UiO vil frysa alle utbetalingar i ti dagar

Universitetet i Oslo kjem ikkje til å utbetala timelønn og reiserekningar mellom 17. og 27. oktober. Årsaka er at UiO vil overta drifts- og utviklingsansvaret til POLS-løysinga frå Senter for statleg økonomistyring (SSØ) frå den 1. november i år. - Det vil i første rekkje råka dei timelønna som vanlegvis får lønn to gonger i månaden, medan hovudlønna blir utbetalt som normalt, seier lønningssjef Trond Ryd til Uniforum.

FRYS UTBETALINGAR: - I denne "frysperioden" vil det ikkje bli betalt ut lønn og reiserekningar. Det vil råka dei timelønna medarbeidarane våre, seier lønningssjef Trond Ryd.
Foto: Martin Toft

I innkjøringsperioden frå 17. til 27. oktober vil altså programma og alle dataene for lønningssystemet lastast over frå Senter for statleg økonomistyring (SSØ) til UiOs eigne databasar og tenarar. Medan systemet er i ferd med å bli overtatt, må løysinga frysast for tilgang til program og data.

- Råkar dei timelønna

- I denne "frysperioden" vil det ikkje bli betalt ut lønn og reiserekningar. Det vil råka dei timelønna medarbeidarane våre, som normalt får lønn to gonger i månaden. I praksis vil det seia at den lønna dei skulle få utbetalt 31. oktober, blir utbetalt samtidig med hovudlønna 15. november. Kort fortalt blir det altså ikkje noka utbetaling av timelønn mellom 15. oktober og 15. november. Utbetaling av reiseoppgjer den 27. oktober må diverre også gå ut, fortel lønningssjef Trond Ryd.

Han viser til at lønningssystemet ikkje er noko som ein berre brukar ein gong i månaden, men er eit produksjonssystem som er i gang heile tida.

- Det er difor ikkje berre hovudlønnskjøringar me driv på med, men også utbetaling av timelønn, reiserekningar og korrigeringskjøringar. Det har difor vore viktig for oss å leggja overgangen til rette slik at det skal bli minst mogleg ulemper for våre tilsette, fortel han.

I informasjonsskrivet som lønningssjef Trond Ryd har sendt ut saman med HR-direktør Anita Sandberg, går det også fram at det i frysperioden heller ikkje blir overført data mellom POLS/SAPUiO og økonomisystemet (OA) eller til brukaradministrasjonssystemet ved UiO (BAS/Cerebrum). I denne perioden vil det difor heller ikkje vera fullt ut oppdatert informasjon i den elektroniske katalogen eller i registeret for kontroll over kven som har løyve til å gå inn og ut av universitetsbygningane. Konsekvensen av det blir at det kjem til å verta ein svært avgrensa sjanse for å laga tilsettkort og e-postadresse med brukarkonto til nytilsette.

Lønningssjef Trond Ryd reknar med at overtakinga av lønnssystemet SAPUiO skal gå smertefritt takka vera god innsats frå dei tilsette i Lønningsseksjonen og USIT. Dei har alle stått på for å klara dette. Han trur difor at overtakinga vil gå fint.

Første test 10. november

- Absolutt. Den første testen på det får me når me skal betala ut reiserekningane 10. november. Det blir den aller første kjøringa me vil gjera sjølve, etter at Universitetet i Oslo har overtatt systemet, fortel han. Lønningssjef Trond Ryd kjem også med ei oppfordring til alle som arbeider med lønn og bilag på UiO.

- I den aktuelle overtakingsperioden vil Lønningsseksjonen ha minst mogleg andre oppdrag, sidan alle ressursane våre vil gå med til å få lønnssystemet vårt på plass hos UiO på ein best mogleg trygg og sikker måte. Det blir nemleg ei stor teknisk utfordring å flytta den over. Eg vil også be om at alle einingane våre sender inn lønns- og reisebilag så snart dei er klare. Me ynskjer ikkje ei opphoping av alle bilag like før fristen for å senda inn bilag går ut, understrekar han.

- I størst mogleg grad ynskjer me også å unngå manuell utbetaling av lønn i form av sjekk, til dømes i samband med reiseforskott, i frysperioden, legg han til.

Frå POLS til SAPUiO

Etter at Universitetet i Oslo har overtatt lønnssystemet frå Senter for statleg økonomistyring, vil systemet ikkje lenger bli kalla for POLS, men for SAPUiO.

- POLS er for nært knytt til Senter for statleg økonomistyring. Difor skiftar me namnet på det. Dessutan håpar me at systemet etter kvart også skal få inn ein del funksjonar som har å gjera med personaldata, slik at det blir noko meir enn eit reint system for lønnsutbetaling, seier Trond Ryd.

Emneord: Økonomi, POLS Av Martin Toft
Publisert 8. okt. 2008 11:10 - Sist endra 10. des. 2008 16:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere