Første lønnskjøring markert med bryllaup

I dag blei lønna til alle dei UiO-tilsette for første gong kjørt av UiO, godt assistert av selskapet Zalaris. - Det inneber ein milestolpe i prosessen med å få tilbake ansvaret for lønnskjøringa, seier prosjektdirektør Benedicte Rustad. Hendinga blei markert med eit symbolsk giftarmål mellom assisterande personaldirektør Johannes Falk Paulsen frå OPA og delprosjektleiar Jan Thorsen frå USIT. Dei blei vigde av universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

VIGDE: Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe leidde seremonien då Jan Thorsen og Johannes Falk Paulsen blei symbolsk vigde på vegner av USIT og OPA.
Foto: Martin Toft

"Lovar de å samarbeida med kvarandre i oppetid og nedetid? spurde universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, då ho gjennom eit symbolsk giftarmål mellom assisterande personaldirektør Johannes Falk Paulsen og delprosjektleiar Jan Thorsen skulle markera oppstarten av samarbeidet mellom OPA og USIT om lønnskjøringa.

Barnet av samarbeidet har fått namnet SAPUiO, og det er dette prosjektet som har overtatt for det tidlegare prosjektet som hadde namnet Nytt personal- og lønnssystem, altså POLS. Svaret på spørsmålet frå universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe blei eit rungande "ja", til stor jubel frå dei rundt 50 inviterte gjestene som kunne meska seg med Mozell, marsipankake og kaffi.

- 155 millionar kroner er på veg

Før bryllaupsseremonien tok til, nytta universitetsdirektør Gunn Elin Aa. Bjørneboe høvet til å takka alle i Lønningsseksjonen, USIT og i Rekneskapsseksjonen som hadde jobba alt det reimar og tøy kunne halda for å bli ferdig med overtakinga av lønnskjøringa frå Senter for statleg økonomistyring til Universitetet i Oslo.

- Og no kan eg gi dykk den gladmeldinga at 155 millionar kroner er gått frå UiO til DnB Nor og skal vera på veg til kontoen til alle dei UiO-tilsette, sa ho og oppfordra alle til å ta bylgja for det. Det gjorde dei. Ho kom også inn på problema ho møtte, då ho byrja som universitetsdirektør.

- Eg hadde vore universitetsdirektør i rundt 14 dagar, då Riksrevisjonen hadde alvorlege merknader til rekneskapen vår for 2006. Det førte til at me måtte gjera ein ordentleg jobb for å få på plass det som ikkje hadde fungert. Blant anna førte det til eit skilsmål frå Senter for statleg økonomistyring.

- I haust omtalte riksrevisor Jørgen Kosmo den siste rekneskapen vår i rosande vendingar, og det skal de i Lønningsseksjonen, usit og rekneskapsseksjonen ha ein stor del av æra for. Eg er veldig stolt over at me har fått det til. Og eg har stor forståing for dei frustrasjonane de hadde. mange takk til Benedicte Rustad som har styrt prosjektet og styringsgruppa hennar. Sjølv om ho no går tilbake til stillinga som fakultetsdirektør ved Det juridiske fakultetet, vil ho framleis ha ei hand på rattet til SAPUiO, slo ho fast.

- Ferdige innanfor tidsfristen

Benedicte Rustad var også godt nøgd med å ha fått i land dette store prosjektet.

- Dette er ein ekstremt viktig milestolpe for oss som har arbeidd med prosjektet. Dessutan har me klart å bli ferdige innanfor tidsfristen og me har ikkje brukt éi krone meir enn det me har budsjettert med. Og likevel har overtakinga frå Senter for statleg økonomistyring gått bra, seier ho.

Rustad vil også gjerne trekkja fram innsatsen til Lønningsseksjonen og USIT, men også arbeidet til prosjektleiar Johnny Frivold og assisterande prosjektleiar Kristin Lindley.
- Dei har alle gjort ein svært god jobb, understrekar ho.

Emneord: POLS, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. nov. 2008 18:26 - Sist endra 10. des. 2008 15:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere