Ber Stortinget løyva pengar til veksthus

Då regjeringa la fram forslaget sitt til statsbudsjett for 2009, var det ikkje sett av éi einaste krone til bygging av nytt veksthus på Tøyen. - Det kan føra til at det blir vanskeleg å koma i gang med bygginga i 2009, fryktar direktør Elen Roaldset og styreleiar Nils B. Gulnes ved Naturhistorisk museum. Dei håpar no på Stortinget.

HÅPAR: Museumsdirektør Elen Roaldset og styreleiar Nils B. Gulnes ved Naturhistorisk museum håpar Stortinget vil løyva pengar til nytt veksthus på Tøyen.
Foto: Martin Toft

UiO bad regjeringa om å setja av 70 millionar kroner til nytt veksthus på Tøyen. Då budsjettforslaget blei lagt fram 7. oktober, var det ikkje sett av éi krone til prosjektet.
Til no har Naturhistorisk museum fått inn ein sum på 78,75 millionar kroner frå privatpersonar og 30 millionar frå Tøyenfondet til Universitetet i Oslo. Det vil seia ein samla sum på 108,75 millionar kroner. 25 prosent av dei 78,75 mill. kronene er gåveforsterking frå staten.

Den største bidragsytaren er investor Jens Ulltveit-Moe med 50 millionar kroner, medan selskapet Yara har gitt eit bidrag på 10 millionar kroner. Samtidig har Eckbos legater denne veka gitt 3 millionar kroner. Leiinga ved Naturhistorisk museum frykta ei stund at dei private givarane skulle trekkja seg, dersom staten ikkje kom med meir pengar til det nye veksthuset.

Kan forskotterast

No håpar både Elen Roaldset og Nils B. Gulnes at Statsbygg får eit oppdragsbrev frå Kunnskapsdepartementet om å setja i gang eit forprosjekt. Det gjer også Teknisk avdeling ved UiO, stadfestar plan- og eigedomssjef Helga Sagsveen.

- Arbeidet kan finansierast av ein pott på 7,5 millionar kroner som UiO har forskottert til dette prosjektet, seier Roaldset og Gulnes til Uniforum. Dei viser til at teikningane til arkitektfirmaet Stein Halvorsen har vore klare sidan det vann arkitektkonkurransen i desember 1998. Til saman vil eit nytt veksthus koma på rundt 250 millionar kroner.

- Godt offentleg prosjekt

- No treng me berre ein liten pott til ei startløyving på statsbudsjettet for at me skal koma i gang i 2009. Med tanke på finanskrisa som no er i ferd med å spreia seg til bygg- og anleggsnæringa, vil det vera eit godt offentleg prosjekt å setja i gang bygginga av eit nytt veksthus på Tøyen. Dersom staten kjem med sitt bidrag, vil det vera eit godt kort for å få fleire privatpersonar eller bedrifter til å sponsa prosjektet, seier styreleiar Nils B. Gulnes.

Museumsdirektør Elen Roaldset er heilt einig, og ho legg til eit anna argument.

- På den måten vil staten kunna gi Tøyen noko igjen etter at bydelen mistar Munch-museet, som jo har vore det største trekkplasteret på Tøyen, saman med Naturhistorisk museum, peikar ho på og viser til at museet ho leier hadde over 400 000 personar innanfor portane i fjor.

- Saman med Vikingskipshuset, Holmenkollen og Operaen er det blant Oslos største publikumsmagnetar, slår ho fast. Og ho har stor tru på at eit nytt veksthus skal trekkja langt fleire personar til Tøyen.

- Veksthuset "Eden" i Cornwall i England og andre veksthus i Storbritannia er blitt megasuksessar. Tenk dykk eit lysande og tropevarmt veksthus på Tøyen midt på vinteren! Det blir flott, er ho sikker på. Dei håpar begge at eit nytt veksthus skal stå klart til UiOs 200-årsjubileum i 2011.

- Men då må byggjearbeidet starta i 2009, slår dei fast.

Gir håp

På Museumsnytts nettsider gir forskingsminister Tora Aasland eldsjelene for eit nytt veksthus på Tøyen eit visst håp, og viser til at ny odontologibygning i Bergen er med i budsjettforslaget for 2009.

- Slik rykkjer universitetsmuseumsbygningane stadig framover, seier Aasland, og presiserer at nytt veksthus på Tøyen står langt framme i denne køen.

Uniforum har også tatt opp saka med Kunnskapsdepartementet.
- Departementet arbeider no med å få avklart oppdraget i høve til Statsbygg. Me reknar med å senda over oppdragsbrevet med det første. Det er svaret Uniforum får frå ekspedisjonssjef Toril Johansson i Universitets- og høgskuleavdelinga via Informasjonsavdelinga.

Venstre vil gi pengar

Stortingsrepresentant Odd Einar Dørum frå Venstre har derimot klart å få prioritert nytt veksthus inn i Venstres alternative budsjett.

- Me har foreslått 10 millionar kroner i startløyving til nytt veksthus ved Naturhistorisk museum på Tøyen. Det er den einaste bygningsmessige prioriteringa Venstre gjer i sitt alternative budsjett for universitet og høgskular. Dermed vil det kunna stå ferdig til UiOs 200-årsjubileum i 2011, seier Dørum til Uniforum.

- Kva andre grunnar har Venstre for å løyva pengar til dette prosjektet no?

- Me synest det er viktig å ta ordentleg vare på den den store arven av plantemateriale som er samla der. Det vil også vera viktig som ein møteplass mellom barn og ungdom og universitetet. Det er ei klar prioritering og eit klart signal om å satsa på framtida, seier Dørum.

.

Emneord: Museene, Veksthus på Tøyen Av Martin Toft
Publisert 12. nov. 2008 12:56 - Sist endra 10. des. 2008 14:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere