Rørsle blir musikk

- Målet vårt er å laga nye musikkinstrument av ymse slag. Og me skal mellom anna utvikla ein MP3-spelar som lagar ny musikk etter rørslene ein person gjer. Det fortel musikkprofessor Rolf Inge Godøy. Han leier eit forskingsprosjekt som ser nærare på forholdet mellom musikk og rørsle.

FJERNSTYRING: Doktorstipendiat Kristian Nymoen demonstrerer korleis det er mogleg å få eit piano til å spela ved å vifta med ein sensor i lufta.
Foto: Ola Sæther

I eit spesiallaga laboratorium i Veglaboratoriet i Gaustadalleen 25 arbeider fleire forskarar frå Institutt for musikkvitskap og Institutt for informatikk med infraraude kamera og eit system for sporing av rørsler i tre og seks dimensjonar. Det finst også sensorar som blir brukte til å studera relativ rørsle.

I tillegg er det kamera for opptak i høg fart. I laboratoriet er det også sett opp utstyr for å eksperimentera med rørsle-lyd-koplingar. Av og til kjem det dansarar, musikarar og lyttarar dit som forsøkspersonar. Dei får festa sensorar på kroppen og så skal dei rørslene dei gjer, bli lagra i ei datamaskin og omdanna til matematiske modellar for rørsle.

Vil erstatta tastatur og mus

- I heile dataverda er forskarar no opptekne av å utvikla datateknologien vidare frå tastatur- og musstadiet. Sensorteknologien utviklar seg dermed med stormskritt. Vårt bidrag er å utvikla dette forskingsfeltet innanfor musikken, seier prosjektleiar Rolf Inge Godøy.

- Dei som har spelt Nintendo Wii veit at dei kan klara å få lyd ved å svinga nokre sensorar rundt i lufta. Det me gjer er å få til dømes eit piano til å spela, avhengig av korleis ein person flyttar på ein sensor. Det var ein demonstrasjonsgimmick som me brukte under opninga av laboratoriet vårt, men no håpar me å koma litt vidare.

Gødøy viser til at forskarar er opptekne av korleis musikk skapar rørsle hos dei som spelar eller hos dei som lyttar til musikken.

- Ei kvinne eller ein mann som går på gata, gestikulerer eller flyttar heile kroppen etter den musikken dei har på iPoden sin. Grunntanken vår er at det er eit heilt klart samband mellom musikk og rørsle. Og me skal mellom anna utvikla betre teknologi for å fanga opp rørslene som folk gjer til musikk. Slik kan me få meir presis kunnskap om kva folk gjer når dei spelar musikk og lyttar til musikk, fortel Godøy.

- Kan vifta med hendene

Han er difor svært nøgd med at dei har klart å byggja opp eit laboratorium for å finna ut meir om dette.

- Prosjektet tar mål av seg til å utvikla eiga programvare for å analysera rørsle. Difor brukar me infraraude kamera og reflektorar som blir plasserte på kroppen til forsøkspersonane våre. På den måten kan me få presise data om korleis desse punkta i kroppen rører seg i tid og rom. Slik vil det vera mogleg å kunna finna opp andre måtar å styra ei datamaskin på. I staden for å bruka musa, kan ein person vifta med hendene og få respons frå datamaskina. Hovudområdet for oss er å utvikla dette i forholdet mellom musikk og rørsle, forklarar han.

- Kan skapa nye musikkinstrument

Rolf Inge Godøy trur at denne forskinga kan føra til nyskaping innanfor musikken.

- Me er sikre på at denne forskinga kan vera med på å skapa nye musikkinstrument av ymse slag. Det må blant anna vera mogleg å få eit piano til å spela ein akkord eller forskjellige melodiar ved å svinga ein sensor i lause lufta. Akkurat no har me planar om å laga ein MP3-spelar som kan laga musikk etter rørslene til folk, altså omvendt av det me er vande til, seier han. Og Godøy ser inga avgrensing på kva musikk dei kan laga.

NYE INSTRUMENT: Prosjektleiar Rolf Inge Godøy trur forskinga kan føra til at det blir skapt nye instrument.(Foto: Ola Sæther)

- Med ei datamaskin kan me i prinsippet laga lydar av alle slag. Me kan syntetisera lyd ved hjelp av forskjellige matematiske modellar. Problemet er korleis me skal kunna styra alle desse prosessane. Tanken vår er at det er betre å styra desse prosessane gjennom ei kroppsrørsle enn å skriva alt ned på mange ark via tastaturet, seier han og prøver å demonstrera kva han meiner.

- Dersom me vil ha lyd frå eit slagverk, gjer me ei brå rørsle med heile armen. Om me vil ha ein langstrekt, fløyteliknande lyd, gjer me ei roleg rørsle bortover med handflata. Det er meir naturleg å styra denne matematiske modellen gjennom kroppsrørsler enn ved å skriva mange ulike kommandoar på ei datamaskin. Det me ynskjer er å finna fram til ein teori for det intuitive sambandet mellom musikk og rørsle, fortel han.

I internasjonal målestokk er dette forskingsområdet stort ved UiO.
- Det er i alle fall rundt 10 personar som arbeider med dette innanfor forskjellige forskingsprosjekt. Målet er å få eit samlande, tverrfagleg og internasjonalt forskingsmiljø på musikk, rørsle og teknologi ved UiO i det nye laboratoriet vårt, håpar han.

Forskingsprosjektet "Sensing Music-related Actions" er eit samarbeid mellom Institutt for musikkvitskap og Institutt for informatikk. Det vil vara i tre år og blir finansiert av Forskingsrådets VERDIKT-program (Kjernekompetanse og verdiskaping i IKT). Forskingsgruppa: professor Rolf Inge Godøy, postdoktor Alexander Refsum Jensenius, professor Jon Tørresen, førsteamanuensis Mats Høvind, doktorstipendiat Ståle Andreas Skogstad og doktorstipendiat Kristian Nymoen.
Emneord: Forskning, Musikkvitenskap, Informatikk, Musikk, Ny informtikkbygning Av Martin Toft
Publisert 31. okt. 2008 11:39 - Sist endra 10. des. 2008 19:11

crosby, stills, nash and young, Ingen over, ingen ved siden....

HalvdanPedersen@webid.uio.no - 13. juli 2016 13:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere