Rektor Geir Ellingsrud tar ikkje attval

Geir Ellingsrud tar ikkje attval som rektor. Det kunngjorde han på møtet i Universitetsstyret tysdag 14. oktober. 1. august 2009 overlet han dermed rektorvervet til den kandidaten som får flest stemmer under rektorvalet til våren.

IKKJE ATTVAL: Rektor Geir Ellingsrud tar ikkje attval ved rektorvalet våren 2009.
Foto: Ola Sæther

- Det er personlege grunnar som gjer at eg takkar nei til attval. Det er såpass mykje å gjera at eg synest éin periode som rektor er nok. No blir eg snart 60 år, og skulle eg ha tatt ein periode til, måtte eg kunna stå på for fullt i nye fire år. Det blir rett og slett for mykje med éin periode til, seier rektor Geir Ellingsrud til Uniforum.

- Har jobben vore for tøff?

- Eg vil ikkje seia det. Men det er ein krevjande jobb, som krev 100 prosent innsats heile tida. Det er noko anna å gjera det i tre og eit halvt år, enn i sju og eit halvt år, synest han.

Ellingsrud har likevel hatt og har framleis stor glede av å vera rektor.
- Det har vore svært morosamt og interessant. Viss eg skal trekkja fram ein svært positiv ting blant mange, så er det det faktum at eg har lært mange nye menneske å kjenna.

- Kva har du likt minst?
- Dei sakene er unnateke offentleg innsyn.

- Kva saker er du mest nøgd med at du har vore med på å vedta?

- Eg synest me har gjort mykje. Denne veka blei me ferdige med å vedta Prosess fagleg prioritering. Det er eg veldig nøgd med. Dessutan trur eg at me har klart å få UiO til å utvikla seg i rett retning. Og så er eg også svært nøgd med at dette rektoratet har klart å få til oppussing av Aulaen, seier han. Ellingsrud synest det økonomiske gråvêret for UiO har vore det vanskelegaste.

- Det har ikkje vore morosamt å vera rektor i ei budsjettkrise. Det har vore utfordrande og lite kjekt. Denne regjeringa har berre gitt oss øyremerkte midlar og prosjekta er aldri fullfinansierte, og så trekkjer dei midlar frå hovudaktivitetane våre. I tillegg får me ikkje fullt kompensert resultatet av lønnsoppgjeret frå styresmaktene. Eg trivst likevel godt i jobben som rektor.

- Kva skal du gjera når du går av som rektor i 2009?

- Me får sjå. Eg skal gjera nytte for meg både for UiO og vitskapen, lovar han.

Rektorval i mars/april

Val av rektor og prorektor skal gå føre seg i perioden 30. mars til 2. april 2009. Fristen for å koma med framlegg til kandidatar er sett til 16. februar.

Dessutan skal val av styrerepresentantar for dei tilsette gå av stabelen frå 25. til 28. mai. Fristen for å koma med forslag til kandidatar er sett til 24. april.

Når det gjeld val av eksterne representantar, skal rektor setja ned ein eigen komité som skal foreslå eksterne kandidatar til Universitetsstyret overfor Kunnskapsdepartementet. Departementet skal på grunnlag av dette utnemna fire styremedlemar.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. okt. 2008 13:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere