Bergtatt av fuglar

Han kjende igjen fuglesongen før han kunne snakka og før han kunne gå. Då han hadde lært å gå, kom han heim frå småskogen på Røa med lommene fulle av makkar og åmer som han skulle mata fuglane med. I dag er biologiprofessor Tore Slagsvold ein av verdas fremste fugleforskarar, og dei viktigaste feltstudia sine har han gjort i skogen langs Lysakerelva og i Sørkedalen. Tysdag 2. september blir han heidra med UiOs forskingspris for 2008.

LYSAKERELVA: - Feltstudiet til hovudoppgåva mi kunne eg difor gjera i skogen langs Lysakerelva, fortel, forskingsprisvinnar Tore Slagsvold.
Foto: Ola Sæther

- Det var både overraskande og gledeleg å få vita at eg var tildelt UiOs forskingspris. Og det er alltid ekstra hyggeleg å bli sett pris på av sine eigne, seier Tore Slagsvold til Uniforum.

Han er ein av dei tretten mest siterte norske forskarane, og fugleforskinga hans blir rekna for banebrytande internasjonalt. Me treffer han i hagen utanfor Kristine Bonnevies hus på Blindern, med sporvesong som bakgrunnsmusikk.

For Tore Slagsvold har heile livet dreia seg om fuglar.

- Eg er sikker på at eg klarte å skilja fugleartane frå kvarande gjennom fuglesongen før eg klarte å snakka og før eg hadde lært å gå. Då eg kom meg ut i skogen på eiga hand, kom eg ofte heim med bukselommene fulle av makkar og åmer som eg skulle mata fuglane med, minnest han. Fugleinteressa førte han til Biologisk institutt ved Universitetet i Oslo. Der kom han under zoolog Ivar Mysteruds venger.

Gjorde feltstudiar utanfor huset

- Det var han som pensa meg inn på systematisk teljing av fuglebestanden i eit avgrensa område frå år til år. Feltstudiet til hovudoppgåva mi kunne eg difor gjera i skogen langs Lysakerelva, rett ved huset der eg voks opp og der eg framleis bur. Då fann eg ut kor mange fugleartar det var der og kor mange det var av kvar art. Det var også dette arbeidet som la grunnlaget for doktoravhandlinga mi, fortel Slagsvold.

Bortsett frå dei åra han var i Trondheim og tok doktorgraden og dei åra han var ved Zoologisk museum, har han vore tilsett som forskar på Biologisk institutt.

- Eg søkte meg hit fordi eg gjerne ville undervisa og rettleia studentar, seier han.

- Hoene føretrekte den fargerike hannen

Og det er kjøtmeiser, blåmeiser og flugesnapparar han har forska mest på.

- Utan å skryta trur eg at eg var den første som starta med å byggja opp faget åtferdsøkologi ved Biologisk institutt med innføring av formelle kurs. Då skildrar me ikkje berre åtferda til dyra, men me prøver også å finna ut kvifor dei gjer det dei gjer. Det forsøker me å gjera ut ifrå det økologiske miljøet og ut ifrå evolusjonsbiologien til Charles Darwin.

- Darwin hadde til dømes ein teori om at grunnen til at hannane ofte hadde flottare fargar enn hoene, hadde noko å gjera med at hoene føretrekte hannane som hadde dei flottaste fargane. Me var faktisk dei første som kunne visa vitskapleg at hoene brydde seg om fargane til hannane. Det klarte me å visa gjennom eit feltstudium av svartkvit flugesnappar.

- Hos denne fuglearten er nokre hannar brune, medan andre har flotte fargar. Då måla me ein av dei brune hannane med flotte fargar, og me kunne observera at hoene føretrekte den fargerike hannen framfor dei brune, forklarar Slagsvold.

Bigami og monogami blant fuglar

Men det er likevel eit anna forskingsprosjekt han synest var meir interessant.

- Det mest spennande eg har gjort, var då me skulle finna kvifor nokre svartkvite flugesnapparar var monogame medan andre var bigamistar. Me hadde sterk konkurranse med forskarar ved Uppsala universitet, som også gjerne ville finna svaret på det spørsmålet. Dei meinte at bigami hos svartkvite flugesnapparar hadde som grunnlag at hannen var utru med ho nummer 2, og at ho ikkje visste at hannen hadde ei frå før.

- Me tok derimot utgangspunkt i eit meir moderne kvinneperspektiv, og tenkte at dei neppe kunne vera så dumme. Ho nummer 2 til ein hann får nemleg mindre hjelp med ungane enn ho nummer 1. Difor er det best for ei ho å finna seg ein ungkar.

