Teknisk avdeling skal få ein kompensasjon på 24 mill. kr. for auka energikostnader i 2009. I tillegg får TA ein kompensasjon for auken i innleigde lokale på 24,5 mill. kr. USIT får 2,6 mill. kr til grunnlagsinvesteringar i samband med utskifting av telefonsentralane.

MUV kan bli ein del av Teknisk avdeling

Universitetsstyret skal også ta stilling til forslaget frå universitetsdirektøren om å flytta Museum for universitets- og vitskapshistorie til Teknisk avdeling. Dei tre tilsette har allereie gjort det klart at dei går imot dette, og at dei heller vil tilhøyra eitt av universitetsmusea eller bli ein del av Forum for universitetshistorie.

Styreleiar Bjarne Rogan meiner at det vil bli lettare å delta i diskusjonen om kva Observatoriet skal innehalda, viss MUV blir ein del av Teknisk avdeling.

Satsar på sju tverrfaglege forskingsrområde

Dessutan blir Universitetsstyret bede om å godkjenna forslaget om å vedta ei satsing på sju tverrfakultære forskingsområde. Desse områda er:

1. Religion i pluralistiske samfunn,
2. Miljøendringar og berekraftig energi
3. Kulturelle transformasjonar i globaliseringa sin tidsalder.
4. Demokrati som idé og praksis
5. Molecular Life Science
6. Kunnskap i skulen
7. Levekår i utviklingsland- helse, miljø og fattigdom

Det blir foreslått å løyva 1,5 mill. kr. til kvart av dei sju områda i 2009. Pengane skal gå til å lønna ein fagleg leiar eventuelt andre støttefunksjonar, eit Advisory Board og til å stimulera eller fremja faglege aktivitetar. Alle områda skal evaluerast etter to år.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. nov. 2008 18:22 - Sist endra 10. des. 2008 15:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere