- Ein av grunnane til at det er fornuftig med internhusleige er at det tvingar einingane til å tenkja areal, før dei tenkjer på å utvida aktivitetane, seier rektor Geir Ellingsrud til Uniforum. - Dei siste åra har eg sett arealsituasjonen frå den andre sida, og då endar ofte rekningane for ei arealutviding hos Sentraladministrasjonen. Det vil seia at heile universitetet må vera med og betala rekninga til dei einingane som vil utvida aktivitetane og treng meir plass. I framtida må dei ta denne rekninga sjølv, understrekar Ellingsrud.
Det var nettopp punktet om arealdisponering med prising av kontor, laboratorium og andre rom ved UiO, som det var størst debatt om, før framlegget til ny intern finansieringsplan kom opp i Universitetsstyret tysdag i denne veka.
Medan alle røysta for prinsippa om å innføra ein modell der store eksperimentelle miljø blir meir synlege enn før og at Universitetsstyret tar over heile finansieringsansvaret for verksemda til Universitetsbiblioteket, var det fire styremedlemar som gjekk imot forslaget om å innføra internhusleige ved UiO. Det var studentrepresentant Thomas Tallaksen og representantane Johanne Sundby, Kristian Mollestad og Kristin Bliksrud Aavitsland. Dermed blei forslaget vedtatt.
Ikkje effektiv nok
Bakgrunnen for at universitetsdirektøren vil innføra ei slik ordning, er at dagens ordning ikkje er effektiv nok. I dag fungerer arealdisponeringa ved UiO slik at fakulteta, institutta og avdelingane er blitt tildelte ein sum lik den summen det er rekna ut at dei må betala inn i husleige til Teknisk avdeling. Det skjer gjennom budsjettfordelinga.
Men etter det som står i saksframlegget frå universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe har ikkje denne ordninga ført til ein meir effektiv bruk av areala til universitetet. Den har berre vist fram arealkostnadene for kvar eining.
I samband med innføringa av den nye finansieringsmodellen foreslo universitetsdirektøren å endra modellen for arealdisponeringar og arealkostnader, slik at tildelingar ikkje lenger skal øyremerkjast. Formålet med endringa er å gi einingane større handlingsrom lokalt, står det i sakspapira.
Den summen einingane tidlegare fekk til husleige, skal frysast på 2008-nivå, men blir ikkje lenger øyremerkt. Midlane vil gå inn som ein del av fleire element i finansieringsmodellen.
Kostnadene knytte til arealdisponering vil avspegla reelt forbruk. Einingane vil betala for dei areala dei faktisk disponerer, heiter det.
Vil ikkje bli dyrare enn i dag
Dei same betalingsordningane som i dag skal oppretthaldast. Og dersom einingane framleis held seg i dagens lokale, og dersom prisen på areala blir halden stabil, vil det ikkje gi økonomiske konsekvensar for einingane, garanterte universitetsdirektøren i forslaget til vedtak.
Det blir lova at einingane sjølve kan få sitja igjen med den økonomiske gevinsten, dersom dei sjølve reduserer areal. Føresetnaden er at andre einingar overtar det arealet den første eininga forlet.
Om einingane ynskjer å auka areala sine, må dei sjølve dekkja meirkostnaden ved dette. Men dersom det er større endringar som er vedtatt av UiO, som til dømes bruk av PO-bygningen, ja, då må styret finansiera endringa. Når det gjeld endringar i studentareal, må dei godkjennast av universitetsdirektøren i kvart enkelt tilfelle.
- Treng meir plass
Dei største fagforeiningane ved UiO, Forskarforbundet, NTL, Parat og Akademikarane gjekk før avgjerda i Universitetsstyret beinhardt imot å innføra internhusleige ved UiO. NTL-leiar Ellen Dalen og NTL-styremedlem Ulrik Sverdrup målbar på vegner av alle organisasjonane kritikken i Uniforum.
- Det er paradoksalt at universitetsdirektøren vil innføra internhusleige når det største problemet i dag er at folk på UiO treng meir plass. Me meiner at internhusleige er ei form for kvasimarknad som skaper eit ekstra byråkrati utan at det løyser UiOs problem. Eit slikt system vil føra til ein kultur der folk er meir opptekne av å spara areal enn av dei faglege aktivitetane. Det fører til at arbeidsmiljøet både til studentane og dei tilsette blir øydelagt, understreka Dalen og Sverdrup.
Den nye interne finansieringsmodellen blir tatt i bruk frå budsjettåret 2009.
Logg inn for å kommentere