- Forsøka våre viser at dei som har rolla som ho nummer to, absolutt er klar over at hannen har ei førstekone, men dei gjer det likevel for at dei skal kunna få hekka i det heile tatt. Viss forholda er gode, så kan ei ho få 5 til 6 ungar på ein sesong med denne utru hannen. Hoa hos denne arten kan klara å fostra opp ungane åleine, om forholda er gode. Det klarer ikkje kjøtmeisene. Difor er dei monogame. Så om hannen blir tatt av ein sporvehauk, vil ungane døy, fortel han.

- Læring er viktigare enn art

No er han i gang med eit forskingsprosjekt som ser på læring i høve til miljøet. Slagsvold og forskarkollegaene hans vil finna ut om miljø eller arv er viktigast.

- Me har funne ut at læring er mykje viktigare enn å tilhøyra same art. Tidlegare trudde me at attkjenning av eigen art var så viktig at det var medfødd og sat i genane. For å finna ut meir om det, la me egg frå kjøtmeis i eit blåmeisreir. Kjøtmeisungen blir då fostra opp av blåmeisparet og kjøtmeisa blir også seksuelt tiltrekt av blåmeis. Ja, denne kjøtmeisa syng også blåmeissongen. Det viser at det er lært og ikkje eit resultat av arv, seier Slagsvold.

Og han har oppdaga at det ikkje er det einaste dei lærer av fosterforeldra sine.
- Dei lærer også å søkja etter mat. Medan kjøtmeisene vanlegvis leitar etter mat på eller nær bakken, vil ei kjøtmeis som er fostra opp av blåmeis, hengja høgt i trea og finna mat der. Det viser at det er den arten dei veks opp hos, som er viktigast for kva føde dei tar til seg, slår han fast.

No vil desse forskingsresultata bli ein del av pensum for alle i verda som får undervisning i biologi og økologi.

- Folk synest dette er spennande stoff, ikkje minst når dei får vita at miljøet også kan ha ein del å seia for kva partnar eit menneske føretrekkjer. Det har nemleg vist seg at adopterte jenter føretrekkjer kjærastar som liknar på adoptivfaren av utsjånad, men berre dersom han har vist dei stor omsorg.

- Klimaendringane kan påverka fuglebestanden

For tida er Slagsvold oppteken av kva klimaendringane gjer med fuglebestanden.

- Så langt har me observert at talet på kjøtmeiser og blåmeiser har gått fram, medan talet på svartkvit flugesnappar har gått tilbake. Grunnen til at talet på kjøtmeiser og blåmeiser aukar, kan vera mildare vintrar. Den svartkvite fuglesnapparen overvintrar i Afrika sør for Sahara, og grunnen til at den går tilbake, kan ha noko å gjera med klimaendringane i det området. Det kan også skuldast feil "timing" av når den kjem til Noreg og når den hekkar her etter at klimaet og dermed insektlivet er blitt endra, trur han.

Som fugleforskar er Slagsvold godt nøgd med at han har fått finansiert den forskinga han har halde på med.

- Eg har fått god økonomisk støtte til grunnforskinga mi både frå UiO og Forskingsrådet. No blir det løyvt for lite pengar til fri forsking samanlikna med det som blir gitt i nabolanda våre. Personleg trur eg grunnen kan vera at Noreg er ein ung kulturnasjon. Det er berre vinteridrett og fotball som er det store i dette landet.

- I forskargruppa mi er det mange forskarar som må slutta fordi dei ikkje får faste stillingar. Difor går dei frå prosjekt til prosjekt, men når dei etablerer seg med familie, vil dei gjerne ha fastare stillingar. Folk synest det er flott med forsking, men det ser ikkje ut til at dei er villige til å betala det som det kostar, slår han fast.

Spring maraton

Sjølv om han synest idrett får for mykje pengar i høve til forsking i Noreg, så er det nettopp det han koplar av med, når han treng eit avbrot frå forskinga.

- Både kona mi og eg spring maraton, me deltek både i Vasaloppet og i Birkebeinarrennet. Og dessutan spelar eg på hockeylaget til Bedriftsidrettslaget. Eg er blant dei eldste på old boys-laget. Så ofte eg kan, går eg også på fisketur med ungane i fjellet.

Emneord: Forskning, Universitetets priser Av Martin Toft
Publisert 25. aug. 2008 13:22 - Sist endra 10. des. 2008 14:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere